Utluteigen gnr. 22 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Utluteigen gnr. 22 bnr. 5d

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

NB. Oppkonstruert gards- og bruksnummer. Utluteigen eller Opheimsjorde 'er rein oppsamling av uplasserte Opheimsjorde-folk. Fleire familiar vart skrivne Opheimsjorde enn dei som kan plasserast på Opheimsjorde, Rasmusjorde, Ransejorde, Jorde, Skomakerjorde og Huserjorde.
    Minst ein plass 'oppå jordo' må ha vorte borte. Truleg smuldra den opp utan at dei kosta på tinglysing og lakkstempel. Kanskje heitte den 'Utluteigen' i bygdetale ei tid?
    I 1791 fekk Håkon Olson skøyte på plassen Utluteigen. I 1800 skreiv Forlikskommisjonen 'Pladsen Ophemsjorde eller Utliuetegen'.
    I kyrkjeboka står det oftast 'Opheimsjorde'.
   

{1288} År: 1791

Håkon Olson Opheim Utluteigen 08.06. 1756-1823
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Margit Larsdtr. Opheim.
Gm Turid Olsdtr. Medhus Opheimsjorde 14.11. 1756-1835
Foreldre: Ola Olson Stave Medhus og Birgit Knutsdtr. SundreLien.
*Barn
1. Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde Sire 1787-1848s
G 1807 m Hermann Syverson Torpo Sire. Sjå Bjørøyen, gnr. 1/1 og nedre Sire, gnr. 4/28.
2. Birgit Håkonsdtr. Opheimsjorde Urden 11.10. 1789-1871
G 1816 m Arne Håkonson Storlien Urden, gnr. 2/6.
3. Ingeborg Håkonsdtr. Opheimsjorde 1792-1793c
Død liten.
4. Ola Håkonson Opheimsjorde 1794-1801f
Truleg død liten.
5. Ingeborg Håkonsdtr. Opheimsjorde Noss 1795-1879
G 1821 m Ola Tolleivson Noss Haugegarden, gnr. 119/1.
6. Embrik Håkonson Opheimsjorde 1796-
Truleg død liten.
7. Anne Håkonsdtr. Opheimsjorde Helling 23.03. 1798-1877
G 1825 m Syver Henrikson Helling. Sjå på søre Helling, gnr. 20/1.
8. Guri Håkonsdtr. Opheimsjorde Torpehagen 07.03. 1802-1885
G 1825 m Halvor Halvorson Torpehagen, gnr. 8/1.

I 1791 fekk Håkon Olson skøyte på plassen Utluteigen under Opheim hjå broren Per Olson nordre Opheim. Pris: 299 rd. Med plassen fylgde nokre myrar og ei utslåtte.
    I 1799 var eit odelskrav til handsaming i forlikskommisjonen: Det enda med at Håkon betalte 50 rd til myntlingen "Elsebet Olsdtr." som odelsløysing på Utlu-teigen. (1407)
    Dei bygsla 1800 Sire 6 lb. hjå presten. Årleg leige: 3 mælar korn. Tidlegare bygslar Per Arneson skulle ha kår. (1259) s 484b
    Turid døydde av nervefeber som kårenkje på Sire i 1835.

{1289} År: 1803

Torstein Arneson Bøygard Opheim 10.08. 1755-1832
Foreldre: Arne Person nordre Bøygard og 2.g. Guri Olsdtr. nordre Lå.
Gm Gunvor Olsdtr. Bjørøyen Opheimsjorde 08.06. 1766-1839
Foreldre: Ola Larsson Rotneimsøyen nedre Bjørøyen og Birgit Syversdtr. Bjørøyen.

Torstein og Gunvor gifte seg i 1803. Ingen barn.
    Torstein Olson Opheim selde odels- og løysingsretten for Bjørøyen for 50 rd. i 1804. Gunvor var enkje og fekk korntrygd frå 1832-35. (784)

{1290} År: 1851

Guri Olsdtr. Kølhusmoen Opheimsjorde 1826-
Foreldre: Ola Torson Kølhusmoen (Gol) og Ingrid Embriksdtr. Embriksgarden Opheim. (Guri vaks opp i Opheimshaugen då mora døydde.)
Gm Halvor Halvorson Lie Opheimsjorde 1821-1869
Foreldre: Halvor Sveinson Harabakken /Toppen/ Lie og ... , Gol.

Halvor og Guri gifte seg i 1851. Dei var inderstar i Opheimsjorde. Barn: Halvor 1850-1920 gm Ragnhild Persdtr. Huseplassen, farma ved Milnor, ND; Ingrid 1853-1898 gm Ola Larsson Sørbø, farma Garborg, Richland Co, ND; Guri 1854-1878 gm Ole Christiansen, Sande/Kongsberg(?); Ola 1858-1859; Ola 1860-1940 gm Margit Torkjellsdtr. Rallehuset, farma ved Kindred, ND; Tore 1863-1952 farma ved Kindred, ND; Tolleiv 1867-1941 gm Rangdi Knutsdtr. Sire.
    Guri brukte mykje uttrykket "Huttetu", og dette vart herma og brukt som oppnamn. Guri reiste til Amerika på sine gamle dagar. Ho døydde der borte. (Gol III s 235)