Bråten gnr. 22 bnr. 43
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bråten gnr. 22 bnr. 43-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bråten vart frådelt Myljo Opheim i 1748. Bruket var også kalla Opheimsbråten. I daglegtale heiter det 'I Brøta'.
    Det gamle tunet skal ha vore omlag midt på jordet.
    Areal 1865: dyrka jord 20,5 mål; naturleg eng 4 mål; utslått 60 mål. Avling: 23 tunner bygg og 21 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 78 mål, anna areal 100 mål, produktiv skog 500 mål, anna utmark 500 mål. Buskap: 100 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1930, kårhus omkr. 1950, driftsbygning med sauefjøs 1980, loft omkr. 1790, stolphus omkr. 1749, smie frå omkr. 1890.
    Stølar: heimstøl på Helsingset og langstøl på Listølen. Nystølen og Dropelia er slåttevollar.
   

{1384} År: 1776

Birgit Olsdtr. Eikre OpheimsBråten 1728-1784s
Foreldre: Ola Olson Nordre Eikre og Anne Olsdtr. Markegard.
Gm Tolleiv Knutson ... OpheimsBråten 1735-1784
Foreldre: Knut ... ... .

Birgit gifte seg opp att 1776 med Tolleiv Knutson. Dei lånte 80 rd i 1777 mot pant i Opheimsbråten (3 lb.).
    Det var skifte etter Birgit i 1784 og i november same år døydde Tolleiv .

{1385} År: 1786c

Oleiv Halvorson OpheimsBråten 18.03. 1759-1803
Foreldre: Halvor Olson Opheimsbråten og Birgit Olsdtr. Eikre Blakkestad (Gol).
Gm Guri Ivarsdtr. Haugstad OpheimsBråten 1761-1837
Foreldre: Ivar Eirikson Haugstad og Margit Olsdtr. Markegard, Gol.
*Barn
1. Halvor Oleivson Bråten 1788-1855.
G 1815 m Eli Halvorsdtr. Sehl. Sjå neste hushald.
2. Ivar Oleivson Bråten Sehl 1790-____
G 1824 m enkje Haldis Halvorsdtr. Sehl. Sjå søre Sehl, gnr. 45/1.
3. Birgit Oleivsdtr. Bråten 1792-____
Birgit arva 25 rd på skiftet etter faren i 1814. Ho er ikkje spurt sidan.
4. Ola Oleivson Bråten Medhushagen 10.11. 1793-1873
G 1821 m Guri Steingrimsdtr. Rasmusgarden. Sjå Medhushagen, gnr. 21/13.
5. Tolleiv Oleivson Bråten Underåsen 19.06. 1796-1886
G 1819 m Eli Olsdtr. Underåsen, gnr. 22/44. G 1827 m Borghild Knutsdtr. Ovavoll (Hol).
    G 1852 m enkje Astrid Olsdtr. Haugstad (Gol) Sørbøensmoen. Sjå Dølahaugen, gnr. 22/231.
6. Margit Oleivsdtr. Bråten Odden 1798-1866
G 1826 m Solve Solveson Helling Opheimsjordet Odden, gnr. 10/10.
    G 1842 m Knut Knutson Medhus Haugo. Sjå nedre Dølahaugen, gnr. 22/11.

Oleiv og Guri gifte seg i 1786.

{1386} År: 1814

Halvor Oleivson Bråten 1788-1855.
Foreldre: Oleiv Halvorson Bråten og Guri Ivarsdtr. Haugstad (Gol).
Gm Eli Halvorsdtr. Sehl Bråten 1788-1873
Foreldre: Halvor Person Sehl og Dordei Olsdtr. ... .
*Barn
1. Guri Halvorsdtr. Bråten Løken 12.12. 1816-1892
G 1835 m Ola Ellingson Løken. Sjå Løken, gnr. 58/1.
2. Oleiv Halvorson Bråten 19.09. 1818-1900
G 1846 m Sissel E. Sando. G 1888 m Haldis O. RikansrudSletto. Sjå neste hushald.
3. Dordei Halvorsdtr. Bråten Sire 11.08. 1821-1861
G 1840 m Ola Hermannson Sire. Sjå Nedre Sire, gnr. 4/28.
4. Halvor Halvorson Bråten Lakevold 12.09. 1825-1904
G 1849 m Margit Syversdtr. Opheim. Til Leikvoll, gnr. 13/1 i 1849. Sidan til USA.
5. Ola Halvorson Bråten 29.07. 1828-1900
Til Amerika.

Halvor og Eli gifte seg i 1815. I 1811 var han gevorben soldat under kaptein Gryner i Nordenfjeldske Inf.reg.
    På skiftet etter faren i 1814 vart Opheimsbråten utlagt til Halvor. Mora fekk slikt kår: 2 kyr og 6 småfe framfødt; 3 tunner bygg, 1 skjeppe rug og 1 skjeppe salt; den nordre kålhagen, m.m.
   

{1387} År: 1844

Oleiv Halvorson Bråten 19.09. 1818-1900
Foreldre: Halvor Oleivson Bråten og Eli Halvorsdtr. Sehl.
Gm Sissel Eiriksdtr. Sando 01.04. 1828-1870
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen Tormodsgard Sando og Birgit Halvorsdtr. Garden Opheim.
Gm Haldis Olsdtr. Sletto Bråten 09.03. 1858-1945
Foreldre: Ola Larsson Bråtalien RikansrudSletto og Guri Holgesdtr. Gåsterud.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Oleivsdtr. Bråten Helling 18.08. 1849-1928
G 1876 m Sevat Tomasson Sataroen Helling. Sjå Nordre Helling, gnr. 20/9.
2. Halvor Oleivson Bråten 24.05. 1861-1910
G 1888 m Anne Oleivsdtr. Haugo. Sjå neste hushald.
3. Eirik Oleivson Bråten 06.05. 1864-1868
4. Ola Oleivson Bråten 22.09. 1867-1869
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Oleivsdtr. Bråten 12.07. 1886-____
G 1907 m Rasmus Ivarson Opheim. Sjå under jarnbane-hushalda.
2. Ola Oleivson Bråten 25.08. 1889-1972
G 1925 m Sissel Syversdtr. Opheimsjorde. Sjå Øvrebråten, gnr. 22/151.
3. Eli Oleivsdtr. Bråten Borgen 27.09. 1892-
Gm em Johan H. Borgen, Østfold. Ingen barn. Eli og Johan budde på Høvik. Arbeidde ved jernbanen.

Oleiv og Sissel gifte seg i 1846. Oleiv gifte seg opp att i 1988 med Haldis Olsdtr. Haldis kom til Bråten som tenestjente kring 1885.

{1388} År: 1888c

Halvor Oleivson Bråten 24.05. 1861-1910
Foreldre: Oleiv Halvorson Bråten og Sissel Eiriksdtr. Sando.
Gm Anne Oleivsdtr. HakkeBakken Bråten 13.01. 1866-1934
Foreldre: Oleiv Solveson Haugo HakkeBakken og Anne Olsdtr. Granhagen.
*Barn
1. Oleiv Halvorson Bråten 04.08. 1888-1971
Sjå neste hushald.
2. Sissel Halvorsdtr. Bråten 18.10. 1889-1890
3. Oleiv Halvorson Bråten 19.04. 1891-1987
G 1914 Hønefoss m Sissel Syversdtr. Medhus. Barn: Anna 1914- ; Halvard 1916- gm Margit Svendsen, Høland; Sigurd Martin 1918- gm Marit Breidal, Hedrum; Olav 1923- ug.
    Oleiv og Sissel kjøpte garden Nordre Haslestad i Våler i Vestfold.
4. Eirik Halvorson Bråten 15.10. 1892-1960
G 1915 m Helga Kristine Gustavsdtr. Finstad. Sjå Rasmusjordet, gnr. 22/35.
5. Halvor Halvorson Bråten 02.01. 1895-
Gm Ingeborg Tangen, Nordstrand. Barn: Harald 1922-1960 gm Synnøve Sætre, Hurum; Harry 1923- gm Hjørdis Berger, Aurskog. Halvor var skift-formann ved NSB.
6. Sissel Halvorsdtr. Bråten Brenna 07.10. 1896-1985
G 1918 m Håkon Håkonson Brenna. Sjå Øvre Brenna.
7. Knut Halvorson Bråten 05.09. 1898-1976
Ug. Knut budde heime på garden. Han snikkerte både hus og møblar.
8. Ola Halvorson Bråten 03.01. 1901-1994
G 1940 m Sissel Torsteinsdtr. Hovdegard. Sjå eige hushald.
9. Solve Halvorson Bråten 09.09. 1902-1993
Ug. Solve gjekk på ymse fabrikkarbeid i Drammen, Gjøvik og Skien. Sidan var han snikker og arbeidde hjå broren Knut. Budde på Sundre, sidan på Torpo.
10. Olaf Halvorson Bråten 24.09. 1904-1985
G 1939 m Ingrid Hjallen. Barn: Borgny 1940- ug.; Solveig 1945- sekretær- g 1967 m Ole Edvard Eger, Hof. (2 barn)
    Olaf var snikkar. Dei budde i Drammen. Dei flytte til Fjellheim u/Sørby i Våle. (1077) s 18
11. Lars Halvorson Bråten 24.09. 1904-1996
G 1931 m Margit Olsdtr. Medhus. Sjå Øvre Sletto og Øvre Medhus.
12. Anne Halvorsdtr. Bråten Thorsen 05.06. 1907-
G 1955 m Thorbjørn Thorsen f 1920 på Vestby u/Sørby i Våle. (1077) s 18
13. Erling Halvorson Bråten 10.06. 1909-2002
G 1946 m Ragna Krosshaug. Sjå 1971-hushaldet.

Halvor og Anne gifte seg i 1888.