Dølahaugen, nedre gnr. 22 bnr. 11
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Dølahaugen, nedre gnr. 22 bnr. 11-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Dølahaugen ligg nedanfor Øvre Dølahaugen. Nedre Dølahaugen, også kalla Haugo. NB. 22/11 er eit oppkonstruert gardsnummer, eigedomen står i matrikkelen som gnr. 20/11, men har sitt historiske opphav under Søre Opheim.
    Dette bruket er den delen av Haugo bnr. 3 som Rangdi Persdotter held att då Haugo bnr. 3 vart selt i 1850.
    Areal 1865: dyrka jord 1 1/4 mål. Avling: 1 1/4 tunne bygg.
    Areal 1995: dyrka jord 14 mål som vert leigd bort, prod. skog 68 mål, anna utm. 17 mål.
    Våningshus bygt 1990, kårhus 1875, stolphus frå 1880, badstugu 1875.
    Heimstøl på Helsingset med stølsbu frå 1780.
    I 1984 vart jordstykkene 22/55 og 22/72 samanslegne med 20/11.
   
{1333} År: 1850
Rangdi Persdtr. Huserjorde Helling 03.03. 1822-1874
G 1849 m Herbrand Olson Skar Helling. Sjå meir om familien på søre Helling, gnr. 20/3.
Foreldre: Per Olson Karigarden Opheim Huserjorde og Ingrid Aslesdtr. Helling.
Rangdi Huserjorde held att Nedre Dølahaugen då ho selde frå jordstykkene 67c og 63c til Knut Knutson Medhus i 1850.
{1334} År: 1853
Knut Knutson Medhus Haugo 19.01. 1800-1861
Foreldre: Knut Olson Medhus og Guri Olsdtr. Opheim.
Gm Margit Oleivsdtr. Bråten Odden 1798-1866
Foreldre: Oleiv Halvorson OpheimBråten og Guri Ivarsdtr. Haugstad (Gol).
Margit var enkje etter Solve Solveson Helling Opheimsjordet Odden. Sjå meir under Odden, gnr. 10/10.
    Knut og Margit gifte seg i 1842.
    Knut Knutson kjøpte ein del av Haugo/Dølahaugen i 1853, men handelen må ha vorte omgjord. Herbrand Olson Helling (mannen til førre eigar) selde bruket på nytt i 1864.
{1335} År: 1864
Halvor Solveson Odden Haugo 01.02. 1832-1907
Foreldre: Solve Solveson Helling Opheimsjordet Odden og Margit Oleivsdtr. Bråten.
Gm Birgit Syversdtr. Opheim Haugo 16.05. 1835-1924
Foreldre: Syver Rasmusson Rasmusgarden Opheim og Gunvor Holgesdtr. Tufto.
*Barn
1. Ola Halvorson Haugo 16.09. 1856-1935
G 1884 m Birgit Torkjellsdtr. Hakkebakken. Sjå Haugo, gnr. 22/53..
2. Margit Halvorsdtr. Haugo 19.03. 1859-1931
G 1887 m Lars Sveinson SkjerpingHaugen 1857-1949. Barn: Selma gm Emil Lerud, Home Lake Township, Norman Co, MN; Henry soldat i 1. verdskrigen, sidan sauefarmar i Montana; Bertha gm Ingvald Hanson, Twin Valley, MN; Louis ....-1921; Gina død ung; Gina Haugen gm Oscar Hilmo
    (1949 she resident Fargo, N.D.); Sophia gm James McDonough, St.James, Michigan; Simon død ung.
    Margit og Lars farma i Rockwell Township, Norman Co, MN. (J. Marler)
3. Gunvor Halvorsdtr. Haugo 08.01. 1864-1866
4. Gunvor Halvorsdtr. Haugo 13.08. 1866-
Gunvor reiste til Hol i 1895. Kva skjedde med henne ?
5. Solve Halvorson Haugo 25.08. 1867-1929
Farmar i Norman Co, MN. I grannelaget var også systera Margit og Lars Sveinson Haugen.
6. Syver Halvorson Haugo 28.11. 1869-1871
7. Rasmus Halvorson Haugo 20.07. 1871-1873
8. Guri Halvorsdtr. Haugo 05.09. 1872-
G 1899 m Oluf Leonard Alexandersen (født i Hedrum med svensk far.) Barn: Henry Anker 1900- .
    Guri reiste ut på tenest til Sande i 1893. I 1900 budde dei på Solbakken eller Menstad i Gjerpen. Oluf var sagarbeidar og skreiv seg Olsen etter kvart. Guri vart stundom skrive Gurine.
    Oluf reiste til Amerika, men Guri ville ikkje vera med. Ho flytte til Vassås i Hof i Vestfold, og budde der sidan. Død kring 1950. (epost frå Eva Erntsen)
9. Margit Halvorsdtr. Haugo 12.12. 1873-1905
10. Birgit Halvorsdtr. Haugo 12.07. 1875-1901
Birgit døydde som ungjente.
11. Syver Halvorson Haugo 02.02. 1877-1955
Syver reiste til Am. 1901. Farmar ved Thief River Falls, MN. Død i Pennington Co., MN som 'Severt Haugo' i 1955. (J. Marler)
12. Sissel Halvorsdtr. Haugo Åsegard 21.02. 1879-1952
G 1906 m Ola Embrikson Åsegard, gnr. 22/45.
Halvor og Birgit gifte seg i 1860. Seks av barna døydde småe. Dei budde i Haugo og ein periode i Huserjorde (1862-67).
{1336} År: 1868
Anne Torsdtr. Hestehagen Dølahaugen 27.07. 1814-1883
G 1846 m Eirik Eirikson Barskrind Opheim Haugeteigs-eie.
Foreldre: Tor Sveinson Hestehagen og Turid Torsteinsdtr. Opheim.
Anne og Eirik budde truleg på plassen Ørjanshaugen, gnr. 22/54a. Ungane er førde der.
    Som enkje kjøpte Anne Torsdtr. Dølahaugen i 1868 for 150 spd. Same året overtok ho eit jordstykke frå Ørjanshaugen (Haugeteig-eie) som vart kalla Haugane (bnr. 55). Kring 1870 overtok sonen Eirik Dølahaugen.
{1337} År: 1870c
Eirik Eirikson Haugo DølaHaugen 25.05. 1847-1937
Foreldre: Eirik Eirikson Barskrind Dølahaugen og Anne Torsdtr. Hestehagen.
Gm Anne Larsdtr. Reiersgard DølaHaugen 24.12. 1842-1928
Foreldre: Lars Nilsson Kolbjørnsgard med Ingeborg Olsdtr. Bergaplass Reiersgard.
*Barn
1. Birgit Eiriksdtr. Haugen Olsen 20.11. 1872-
Gm Andreas Olsen 1869-.... . Han var gardsarbeidar, dei budde på plassen Bleger-eie i Asker i 1900. (=Blaker?). Barn: Emilie 1893- ; Anna 1895- ; Olga 1898- ; Alf 1900- ; Bergljot gm ... ( barn). Birgit reiste til Asker i 1889.
2. Anne Eiriksdtr. Haugen Olavessen 09.07. 1874-1974
Gm Søren Olavessen, Asker 1877-1954. Barn: Einar 1902-1949; Ingeborg 1903-1984 ug.; Signe 1905-1994 ug.; Anton 1908-1962 fabrikkarbeidar gm Marie ..., Valdres (1 son). I 1900 var Anne budeie på Blaker i Asker. Anne vart over 100 år. Ungane skreiv seg 'Sørensen'.
3. Eirik Eirikson Haugen Orhus 08.07. 1876-
Til Sande i 1895. I 1900 budde han i drengestugu på søre Stokke. Sidan kom han til småbruket Orhus i Sande. Gm Kristine ... (døydde tidleg). Gm Ester ... . Ingen barn.
4. Ingeborg Eiriksdtr. Haugen 28.09. 1878-1891
5. Syver Eirikson Haugen 24.09. 1881-1882
6. Syver Eirikson Haugen 18.10. 1883-1891
7. Tor Eirikson Haugen 31.05. 1888-1980
G 1935 m Ingrid Oleivsdtr. Opheimshaugen. Sjå neste hushald.
Eirik overtok garden utan heimel etter mora ein gong kring 1870.
    Eirik og Anne gifte seg i 1872. Eirik var gardbrukar og bødker. Slektsnamnet Dølahaugen vart til Haugen etter kvart.