Rasmusjordet gnr. 22 bnr. 35
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Rasmusjordet gnr. 22 bnr. 35-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Rasmusjordet er eit småbruk oppå 'Jordo'. Truleg var det hit Rasmus Olson Vesledalstugu kom som husmann kring 1770.
    Areal 1960: dyrka jord 28 mål. Vanleg buskap var 5 kyr, 1 ungdyr og nokre sauer.
    Areal 1995: dyrka jord 33 mål, anna jbr. 10 mål, prod. skog 33 mål, anna utm. 260 mål.
    Våningshus bygt om seinast i 1984, bryggerhus; driftsbygning restaurert i 1960, fjøs i 1987; loft, garasje.
    Buskap: 18 vinterfôra sauer.
    Heimstølen Reinhovdstølen er tilkjøpt frå Bråten.
   
   
{1363} År: 1771c
Rasmus Olson Opheim Opheimsjorde 1743-1817
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Guri Persdtr. nordre Opheim.
Gm Guri Eilevsdtr. Kringla Opheimsjorde 1747-1811
Foreldre: Eilev Eilevson ... Kringla og Fribjørg Olsdtr. Storlien.
*Barn
1. Ola Rasmusson Opheimsjorde 13.01. 1771-1801f
2. Eilev Rasmusson Opheimsjorde 12.03. 1776-1801f
Truleg død før 1800.
3. Tore Rasmusson Opheimsjorde 04.10. 1778-1801f
4. Fribjørg Rasmusdtr. Opheimsjorde 30.09. 1781-
G 1816 m Ola Embrikson Opheim Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
5. Tore Rasmusson Opheimsjorde 09.10. 1785-1845f
Tore vart konfirmert i 1800. Ukjent lagnad, men død før 1845.
6. Guri Rasmusdtr. Opheimsjorde 10.02. 1788-1825
Ugift. Guri hadde fleire barn. Sjå barnebarn. Ho døydde 38 år gamal som inderst og fattiglem på Haugo under Skjerping.
7. Margit Rasmusdtr. Opheimsjorde 09.10. 1791-1801f
8. Margit Rasmusdtr. Opheimsjorde 02.10. 1796-1801f
*Barnebarn
1. Margit Syversdtr. Opheimsjorde 01.03. 1810-1835
Ug. Inderst på Haugo. Ho døydde på Finnesgardstølen i 1835.
    Foreldre: Syver Håkonson Berg Logsengard (ungkar) og Guri Rasmusdtr. Opheimsjordet.
2. Rasmus Olson Opheimsjorde 23.12. 1819-
Foreldre: Ola Solveson Medgard (ungkar) og Guri Rasmusdtr. Opheimsjordet.
    Konfirmert i 1837. På Blåfargeverket på Modum i 1845.
3. Gunhild Olsdtr. Opheimsjorde Eivindhaugen 03.03. 1824-1889
G 1847 m Ola Syverson Eivindhaugen, gnr. 4/39a.
    Foreldre: Ola Solveson Medgard (ungkar) og Guri Rasmusdtr. Opheimsjordet.
Rasmus og Guri var på ein plass kalla Opheimsjorde frå omlag 1770 og utover ei tid. Truleg fekk Rasmusjordet namn etter denne Rasmus.
    Før 1800 var Rasmus komen som husmann til Kolsrud. Dottera Fribjørg og mannen kom inn att på plassen. Båe Rasmus og Guri døydde i Rasmusjordet.
{1364} År: 1816
Fribjørg Rasmusdtr. Opheimsjorde Opheim 30.09. 1781-
Foreldre: Rasmus Olson Opheim Opheimsjorde og Guri Eilevsdtr. Kringla.
Gm Ola Embrikson Opheim Opheimsjorde 10.11. 1782-1832
Foreldre: Embrik Botolvson Embrikstugu Opheim og Margit Knutsdtr. Opheim.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Opheimsjorde Buringrud 12.04. 1817-1911
G 1845 m Embrik Nilsson Hesselberg-eie i Norderhaug 1817-1872.
    Barn: Nils 1846-ung; Else 1849-1936 g 1871 m Olaus Olsen Myra Buringrud (7 barn); NN gm Embrik Åsen; NN gm Ivar Kristianson Bråten; NN ugift, ein son som døydde liten.
    Kven er kven: Karen 1851- ; Oline 1855- ; Dortea 1862- . (879) (904)
    I 1834 kom Guri som budeie til jomfruene Frogner på Frognøen i Hole med årsløn på 8 spd. Etter 11 år på garden, baud jomfruene henne garden til odel og eige dersom ho ville gifte seg med gardsguten på Frognøen. Guri takka nei då ho hadde ein annan gut i sikte. Då kosta jomfruene bryllaup for budeia istaden.
    Deretter flytta dei til bruket Bråten ved Hønefoss. Her var Embrik forpaktar ved sidan av å drive som smed. Dei kjøpte bruket Buringrud i 1863. Embrik fall tidleg i frå, men Guri dreiv bruket vidare som ein kar. Av dei 5 barna voks dei 4 jentene opp. Men jomfruene hadde ikkje gløymt Guri. Då den siste av dei gjekk bort, arva Guri 200 spd. Sine siste år levde Guri hjå dottera som var gift til Buringrud. (904)
2. Embrik Olson Opheimsjorde 27.12. 1818-1885
G 1856 m Elen Karin Persdtr. Fordelsen 1822-1911 i Rana. Barn: Peder Olai Fribjerk 1857- gm Thomine Eide Olsen (3 barn); Margit Gurina 1861- gm Jørgen M. Johansen, Reppen (4 barn); Christine Fredrikke 1863- gm ... ... , Steinkjær.
    Embrik fekk noko ekstra-undervisning hjå presten Hansen i Ål. I 1840 flutte både presten og Embrik til Rødøy i Nordland, og Embrik fekk arbeid som lærar i Reppen. (871) Hansen skreiv attende til Ål om Embrik: ".. i lærer-dygtighed står han over de seminaristiske utdannede".
3. Margit Olsdtr. Opheimsjorde Opheimsjorde -Teigen 26.05. 1821-
G 1852 m Sander Solveson Kolsrud Opheimshaugen. Sjå neste hushald.
4. Ragnhild Olsdtr. Opheimsjorde Rikansrud 31.03. 1823-
Gm Tolleiv Olson Rikansrud. Ugift til Amerika i 1857.
Ola og Fribjørg gifte seg i 1816.
    Det var 14 spd å dele på skiftet etter Ola i 1832. Buet hadde 2 kyr . Under skiftet vart det bede om at auksjon vart utsett til hausten slik at ungane hadde dyra å leve av fram til dei vart oppteken i fattigkommisjonen. Alle ungane var på legd nokre år etter 1832.
{1365} År: 1853
Margit Olsdtr. Opheimsjorde Opheimsjorde -Teigen 26.05. 1821-
Foreldre: Ola Embrikson Opheim Opheimsjorde og Fribjørg Rasmusdtr. Opheimsjorde.
Gm Sander Solveson Kolsrud Opheimsjorde 05.06. 1820-
Foreldre: Solve Knutson Kolsrud og Ågot Sandersdtr. Løyte.
*Barn
1. Ågot Sandersdtr. Kolsrud 21.06. 1847-
Til Am. 1861?
2. Fribjørg Sandersdtr. Opheimsjorde 22.01. 1853-
Til Am. i 1857.
3. Ragnhild Sandersdtr. Opheimsjorde 17.01. 1856-
Til Am. 1857.
Sander og Margit gifte seg i 1852. Dei budde i 'Opheimsjorde' frå 1853. Så var dei i Teigen under Opheimsjorde fram til 1857 då dei reiste til Amerika.
{1366} År: 1861
Knut Olson Ulshagen Opheimshagen 12.08. 1815-1893
Foreldre: Ola Larsson Svarteberg Haustteigen og Haldis Knutsdtr. Ulshagen.
Gm Ragnhild Olsdtr. Opheim Rasmusjordet 16.11. 1817-____
Foreldre: Ola Mikkelson Medhus Opheim og Anne Botolvsdtr. Embriksgarden Opheim.
*Barn
1. Anne Knutsdtr. Opheimshagen Torsteinslåtta 09.05. 1841-1931
G 1865 m Håkon Håkonson Torsteinslåtta, gnr. 25/7.
2. Haldis Knutsdtr. Opheimshagen 13.10. 1842-
I Amerika i 1893.
3. Guri Knutsdtr. Opheimshagen 17.12. 1844-
Guri var i Amerika i 1893.
4. Guri Knutsdtr. Opheimshagen Opheimshaugen 02.01. 1847-1880
Gm Syver Hermannson Opheimshaugen, gnr. 22/63.
5. Ragnhild Knutsdtr. Opheimshagen 11.08. 1849-
G 1870 m Ottar Knutson Kamberud. Til Am. i 1870.
6. Gunhild Knutsdtr. Opheimshagen Bakken 17.06. 1852-
Gm Mikkel Olson Bakken. Til Am. i 1880: Valley Springs, SD.
7. Ola Knutson Opheimshagen 13.10. 1854-
Ukjent opphaldsstad i 1893.
8. Ola Knutson Opheimshagen 22.12. 1856-
I Amerika i 1893.
9. Embrik Knutson Opheimshagen 25.02. 1859-
Han fekk utflyttingsattest i 1879. Til Am.? Gjørtler.
10. Lars Knutson Opheimshagen Sletten 25.02. 1862-1945
G 1888 m Ambjørg Håkonsdtr. Dølahaugen. Sjå Opheim Embriksgarden, gnr. 22/10.
Knut og Ragnhild gifte seg i 1841. Knut Olson kjøpte eit jordstykke kalla Rasmusjordet i 1861. I 1878 selde Knut Olson Rasmusjordet til Botolv Syverson for 1360 kr.
    Knut døydde som kårmann i Opheimshagen, men Ragnhild ser me ikkje meir til. Truleg reiste ho til ungane i Amerika.
{1367} År: 1878
Botolv Syverson Kanafetmyro Rasmusjordet 03.09. 1856-1919
Foreldre: Syver Botolvson Kanafetmyro og Ingebjørg Olsdtr. Bergaplass.
Botolv var ugift. Han bygde opp Rasmusjordet frå botnen av. I 1916 selde han bruket for 5000 kr til Eirik Bråten.