Underåsen gnr. 22 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Underåsen gnr. 22 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Underåsen eller Pergutplassen ligg vest for Lya og under åsen som dannar delet mellom Opheim og Liagardane. Stundom vart plassen også kalla Åseplassen eller Opheimsåsen. Perguten var han som bygsla plassen i 1760-åra.
    I 1810 heitte det at Underåsen ikkje var innlemma under nokon matrikulert gard. Garden var difor ikkje skyldsett, men etter ei gamal vedtekt skulle det årleg svarast 4 rd og 24 sk til "Opheims besiddere". (1536) 719b
    Underåsen var husmannsplass fram til 1815. Då vart Underåsen eller Pergutplassen seld av bøndene i Embriksgarden, Karigarden og SørPåGarden til bonden i Rasmusgarden.
    Areal 1865: dyrka jord 18,5 mål, 32 mål naturleg eng, 54 mål utslått. Avling: 18 tunner bygg og 18 tunner potet.
    I 1979 vart Øvre Underåsen bnr. 44 samanføyd med Nedre Underåsen bnr. 9.
    Areal 1995: dyrka jord 130 mål, produktiv skog 450 mål, anna utmark 150 mål. Buskap: 35 storfe, 20 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1993, driftsbygning 1934, ombygd 1982.
    Stølar: Helsingset og langstøl.
   

{1306} År: 1764

Per Halvorson ... Åseplassen 1700c-
Foreldre: Halvor ... ... .
*Barn
1. Haldis Persdtr. Opheim 1725c-
Foreldre: Per ... .

Per Halvorson var gift, men kona er ikkje kjent. I 1762 var han inderst/husmann under myljo Opheim. Haldis Persdtr. kan vera dottera, det kan og vera kona.
    I 1764 fekk Per bygsle Øvre Åseplassen hjå Opheim-bøndene (Knut Halvorson, Rasmus Oleivson, Ola Torsteinson, Per Tomasson, Embrik Botolvson). Det var ingen bygselavgift sidan bøndene i Opheim var så mange, og ettersom Per var gamal og svakeleg. Plassen skulle falle attende til Opheim utan nokon erstatningar etter at han og kona var døde. "Etter godt folks beretning en tomse og ligesom vandvittig". Dette er truleg Perguten.

{1307} År: 1778c

Håkon Eirikson Steinsrud Underåsen 1731-
Foreldre: Eirik Eirikson Hesla Steinsrud og Birgit Rasmusdtr. Opheim, Gol.
Gm Guri Olsdtr. Bråtelien Underåsen 20.09. 1750-1832
Foreldre: Ola Olson Stave BråteLien under Sundre, Medhus og Sigrid Eiriksdtr. Lien. (1665)
*Barn
1. Birgit Håkonsdtr. Underåsen Medgarden 1778-1866
Gm Håkon Bjørnson Sata Medgarden Gunhildgard. Sjå nedre Medgarden, gnr. 24/3.

I 1764 var Håkon husmann på ein plass hjå Rasmus Opheim. Frå 1778 finn me han på 'Opheimsåsen' dvs. Underåsen.
    Guri Olsdtr. selde Underåsen i 1810 for 300 rd etter at dei hadde brukt plassen i over 30 år. Bruket var ikkje innlemma under nokon matrikulert gard eller skyldsett, men etter ei gamal vedtekt skulle det årleg svarast 4 rd og 24 sk til "Opheims besiddere". (1536) 719b
    Håkon levde i 1801. Truleg var det Guri Olsdtr. som døydde som enkje på Kanafetmyro i 1825.

{1308} År: 1815

Rasmus Steingrimson Opheim 27.03. 1774-1851
Foreldre: Steingrim Rasmusson Opheim Rasmusgarden og Guri Olsdtr. Søre Sletto (Hol).

I 1815 kjøpte Rasmus Steingrimson plassen Underåsen samt slåtta Åse-slåtta for 1183 rd. Han selde Rasmusgarden til sonen Syver i 1823, men held attende Underåsen.
    I 1834 selde Rasmus også Underåsen til sonen Syver. Sjå meir om Rasmus Steingrimson på Rasmusgarden, gnr. 22/5.

{1309} År: 1835

Eirik Rasmusson Opheim Underåsen 28.03. 1808-1864
Foreldre: Rasmus Steingrimson Opheim Rasmusgarden og Margit Syversdtr. Sørbøen.
Gm Rangdi Olsdtr. Sørbøen Underåsen 28.12. 1812-1905
Foreldre: Ola Eirikson Svenkerud Søre Sørbøen og Kristi Hallgrimsdtr. Ruud (Nes).
*Barn
1. Margit Eiriksdtr. Underåsen Medgarden 23.10. 1833-1917
G 1856 m Embrik Embrikson Reiersgard Medgarden, gnr. 24/3.
2. Kristi Eiriksdtr. Underåsen Sire 11.06. 1836-1895
G 1860 m Torkjell Sanderson øvre Sire, gnr. 4/20.
3. Guri Eiriksdtr. Underåsen Opsata 21.11. 1839-1916
G 1859 m Håkon Tolleivson Søre Opsata, gnr. 34/1.
4. Rasmus Eirikson Underåsen 22.08. 1842-1925
G 1871 m Kari Håkonsdtr. Bøygard. Sjå neste hushald.
5. Lars Eirikson Underåsen 26.04. 1845-1930
Gm Kari Tolleivsdtr. Golberg 1853-1890. Barn:
    Rosina 1871-1921 gm Henry Moon (3 barn); Erik 1873-1962 busett på Filippinene, gm ... (3 barn); Tollef 1875-1930 gm 1900 m Marie Olson, av dansk opphav (4 barn); Caroline 1876-1942 gm Carl Lilleskov (6 barn); Christian 1878-1964 gm ... (2 barn); Clara 1880-1930 gm Roland Kirkpatrick (1 barn); Henry 1881-1964 var gm Marie ... ; Ragnvald 1883-1962 gm Alma Eastlee (5 barn); Clarence 1885-1911f ug. (1345)
    G 1891 m Borghild Torsteinsdtr. Svarteberg. Ingen barn.
    Til Am. i 1866: Stewardville. Farma i Rock Dell, Olmstad Co., MN. Lars var heim att ein tur og fridde til Borghild, og reiste attende til Am. i 1891.
6. Ola Eirikson Underåsen 22.02. 1848-1871
Gm Ingebjørg Gudbrandsdtr. Padderud, Flå 1849-1909. Barn: Rangdi 1871-1953 g 1892 m Mattias Rasmussen (5 barn). (1345)
    Ho skreiv seg for "Gilbertson", han for "Rasmusson". Dei farma i Cottonwood, MN. Ola døydde brått etter å ha vore med og sløkt ein prærie-brann. (Ingebjørg vart attgift 1873 med Syver Sveinson Løken (Hemsedal) og fekk 9 barn med han.)
7. Hallgrim Eirikson Underåsen Erickson 06.11. 1850-1944
G 1880 m Anna Marie Jonsdtr. Christenson, Helgeland eller Nordkapp 1861-1952. Barn:
    Erick Johan 1881-1965 ug.; Rosy Adele 1883-1962 g 1905 m Carl Einertson (5 barn); Ludvig Bernhardt 1885-1947 g 1910 m Enga Swenson (5 barn); Hilda Amanda 1887-1966 g 1911 m Christ Ewy (4 barn); Ole Christian 1889-1954 g 1918 m Mable Johnson (3 barn); Alfred Marias 1891-.... g 1913 m Hilda Knutson (5 barn); Henry Jule 1893-1958 ug.; Clara Regina 1896-.... g 1924 m Edison Keyton (3 barn); Dagny Helene 1898-1970 g 1931 m Arthur Johnson (1 barn); Fritjof Wilhelm 1901-1987 g 1931 m Minnie Nordede (2 barn). (1345)
    Til Am. 1870: Cottonwood Co. Hallgrim selde farmen sin i Westbrook, MN, og så overtok dei farmen som far hennar hadde ved breidda av Dutch Charlie Creek. Hallgrim tok del i politisk arbeid og hadde mange interesser. Anna var ei dugande jordmor, ho fortalde at ho aldri hadde mista eit barn eller ei mor. Dei skreiv seg "Erickson". (1345)
8. Birgit Eiriksdtr. Underåsen Opheim 29.04. 1854-1929
G 1876 m Bjørn Sevatson Opsata Vesledalstugu Opheim, gnr. 22/15.

Eirik og Rangdi gifte seg i 1833. Eirik hadde eit barn med Kari Knutsdtr. Opheim: Marte 1831-1910 gm Eirik K. Barskrind.
    Eirik kjøpte garden hjå broren i 1835. På skiftet etter Eirik var inga gjeld, lausøyret vart taksert til 214 spd.

{1310} År: 1864

Rasmus Eirikson Underåsen 22.08. 1842-1925
Foreldre: Eirik Rasmusson Opheim Underåsen og Rangdi Olsdtr. Sørbøen.
Gm Kari Håkonsdtr. Bøygard Underåsen 03.01. 1850-1901
Foreldre: Håkon Asleson Medgard Bøygard og Guri Tolleivsdtr. Opsata.
*Barn
1. Rangdi Rasmusdtr. Underåsen Opheim 31.01. 1872-1951
G 1895 m Eilev Rasmusson Rasmusgarden Opheim, gnr. 22/5.
2. Eirik Rasmusson Underåsen 07.03. 1874-1876
3. Guri Rasmusdtr. Underåsen 21.08. 1878-1879
4. Guri Rasmusdtr. Underåsen Barskrind 04.02. 1882-1969
G 1908 m Embrik Embrikson Barskrind, gnr. 19/3.

Rasmus og Kari gifte seg i 1871. Rasmus sette opp ei ny stugu på garden. I 1923 selde han garden for 4000 kr og kår til dottera og svigersonen.