HakkeBakken gnr. 22 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

HakkeBakken gnr. 22 bnr. 5b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bakken var også kalla Nedre Bakken eller Hakkebakken frå gamalt. I 1909 vart plassen frådelt som Bakken bnr. 110. I 1979 vart Bakken slegen saman med bnr. 5 att.
    I 1960 hadde Bakken 15 mål dyrka jord, 10 mål udyrka og 50 mål skog. Eigdedomen vart driven under Rasmusgarden.
    I Eirik Syverson Opheim si 'Hendelsesbok' står fylgjande: Ein vår vart det borte eit barn i Hakkebakken. Ola Olson .. heitte han og vingla seg bort. Fyrst neste vår fann dei han nord i Brennebakkane. (1016) s 49
   

{1282} År: 1852

Torkjell Knutson Medhushagen Bakken 23.10. 1817-1903
Foreldre: Knut Nilsson Medhushagen og Birgit Jørgensdtr. Hellingberget.
Gm Ingrid Torkjellsdtr. Opheimshaugen Bakken 21.06. 1824-1903
Foreldre: Torkjell Embrikson Embriksgarden Opheim Opheimshaugen og Birgit Olsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Birgit Torkjellsdtr. Bakken 04.12. 1846-1932
Ugift. Barn: Nils 1876-1933. Sjå barnebarn.
2. Knut Torkjellson Bakken 15.02. 1849-1920
Ugift. Dagarbeidar.
3. Birgit Torkjellsdtr. Bakken Haugo 19.12. 1851-1940
G 1884 m Ola Halvorson Haugo, gnr. 22/53.
4. Torkjell Torkjellson Bakken 19.01. 1855-1858
5. Guri Torkjellsdtr. Bakken Karlsen 26.12. 1857-
Gm Anders Karlsen. Barn: Ingrid ....- på Skotsmoen på Hokksund; Karl ....- kommunearbeidar på Burud, gm Marta ... (6-7 barn); Rosa ....- gm Hermann Halvorsen, Drammen; Gunvor ....- gm O. Åsand på Kongsberg; Vilhelm ....- på Skotsmoen på Hokksund.
    Guri og Anders budde truleg på Skotsmoen under Hoen i Øvre Eiker.
6. Torkjell Torkjellson Bakken Opheimsøyen 06.12. 1860-1939
Ugift. Han gjekk på ymse dagarbeid og vart kalla "Vesle-Torkjell". Budde i Opheimsøyen, gnr. 22/90.
7. Turid Torkjellsdtr. Bakken 24.11. 1863-1879
8. Nils Torkjellson Bakken 28.11. 1866-1931
Ugift. Han vart kalla "Store-Nils". På sine gamle dagar budde han i eldhuset i Smøget. Der samlast lauskarane om kveldane.
9. Ingeborg Torkjellsdtr. Bakken Slettebakken 26.03. 1871-1931
Barn: Torkjell 1897-1987, sjå barnebarn. G 1902 m Henrik Olson SletteBakken, gnr. 20/17.
*Barnebarn
1. Nils Olson Bakken 03.03. 1876-1933
G 1910 m Birgit Larsdtr. Teigen. Sjå Rudningen bnr. 93.
    Foreldre: Ola Henrikson Lauvdokken, Gol (ungkar) og Birgit Torkjellsdtr. Bakken.
2. Torkjell Kolbjørnson Bakken Kolbjørnsen 03.11. 1897-1987
G 1934 m Ingeborg Olsdtr. Underåsen. Sjå under jarnbane-hushald.
    Foreldre: Kolbjørn Eirikson Sando (ungkar) og Ingebjørg Torkjellsdtr. Hakkebakken Slettebakken.

Torkjell og Ingrid gifte seg 1846. Torkjell var husmann med jord.