Ransejordet gnr. 22 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ransejordet gnr. 22 bnr. 5a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ransejordet var ein husmannsplass under Rasmusgarden. Trettegjøta var noko av jordvegen. Ein kjenner ikkje til at plassen var busett før nokre kårfolk frå Ransedokken i Gol kom hit som kårfolk i 1792.
    Plassen Ransejordet er ikkje nemnt etter 1820 eller i husmanns-manntalet frå 1830-åra. Truleg vart plassen nedlagd.
   

{1280} År: 1792

Knut Olson Ransedokken Ransejordet 1734-
Foreldre: Ola Knutson Eidsgard Eidsvall og Brynhild Embriksdtr. Breidokk, Gol.
Gm Anne Embriksdtr. Nedrebråten Ransedokken 1732-1817
Foreldre: Embrik Nedrebråten og ... , Gol.

Foreldra til Margit Knutsdtr. på Rasmusgarden, Knut og Anne Ransedokken (gifte 1763), bygsla ein plass som kår på Opheim i 1792. Knut bygsla dertil noko av Opheim i 1795, Trettegjøta med åkeren Haugen, og bygde opp eit lite bruk som vart kalla "Ransejordet".
    Dei skulle vidare ha eit jordeple-land (potet) og fleire grasingar, samt vanlege rettar i hamn og skog. (1259) s 21
    Margit døydde i 1817, og dottersonen overtok plassen Ransejorde.

{1281} År: 1816

Oleiv Olson Opheim Velta 02.03. 1794-1870
Foreldre: Ola Rasmusson Rasmusgarden og Margit Knutsdtr. Ransedokken.
Gm Margit Aslesdtr. Holto Velta 10.10. 1790-1837
Foreldre: Asle Nilsson nordre Holto og Gro Eiriksdtr. Holto.
*Barn
1. Knut Olson Ransejordet Hjelmen 26.01. 1817-1901
G 1844 m Kari Olsdtr. Nyhusmoen. Barn: Ola 1842-1845; Margit 1844-1926 g 1874 m Ola Håkonson Gjesthaugen (6 barn); Ola 1846-1932 g 1882 m Birgit Sveinsdtr. Udnerberget; Oleiv 1849-1934 g 1881 m Ingrid Halvorsdtr. Opheimsjorde; Asle 1852-1852; Asle 1854-1928 gm Gunhild Sevatsdtr. Botten, g 1886 m Guri Ivarsdtr. Skjellingsstugu; Asle 1856-1931 g 1884 m Ambjørg Håkonsdtr. Øygarden. (Gol V s 320)
    Knut kom til Hjelmen i Gol. Han var timremann og laggar. Sjå meir under Kari Olsdtr. under gnr. 19 bnr. 17 1813-hushaldet.
2. Margit Olsdtr. Øyen Ellingbråten 18.01. 1819-1898
G 1847 m Ola Olson Ellingbråten, Nes.

Barn fødde utanfor Ål: Asle 1821-1833; Ola 1823-1908 g 1858 m Margit Mikkelsdtr. Høle; Ola 1826- 1912 g 1852 m Anne Olsdtr. Turkop, Gol; Håkon 1828-1901 til Rueslåtten i Hol, g 1854 m Ågot Eilevsdtr. Toreplassen; Gro 1830-1862 g 1855 m Knut Steinarson Sjåheim; Anne 1833-1905 g 1870 m Martin Larsen frå Tune, gm Nils Pedersen busett i Kr.ania.
    Oleiv og Margit gifte seg i 1816. Husmann i Ransejordet under Opheim i 1817, frå 1821 på Rotneimsøyen og frå 1823 på Velta i Gol. Sjå Gol V s 364
    Oleiv gifte seg opp att 1841 med Kari Torsdtr. Bakketeigen. Ingen barn.