Rasmusgarden, nordre gnr. 22 bnr. 5
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Rasmusgarden, nordre gnr. 22 bnr. 5-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Myljo Opheim vart delt i Rasmusgarden og Embriksgarden kring 1695. Og i 1897 vart Rasmusgarden delt i nordre og søre. Då tunet i søre Rasmusgarden vart flytta, vart det liggjande lågare enn det nordre tunet. Såleis vert det no sagt 'nedre Rasmusgarden' om søre, og 'øvre Rasmusgarden' om nordre.
    Areal 1865: åker 69 mål; naturleg eng 47 mål; utslått 109 mål. Avling 93 tunner bygg og 75 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 160 mål, anna jbr. 40 mål, prod. skog 800 mål, anna utm. 400 mål. Leigd jord 30 mål. Buskap: 23 mjølkekyr, 40 ungdyr.
    Det gamle tunet i Rasmusgarden ligg like ova bygdevegen. Her er stugu; loft (truleg frå 1500-talet, freda, rosemåla av Truge Gunhildgard); stolphus (tidleg 1700-tal); låve og badstugu. Eit gamalt fotografi viser at det var to staselege loft på Rasmusgarden, det andre loftet må vera det som no står i søre Rasmusgarden.
    I 1979 vart eigedomane 22/13, /94 og /110 samanføyde med Rasmusgarden, og nytt tun vart bygd oppe på eigedomen Bakken: Våningshus bygt 1988, kårhus 1970, driftsbygning 1976, stabbur 1979. Stugu i Rasmusgarden vert leigd bort.
   
{1270} År: 1770
Steingrim Rasmusson Opheim 1742-1789
Foreldre: Rasmus Oleivson Rasmusgarden Opheim og Guri Holgesdtr. Ruud.
Gm Guri Olsdtr. #Sletto Opheim Rasmusgarden 1749-1780
Foreldre: Ola Helgeson Hamarsbøen Søre Sletto i Hol og Birgit Olsdtr. Brattåker. (Hol V s 257)
Gm Kari Halvorsdtr. SundreMoen Opheim 01.11. 1756-1820
Foreldre: Halvor Syverson Moen Helling og Gunhild Persdtr. ... .
*Barn i fyrste ekteskap
1. Rasmus Steingrimson Opheim 27.03. 1774-1851
G 1795 m Margit Syversdtr. Barskrind. G 1821 m enkje Guri Knutsdtr . Helling Søre Svarteberg.
2. Ola Steingrimson Opheim 29.11. 1778-1780f
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Steingrimsdtr. Opheim 29.10. 1786-1811
G 1808 m Lars Syverson Helling. Guri døydde barnlaus på Opheim. Lars kom sidan til Stavehaugen.
2. Guri Steingrimsdtr. Opheim Medhushagen 13.09. 1789-1863
G 1821 m Ola Oleivson Bråten Medhushagen, gnr. 21/13.
Steingrim overtok halve garden Rasmusgard frå 1770 og utover. Noko var arv etter faren og noko løyste han hjå broren Sander. NB. Morsarven som stod i garden, vart 1789 om lag selt til Ola Rasmusson. Såleis dreiv brørne Steingrim og Ola Rasmusson jamsides ei tid.
    Som nygifte bygsla Steingrim og Guri plassen søre Vestreim i Kvisla. Det var skifte etter Guri i 1780. Rasmus var 6 år. Buet var 72 rd. På skiftet etter Steingrim 10. oktober 1789 var det 284 rd å dele. Plassen Opheimsjorde var bygsla bort til Ola Olson Opheimsjorde. Ein Knut Olson kom på skiftet og påstod at Steingrim hadde brote opp ein åker som tilhøyrde bygselgarden Opheim, men dette kjende ikkje arvingane til. Syskena til Steingrim kravde inneståande arv i plassen Opheimsjorde, men dette vart benekta av stemora Kari Halvorsdtr., som gifte seg opp att 1793 med Botolv Embrikson Opheim Embrikstugu.
    I 1801 kom tre menn frå forlikskommisjonen for å sjå på eit steingjerde som Steingrim hadde sett opp. Grannen Torkjell Olson Opheim meinte at Steingrim hadde køyrt bort av åkerjorda hans. Det vart bestemt at den av partane som hindra semja, skulle betale 20 rd til Ål Fattigkasse i bot.
   
{1271} År: 1789
Ola Rasmusson Opheim 02.07. 1765-1837
Foreldre: Rasmus Oleivson Rasmusgarden Opheim og Guri Helgesdtr. Ruud.
Gm Margit Knutsdtr. Ransedokken Opheimåsen? 1764-1808
Foreldre: Knut Olson Eidsvall Ransedokken og Anne Embriksdtr. Nedrebråten, Gol.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Opheim Haugo 1790-
G 1816 m Ola Syverson Sørbøen Haugo. Sjå Haugo, gnr. 22/3.
2. Rasmus Olson Opheim Bringaker 1792-1875
G 1815 m Else Reiersdtr. ... 1788-1820. Barn: Inger Maria 1815-1872 gm Nils Hansen Bråten (8 barn); Anne 1817-1884 gm Nils Gundersen Bråten (3 barn); Else Maria 1820-1820.
    G 1822 m Anne Maria Olsdtr. ... 1795-1854. Barn: Else Maria 1822- ; Knut 1825-1901 på Bringaker, gm Kristiane Marie Andreasdtr. Hverven (6 barn); Olea 1828-1881 til Canada, g 1848 m Niels Nielsen frå Sverige (7 barn); Ole 1832-1857; Hans 1835-1893; Else 1838-1911 g 1861 m Johan Johansen på Berg i botne (7 barn).
    Til Bås i Botne, seinare Bringaker. (1077) s 30, (epost F. Kolberg)
    Rasmus kom visst nok til Botne med ei fedrift frå Telemark.
    I 1820 bygsla Rasmus ei stugu hjå Jakop Hansen Bringaker i Botne.
3. Oleiv Olson Opheim Velta 02.03. 1794-1870
G 1816 m Margit Aslesdtr. Holto Øyen 1790- . Sjå Ransejordet. Sidan til Velta i Gol.
4. Anne Olsdtr. Opheim Ruud 22.05. 1796-1879
G 1826 m Eilev Olson Arnegard Noss Ruud. G 1847 m em Syver Syverson Storedal.
5. Haldis Olsdtr. Opheim Møllerplass 1799-1859
G 1844 m Ola Olson Møllerplass, Gol 1790-1847. Ingen barn.
    Barn m/Nils Olson: Knut 1828- , sjå barnebarn.
6. Randi Olsdtr. Opheim 20.12. 1801-____
7. Ola Olson Opheim 11.05. 1806-
*Barnebarn
1. Knut Nilsson Opheim 12.02. 1828-
G 1866 m enkje Guri Torsdtr. Gjerdingane, Gol. Dei budde fyrst i Gjerdingane i Gol, reiste så til Am.
    Foreldre: Nils Olson Opheimsrudningen med Haldis Olsdtr. Opheim Møllerplass, Gol.
Ola og Margit gifte seg i 1789. Truleg er dette den Ola Rasmusson som skaut ein ulv ved plassen Øyen vinteren 1789.
    Ola fekk skøyte på mora sin del i garden i 1789. Pris: 530 rd. (inkl. odelsrett til broren Oleiv).
    Foreldra til Margit, Knut og Anne, bygsla ein plass som kår på Opheim i 1792. Sjå Ranseplassen.
    Ola og Margit 'tok inn' foreldra til Margit på kår i 1792, avtala slik at dei skulle overta ein del dei hadde i garden.
    I 1798 vart Ola innklaga til forlikskommisjonen for ein åker-handel med Ola Olson Lien. Avlinga på åkeren hadde Ola sagt å skulle vera 2 tunner korn. Men kjøparen fekk ikkje meir enn 1 tunne og 12 settung. ( Dvs. det vanta omlag 6 settung). Semje: 6 settung korn eller pengar til klagar. (1407) 24
    I 1800 klaga mora over manglande kår. Ho fekk korkje tobakk, humle eller salt. I 1800 selde Ola Rasmusson 4 1/2 lb. i garden til Holge Gåsterud, men Rasmus Steingrimson kjøpte dette attende til hans del i garden same år. Sjå Rotebakke.
{1272} År: 1789c
Rasmus Steingrimson Opheim 27.03. 1774-1851
Foreldre: Steingrim Rasmusson Opheim Rasmusgarden og Guri Olsdtr. søre Sletto (Hol).
Gm Margit Syversdtr. Sørbøen Opheim Rasmusgarden 19.03. 1775-1817
Foreldre: Syver Danielson Sørbøen Barskrind og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Guri Knutsdtr. Helling Svarteberg 09.08. 1771-1841
Foreldre: Knut Solveson Helling og Birgit Ivarsdtr. Rotneim. Guri var enkje etter Knut Håkonson Søre Svarteberg.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Rasmusdtr. Opheim Medhus 01.11. 1795-1875
G 1813 m Nub Mikkelson Medhus.
2. Steingrim Rasmusson Opheim 01.11. 1797-1824
Ugift. Han var sjukleg frå barndommen ('Men mangler intet på forstandens brug' ). I 1820 fekk Steingrim kår i staden for arv.
3. Syver Rasmusson Opheim 10.03. 1799-1837
G 1825 m Gunvor Holgesdtr. Tufte. Sjå neste hushald.
4. Birgit Rasmusdtr. Opheim Svarteberg 20.09. 1801-1886
G 1821 m Ola Torsteinson Svarteberg.
5. Ola Rasmusson Opheim 08.01. 1804-1829
Ugift.
6. Birgit Rasmusdtr. Opheim Løken 02.03. 1806-1892
G 1827 m Svein Halvorson Løken, Hemsedal. Barn: Margit 1828-1904 ug.; Halvor 1831-1914 g 1870 m Kari Endresdtr. Ulsåker Løken (5 barn); Rasmus 1833-1918 til Grohaugen g 1869 m Guri N. Haga, Lykkja (6 barn); Ola 1836-1860 ug.; Kari 1839-1923 g 1863 m Knut K. Markegård (10 barn); Syver 1841-1912 farmar i MN - gm enkje Ingeborg G. Padderud/Rasmusson (9 barn); Lars 1844-1902 farmar i MN gm syskenbarnet Birgit H. Opheim 1846-1932; Guri 1848- . (1345)
7. Eirik Rasmusson Opheim Underåsen 28.03. 1808-1864
Barn: Marte 1831- med Kari Knutsdtr. Opheim Garden. G 1833 m Rangdi Olsdtr. Sørbøen. Sjå Underåsen, gnr. 22/9.
8. Anne Rasmusdtr. Opheim 12.08. 1810-____
Truleg død ung.
9. Lars Rasmusson Opheim Eikre 03.09. 1811-1844
G 1837 m Kari Ivarsdtr. Eikre 1819-1905. Barn: Ivar 1838- overtok Rotebakke i 1845, selde ut garden - kom til Embrikstugu 1867 og til Åsegard i 1879; Rasmus 1839- ; Rasmus 1842- overtok Eikre, sjå Hems s 43; Margit 1845-1912 gm Per Markegård 1835-1895. (Hems. s 113)
    Kari vart attgift 1847 m Arne Olson Hodnungset (Sjå Hems. s 42) Om friinga til Arne står det i Hemsedalsboka s. 43.
    Lars Rasmusson Opheim Eikre kjøpte Rotebakke i 1840. Død 1844 som gardmann og gravlagd på Torpo. Som enkje flytte Kari Ivarsdtr. heim att til Eikre og overtok der.
10. Anne Rasmusdtr. Opheim 02.02. 1815-1893
G 1835 m Halvor Torkjellson Garden Opheim, gnr. 22/1.
Rasmus og Margit gifte seg i 1795. I 1798 vart Rasmus og Margit stevna til møte i forlikskommisjonen. Margit hadde overfalle Torjus T. Rime på "voldsom måde" då han i lovleg ærend kom til deira hus våren 1798. (1407) s 18
    I 1800 selde Ola Rasmusson 4 1/2 lb. i Rasmusgarden til Holge Gåsterud, men Rasmus Steingrimson kjøpte dette attende til hans del i garden same år.
    I 1807 makeskifta Rasmus tre mål åker med bonden på Nordre Opheim. Desse åkrane hadde lege noko ulagleg til for båe. Etter makeskiftet vart det betre.
    I 1809 bygsla dei Rotebakke 4 1/2 lb. på livstid. Dvs. dei overtok bygsla som Ola Rasmusson var frådømt. (1536)549
    I 1815 kjøpte Rasmus plassen Underåsen og slåtta Åse-slåtta for 1183 rbd. I 1824 fekk Rasmus skøyte frå kong Carl Johan (etter Lov om benifisert gods) på garden Opheim 4 1/2 lb., som var selt på offentleg auksjon for 300 spd. Årlege avgifter heldt fram som før: 1 tunne 1 fjerding bygg, 2 mælar bygg in natura, 6 skippund kornrente. (1537)53b
    Rasmus og Margit bygsla bort mange plassar. I 1812 bygsla han bort nokre jordstykke på livstid til Ola Person og Anne Halvorsdtr. Leige 1 rd.
    I 1821 bygsla han bort nokre jordstykke øvst i Hestehagen til Knut Nilsson og Birgit Jørgensdtr. på livstid. Grunnleige: slått av 16 mål på stølen og 24 mål heime på garden.
    Det var 1909 spd å dele etter Margit i 1820. Kjøpmann E. Børresen i Drammen hadde 450 spd krav i buet. Dette skreiv seg frå ein hestehandel som Rasmus hadde kome opp i med hjelp av svigersonen Nub Medhus. Rasmus fekk ein motviljug Nub til å dekke halve tapet her.
    I 1821 gifte Rasmus seg opp att med enkja Guri Knutsdtr. Helling Svarteberg. I buet etter Rasmus var lausøyret 326 spd, og uteståande krav 3850 spd (pengeutlån). Rasmus var kalla 'Rike-Rasmus'.
{1273} År: 1823
Syver Rasmusson Opheim 10.03. 1799-1837
Foreldre: Rasmus Steingrimson Opheim Rasmusgarden og Margit Syversdtr. Barskrind.
Gm Gunvor Holgesdtr. Tufto Opheim Rasmusgarden 21.04. 1805-1870
Foreldre: Holge Sanderson Sire og Margit Olsdtr. Barskrind.
*Barn
1. Rasmus Syverson Opheim 18.12. 1825-1870
G 1853 m Guri Eilevsdtr. Nubgarden. Sjå 1849-hushaldet.
2. Margit Syversdtr. Opheim 30.01. 1827-1827
3. Margit Syversdtr. Opheim Medhus 24.09. 1828-1918
G 1855 m Knut Olson Medhus.
4. Margit Syversdtr. Opheim Leikvoll 02.05. 1830-1909
G 1849 m Halvor Halvorson Bråten Leikvollo. Til Am. i 1885: Petersburg, ND.
5. Guri Syversdtr. Opheim Helling 03.03. 1832-1912
G 1852 m Henrik Syverson Søre Helling.
6. Helge Syverson Opheim OpheimsJordet 25.11. 1833-1903
G 1865 m Kari Halvorsdtr. Opheim Garden.
7. Birgit Syversdtr. Opheim Haugo 16.05. 1835-1924
G 1860 m Halvor Solveson Haugo.
8. Sissel Syversdtr. Opheim Barskrind 25.11. 1836-1927
Barn: Margit 1857- m Ola Larsson Ruud. Sjå barnebarn.
    G 1858 m Sander Kitilson Barskrind.
*Barnebarn
1. Margit Olsdtr. Barskrind Nyhus 15.07. 1857-
Gm Hermann Hermannson Nyhus 1857-1925. Ingen barn. Adoptivbarn: Sissel Tolleivsdtr. Hagen 1904- . Til Am. i 1880: Waukon, MN. Dei flytte til Drammen etterkvart. Margit døydde kring 1920.
    Foreldre: Ola Larsson Ruud og Sissel Syversdtr. Rasmusgarden Opheim Barskrind.
Syver og Gunvor gifte seg i 1825. Syver fekk skøyte på Opheim (11 3/4 lb.) i 1823 for 1800 spd og kår. (1537)53
    På skiftet etter Syver i 1838 rekna dei at 9 tønner såkorn var nok utsæd til garden. I tillegg vardet 5 tønner såkorn som kunne seljast.
{1274} År: 1841
Gunvor Holgesdtr. Tufto Opheim Rasmusgarden 21.04. 1805-1870
Foreldre: Holge Sanderson Sire og Margit Olsdtr. Barskrind.
Gm Ola Olson Garnås Opheim Lien 27.04. 1808-1878
Foreldre: Ola Levorson Garnås og Kristi Olsdtr. ... , Nes.
*Barn
1. Astrid Olsdtr. Opheim Barskrind 04.01. 1842-1911
G 1861 m Embrik Olson Nordre Barskrind, gnr. 19/3.
2. Kristi Olsdtr. Opheim Sundre 27.11. 1843-1930
G 1866 m Anders Olson Bjella Sundre, gnr. 110/47.
3. Syver Olson Opheim Medhus 31.12. 1844-1923
G 1866 m Margit Sevatsdtr. Vesledalstugu Opheim. Sjå Øvre Medhus.
4. Anne Olsdtr. Opheim Medhus 16.04. 1847-____
G 1868 m Mikkel Nubson Medhus. Til Am. i 1885.
Gunvor gifte seg opp att med enkjemann Ola Olson Garnås Lien i 1841. ("Liamannen"). Det vert fortalt at Gunvor la sal på hesten, og reid opp til Lien og fridde til Ola Olson. Ola Olson selde Rasmusgarden til stesonen, og flytta til Øvre Medhus i 1848.
    Ola Olson delte frå Storeåkeren som var komen frå Embriksgarden, skogremmen Vestremmen som var komen frå Rotebakke, og ein skogrem til. Desse eigedomane vart samanslegne med Øvre Medhus.
    Liamannen skal ha vore ein ivrig fiskar. Ein gong kom han i knipe i Økno under fisking. Ola gjekk i land på ein holme, men passa ikkje på så flåten hans dreiv av. Dermed måtte Ola vera på holmen til neste dag. Oleivs-Halvor fortalde det slik: 'Han var so heldig at det kom ein jævel forbi som skulle på Fekjan og slå finntopp'.
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
{1275} År: 1849
Rasmus Syverson Opheim 18.12. 1825-1870
Foreldre: Syver Rasmusson Rasmusgarden Opheim og Gunvor Holgesdtr. Tufte.
Gm Guri Eilevsdtr. Nubgarden Opheim 14.06. 1835-1906
Foreldre: Eilev Nilsson Nubgarden og Ragnhild Halvorsdtr. Medhus.
*Barn
1. Gunvor Rasmusdtr. Opheim 24.09. 1854-1927
G 1877 m Knut Halvorson (Garden) Opheim, gnr. 22/8.
2. Syver Rasmusson Opheim 05.03. 1856-1932
Ugift. Syver arbeidde på garden og budde i våningshus nr. 2 i 1900.
3. Ragnhild Rasmusdtr. Opheim 26.03. 1858-1859
4. Ragnhild Rasmusdtr. Opheim Torpehagen 20.12. 1859-1888
G 1885 m Ola Sevatson Opheim Torpehagen.
5. Eilev Rasmusson Opheim 13.06. 1861-1940
G 1895 m Rangdi Rasmusdtr. Underåsen. Sjå neste hushald.
6. Rasmus Rasmusson Opheim 03.12. 1863-1947
G 1893 m Guri Nilsdtr. Helling. Sjå Nedre Rasmusgarden, gnr. 22/79.
7. Nils Rasmusson Opheim Bakken 06.02. 1866-1930
Ugift. Sjå HakkeBakken, gnr. 22/5b.
8. Margit Rasmusdtr. Opheim Larsehagen 20.10. 1868-1941
G 1892 m Knut Olson Opheim Karigarden-Larsehagen.
Rasmus og Guri gifte seg i 1853. Rasmus var soldat og postførar i 1848.
    Rasmus gjekk bort i 1870.
    I 1877 bygde Guri ny stugu på garden. ('Dette hus er Bekostet af Guri Ellefsdtr. Opheim i 1877.') Guri delte garden i to omtrent like store gardar, og skøytte over til sønene Eilev og Rasmus i 1897.
{1276} År: 1897
Eilev Rasmusson Opheim 13.06. 1861-1940
Foreldre: Rasmus Syverson Garden Myljo Opheim og Guri Eilevsdtr. Nubgarden.
Gm Rangdi Rasmusdtr. Underåsen Opheim 31.01. 1872-1951
Foreldre: Rasmus Eirikson Underåsen og Kari Håkonsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Guri Eilevsdtr. Opheim 12.09. 1895-1910
Ho døydde av difteri.
2. Kari Eilevsdtr. Opheim Hefte 26.03. 1898-1985
G 1925 m Ola Jonson Hefte. Sjå eige hushald.
3. Rasmus Eilevson Opheim 27.10. 1900-1910
Han døydde som liten av difteri.
4. Rasmus Eilevson Opheim 15.01. 1903-1980
Sjå neste hushald.
5. Ragnhild Eilevsdtr. Opheim 10.11. 1905-1910
Ragnhild hadde fallesjuke.
6. Eirik Eilevson Opheim 22.02. 1908-1995
Ugift. Han hadde Hakke-Bakken, gnr. 22/5b og hjelpte broren med Rasmusgarden.
7. Guri Eilevsdtr. Opheim 15.10. 1911-1992
G 1933 m Eirik Eirikson Opheim. Sjå Vesledalstugu, gnr. 22/15.
8. Ragnhild Eilevsdtr. Opheim Rotebakkdokken 06.05. 1914-1983
G 1942 m Ola O. Rotebakkdokken. Sjå Dølahaugen, gnr. 22/231.
Eilev og Rangdi gifte seg i 1895. Han var døypt Ellef og brukte det namnet.
    Eilev fekk skøyte på garden i 1897. Broren Rasmus fekk den andre halvparten av farsgarden. Det vart bestemt at båe brørne skulle koste husa på den nye garden.
    Eilev bygde driftsbygning i 1924. Rangdi var flink til å halde kontakt med slektningane, særleg i Amerika. Ei samling på vel 100 brev er teke vare på.