Opheimsjorde gnr. 22 bnr. 42
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Opheimsjorde gnr. 22 bnr. 42-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Opheimsjordet vart også kalla Pjøkkejordet. Tydinga kan vera pjokk, dsv. ein liten kar. I ei skogdeling frå 1793 vart det skrive 'Piacheche Pladsen OppemsJordet kaldet'. Altså må me sjå etter 'Pjokken' i tida før 1793.
    Men det var mange plassar 'oppå jordo'. I kjeldene finne ein mange familiar som vart skrivne 'Opheimsjorde', og som ikkje let seg plassera på bnr. 42 eller bnr. 58.
    Før 1850 låg tunet lenger nede, omlag på høgde med Embrikstugu.
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål, naturleg eng 7 mål, utslått 70 mål. Avling 17 tunner bygg og 14 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 241 mål, av dette er 140 på fjellet, anna jbr. 20 mål, prod. skog 560 mål, anna utm. 300 mål. Leigd jord 44 mål.
    Våningshus nybygt 1976 etter brann, driftsbygning 1948 påbygd 1983 og 1994, reiskapshus 1991.
    Stølar: Slåttastølen, Nystølen og Hellostølen, 2 utleigehytter.
    Buskap: 15 mjølkekyr, 60 ungdyr.
   

{1374} År: 1755

Halvor Knutson Sire Opheimsjorde 1708c-
Foreldre: Knut Halvorson Sire og Ingebjørg Bjørnsdtr. Frøysok.
Gm Ingeborg Syversdtr. Syverplassen Opheimsjorde 1714c-
Foreldre: Syver Embrikson Bråten Syverplassen og Margit Knutsdtr ?Hustad (Hemsedal), Gol. (Gol III s 597)
*Barn
1. Ambjørg Halvorsdtr. Opheimsjorde 11.09. 1757-1841
Gm Svein Toreson Sataøyen Opheimsjorde. Sjå Sveinjordet, gnr. 22/5c.

Halvor Knutson gifte seg opp att med Ingeborg Syversdatter frå Gol kring 1755. Sjå 1730-hushaldet.

{1375} År: 1765

Ola Syverson Barskrind Opheimsjorde 1738-____
Foreldre: Syver Olson Barskrind og Kristi Olsdtr. ... .
Gm Ingebjørg Olsdtr. Opheim Opheimsjorde 1732-1787
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Guri Persdtr. nordre Opheim.
*Barn
1. Kristi Olsdtr. Opheimsjorde 13.11. 1768-
Truleg død liten.
2. Guri Olsdtr. Opheimsjorde Helling 16.06. 1776-1834
G 1793 m Solve Knutson Helling. Sjå Nordre Helling, gnr. 20/5.

Ola Syverson lånte 200 rd hjå Knut Halvorson Opheim i 1765. Frå 1765 hadde han Opheimsjorde i brukeleg pant frå Ola Olson.
    Ola Syverson kravde gardsyn på Opheimsjordet i 1766. Husa var: ei stugu 8 rd; eit fehus 5 rd; ei liten stugu 7 rd; stolphus; ein låve; heststall; to forluer. På stølen Slåtta: ei stølsbu; fehus, stall, lu. Årleg avgift for Opheimsjorde vart sett til 9 rd. (1194) s 177
    Han lånte 280 rd i 1773 hjå Gunhild Embriksdtr. Opheim. I 1785 kjøpte Solve Olson plassen Opheimsjorde for 280 rd. Ein del av plassen skulle inntil vidare brukast som kår til seljaren Ola Syverson. Ola Syverson og hustru skulle flytte inn i husa når Halvor 'Olson' (Knutson?) var død.

{1376} År: 1785

Ola Olson Opheimsjorde 27.04. 1749-1829
Foreldre: Ola Olson Opheimsjordet og Sissel Syversdtr. Barskrind.
Gm Anne Aslesdtr. Gunhildgard Opheimsjorde 17.10. 1751-1832
Foreldre: Asle Olson Gunhildgard og Helge Olsdtr. Sand (Hol).
*Barn
1. Helge Olsdtr. Opheimsjorde 06.01. 1793-1824
G 1813 m Eirik Embrikson Torset Opheimsjorde. Sjå neste hushald.

Ola og Anne levde hjå dottera på sine gamle dagar. Buet var 25 spd lausøyre og 3 kyr. Dei selde plassen Opheimsjorde i 1815 til svigersonen Eirik Embrikson for 100 rbd og kår.

{1377} År: 1815

Eirik Embrikson Torset Opheimsjorde 1787-1871
Foreldre: Embrik Knutson Torset (Hemsedal) og Margit Eiriksdtr. Lappegard.
Gm Helge Olsdtr. Opheimsjorde 06.01. 1793-1824
Foreldre: Ola Olson Opheimsjorde og Anne Aslesdtr. Gunhildgard.
Gm Birgit Sevatsdtr. Tune Opheimsjorde 28.05. 1798-1882
Foreldre: Sevat Eirikson Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberg.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Anne Eiriksdtr. Opheimsjorde Nyhus 25.10. 1815-1896
G 1835 m Ola Knutson Medhus Nyhus, gnr. 10/8.
    G 1864 m Tolleiv Olson Medhushaugen SkjervheimsHagen.
2. Ola Eirikson Opheimsjorde 19.12. 1819-1914
G 1846 m Anne Syversdtr. Leikvoll. Sjå neste hushald.
3. Margit Eiriksdtr. Opheimsjorde Skjerping 02.03. 1824-1882
G 1845 m Torstein Knutson Medhus Skjerping, gnr. 12/6.
*Barn i andre ekteskap
1. Embrik Eirikson Opheimsjorde 18.01. 1830-1879
Ugift. Embrik dreiv 3 mål jord og hadde pengar på utlån, eiga var 8843 kr på skiftet i 1879.
2. Helge Eiriksdtr. Opheimsjorde 01.03. 1831-1831
3. Borghild Eiriksdtr. Opheimsjorde SundreBråten 15.04. 1833-
G 1853 m Rasmus Embrikson Bråten Barskrind SundreBråten, gnr. 110/8. Sidan til Am.: Rock Co., Luverne, MN.
4. Sevat Eirikson Opheimsjorde 03.06. 1836-1900
Ugift. Død i Skoger i 1900. Rentenist.

Eirik og Helge Olsdtr. gifte seg i 1813. Helge døydde i barselseng 1824 og Eirik gifte seg opp att med Birgit Sevatsdtr. i 1826. Eirik var ute i krigen 1807-14, og fekk med seg børse og bajonett heim. (Jfr. bautasteinen i Hemsedal)
    I 1815 kjøpte han Opheimsjordet for 100 rbd og kår til Ola O. og Anne Aslesdtr.
    I 1820 fekk Eirik skøyte på halvparten av plassen Medhushagen for 200 spd. (1537)56
    Eirik var religiøs og hadde ofte oppbyggelege møte hjå seg. (1379) s 575
    I 1851 kjøpte han ein stølsvoll på Helsingset og eit slåttelende. Pris 100 spd.
    Då Eirik var død, fekk Birgit Sevatsdtr. behalde 2 kyr og 1 kalv.

{1378} År: 1847c

Ola Eirikson Opheimsjorde 19.12. 1819-1914
Foreldre: Eirik Embrikson Torset Opheimsjorde og Helge Olsdtr. Opheimsjorde.
Gm Anne Syversdtr. Leikvollane Opheimsjorde 11.04. 1826-1883
Foreldre: Syver Holgeson Leikvoll og Tora Olsdtr. Rotneim (Gol).
*Barn
1. Eirik Olson Opheimsjorde 29.05. 1847-1868
2. Helga Olsdtr. Opheimsjorde OpheimsHagen 01.09. 1849-1932
G 1867 m Svein Tolleivson OpheimsHagen, gnr. 22/51.
3. Syver Olson Opheimsjorde 12.12. 1852-1936
G 1880 m Mari Kolbjørnsdtr. Sando. Sjå neste hushald.
4. Ola Olson Opheimsjorde 10.07. 1856-1863
5. Per Olson Opheimsjorde 28.01. 1860-1946
G 1892 m Ingeborg Embriksdtr. Barskrind. Barn: Ola; Embrik 1893; Anna; Eirik .
    Per verva seg til jægerkompagniet i 1878. Då Per gifte seg i 1892 står det "Postbud. Christiania". Ikkje i KB for Ål.
    'Postbud i Kr.ania' står det då Ingeborg døydde i 1899.
6. Embrik Olson Opheimsjorde Opheim 28.02. 1860-1930
Gm Trine Nilsen 1866-1890. Barn: Osvald 1888-1970 gm Johanne Jonsen, Færøyane (8 barn); Ole Torbjørn 1889-1966 gm Anna Mugaas (7 barn).
    Gm Theodora Winge, Sogndal 1871-1947. Barn: Trine Alvhilde 1894-1981 gm Harald Breistein (5 barn); Jostein 1895-1977 gm Marie Jessen (4 barn); Anna Theodora 1897-1917; Solveig 1900-1973 gm Olav Mannset (2 barn); Helga 1901-1979 gm Lars Sivertsen (2 barn); Einar 1903-1992 gm Hjørdis Haagensen (2 barn); Torborg 1907-1962 gm Arthur Stiegler (4 barn); Sverre 1910-1976 gm Valborg Angermann (2 barn); Tormod 1913- butikksjef, norgesmeister i friidrett, gm Kirsten Dreyer (1 barn); Ingrid 1905-1917. (epost frå Johan Brudvik)
    Embrik verva seg til Jægerkompagniet i Kr.ania i 1884 og tok underoffiserskulen. Sidan fekk han arbeid ved NSB og budde mange stader. Som konduktør skipa han fagforening for konduktørar. Embrik fekk medalje for 'edel dåd'. Då hadde han sprunge frammom sitt eige tog og drege ein fyllefant bort frå skinnegangen. Så vart han stasjonsmeister på Voss, før han kring 1910 kom til Bergen. Han skreiv seg Opheim.

Ola og Anne gifte seg i 1846. Dei flytta husa til noverande tun.

{1379} År: 1890c

Syver Olson Opheimsjorde 12.12. 1852-1936
Foreldre: Ola Eirikson Opheimsjordet og Anne Syversdtr. Opheim.
Gm Mari Kolbjørnsdtr. Sando Opheimsjorde 10.08. 1855-1929
Foreldre: Kolbjørn Olson Sørbøen Sando og Mari Eiriksdtr. Sando.
*Barn
1. Ola Syverson Opheimsjorde 03.06. 1880-1891
2. Anne Syversdtr. Opheimsjorde 28.12. 1881-1891
3. Mari Syversdtr. Opheimsjorde 25.11. 1884-1885
4. Kolbjørn Syverson Opheimsjorde 10.06. 1886-1953
G 1928 m Guri Olsdtr. Feten. Sjå neste hushald.
5. Eirik Syverson Opheimsjorde 01.05. 1889-1889
6. Mari Syversdtr. Opheimsjorde Helling 30.11. 1890-1973
G 1913 m Lars Larsson Helling, gnr. 20/1.
7. Anne Syversdtr. Opheimsjordet Helling 09.02. 1894-1979
G 1921 m Johan N. Helling, gnr. 20/5.
8. Helga Syversdtr. Opheimsjordet Høgåsen 17.01. 1897-1998
G 1923 m Ole Martinius Antonson Høgåsen, Grue 1900- . Barn: Sigmund Arnljot 1925- ; Liv Målfrid 1928-1996 - g 1958 m Gudmund Sandvik, Oslo; Ola Kolbjørn 1934- g 1958 m Aud Leine, Bergen; Hallstein Tormod 1937- gm Jaqueline Feldmann, g 1996 m Hilde Mæhlum. Både Helga og Ola var lærarar i N-Fron og Vågå.
9. Sissel Syversdtr. Opheimsjorde Bråten 13.10. 1899-1977
G 1925 m Ole Oleivson Bråten Opheimsjordet. Sjå Øvrebråten, gnr. 22/151.
10. Ola Syverson Opheimsjorde 25.05. 1903-1989
G 1936 m Maybelle Angell 1913-.... . Barn: Sidney 1937- ; Marie-Olivia 1940- gm ... Schooley; Helen 1941- ; Cecil Vane 1944- ; Maves Claire 1948- gm ... Ford; Elva Maureene 1952- gm George Storos.
    Til Canada i 1925: Rosevalley, Sask. Han var farmar.

Syver og Mari gifte seg i 1880. Syver Olson overtok garden kring 1890.
    Ein gong kom ein loffar innom hjå Syver, som var aleine heime. Han var svolten, så Syver sette fram noko gamal kaldgraut og litt surmjølk. Loffaren sat og togg lenge, og til sist fekk han svelgd maten. Til sist vermde Syver ein tallerken med småmat og sette på bordet. Loffaren lyste opp då han kjende smaken. "Ko e de de kalle denna maten?", spurde han. Syver let han få veta det, og då svara loffaren: "Detta va nok ikkje små, det var virkeleg god mat, detta!"