Underåsen gnr. 22 bnr. 44
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Underåsen gnr. 22 bnr. 44-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Øvre Underåsen. Også kalla Underåsen-eie eller Åsen-eie.
    I 1737 låg Nedre Underåsen under Ola Arneson på Nordre Opheim og Ola Halvorson på Myljo Opheim. Sjå innleiinga til Nedre Underåsen. Bruket Underåsen vart frådelt Bråten kring 1820.
    1835: Skylddeling av Opheim matr. no 68: gardparten Underåsen.
    Areal 1865: dyrka jord 4,5 mål, naturleg eng 1,5 mål; utslått 2 mål. Avling 3 tunner bygg og 2 tunner potet.
    I 1979 vart Øvre Underåsen samanføyd med Nedre Underåsen (bnr. 9). Stugu vert brukt som kårhus for Nedre Underåsen.
   
{1394} År: 1820
Tolleiv Oleivson Bråten Underåsen 19.06. 1796-1886
Foreldre: Oleiv Halvorson OpheimBråten og Guri Ivarsdtr. Haugstad (Gol).
Gm Eli Olsdtr. Tveito Underåsen 20.09. 1789-1827
Foreldre: Ola Rasmusson Haug Tveito Underåsen og Birgit Olsdtr. Skjervheim.
Gm Borghild Knutsdtr. Ovavoll Dølahaugen 28.03. 1776-1851
Foreldre: Knut Knutson Helling (ungkar) og Astrid Eivindsdtr. Nedremyr. ( Hol III s 549)
*Barn
1. Ola Tolleivson Bråten 01.11. 1816-
G 1845 m Liv Rasmusdtr. Odden. Sjå neste hushald.
2. Guri Tolleivsdtr. Bråten Christiansen 08.10. 1819-
Gm Hans Christiansen, Lier. Barn: Oluf 1853c- ; Jørgen 1855c- ; Kristen 1858c- ; Marie 1858c- ; Hans 1861c- ; ... jente 1900- . ... . Hans var husmann på Malerud i Lier.
3. Birgit Tolleivsdtr. Underåsen Brastad 15.10. 1821-1895
Gm Peder Nilsson Brastad nedre 1824- . (Lier II s 400) 1865: Tenestjente på nedre Brastad i Lier.
4. Oleiv Tolleivson Underåsen 05.10. 1824-1869
G 1852 m Olaug Olsdtr. Ivarslien, Gol 1828-.... . Barn: Tolleiv 1852-; Ola 1854- ; Borghild 1856-. I USA: Randi 1858- konf. 1873 ... ; Anders 1860- ; Oleif 1862-1863; Oluf 1864- .
    Oleiv var smed. Dei reiste til Amerika i 1857. Som enkje kom Olaug til Hegre Church i 1882. Sjå Hallingminne 1911. (1358)
5. Eli Tolleivsdtr. Underåsen 17.01. 1827-1827
Tolleiv og Eli gifte seg i 1819. Tolleiv bygsla bruket hjå bror sin, Halvor Oleivson Bråten, kring 1820.
    Tolleiv Oleivson Bråten Underåsen hadde også bygselsetel på livstid for kvernhuset under Garden Opheim. Som motyting skulle han skulle svara 2 spd årleg og mala kornet fritt for garden.
    I 1819 var Tolleiv i Bråten, men frå og med 1820 vart ungane skrivne for Underåsen. Han har nok sett seg opp hus i Øvre Underåsen på denne tida. I 1825 inngjekk han forlik med Eirik Olson om inngjerding av deler av ei slåttelende nord for Lya, Vestaforslåtta. Tolleiv sin hamnerett var avgrensa til det dyretalet han kunne føde på Underåsen. (1545)36b
    Tolleiv gifte seg opp att med Borghild i 1827. Då ho døydde i 1851 gifte han seg med Eli Olsdatter og flytta til Dølahaugen. Sjå vidare der. Tolleiv vart attgift 1852 med enkja Astrid Olsdtr. Haugstad Sørbøensmoen.
{1395} År: 1845
Ola Tolleivson Bråten Underåsen 01.11. 1816-
Foreldre: Tolleiv Oleivson Opheimsbråten Underåsen og Eli Olsdtr. Underåsen.
Gm Liv Rasmusdtr. Ørjanshaugen Underåsen 02.04. 1819-1898
Foreldre: Rasmus Asleson Haugo Odden Ørjanshaugen og Gunhild Halvorsdtr. Opheim.
*Barn
1. Tolleiv Olson Opheimshaugen 28.07. 1846-1848
2. Tolleiv Olson Opheimshaugen Tollefsen 19.06. 1849-1935
G 1882 m Ambjørg Torjusdtr. Helling 1849-1889. Barn: Ole Theodor 1883- ; Carl Albert 1885- ; Louis Alfred 1886- ; Anne Tilda 1888- . (J. Marler) (Ola E. Hagen)
    Truleg attgift 1894 m Mary Gullikson frå Valdres. Barn: Clara Maria 1894- .
    Tolleiv reiste til Am. 1857.
3. Eli Olsdtr. Opheimshaugen Myre 19.12. 1852-1936
=Ellen. Gm K.O. Myre, Hol 1848-1921. Barn: Sigrid 1874- ; Liva Maria 1875-1963; Anna Christine 1877-1964; Albert Relius 1896-1918 død av sjukdom i Frankrike under 1. verdskrigen.
    Eli reiste til Amerika 1857. Dei skreiv seg Myre eller Myrho og budde i Houston Co, MN.
4. Rasmus Olson Opheimshaugen Tollefsen 16.06. 1855-
Truleg: Gift 1889 m Johanna Johnson 1865- (norsk). Barn: Laura 1890- ; Osker 1892- ; Herbert 1894- ; Bessie 1899-1980.
    Rasmus og Johanna budde i Preston, Brookings Co, SD. Rasmus skreiv seg 'R. O. Tollefsen' i Amerika. (J. Marler)
   
    Ola og Liv sine barn i Amerika: Asle 1860-1876; Gunhild 1863-1919 g 1886 m Sander Sanderson (Heggeset eller Hagajordet) (minst 5 barn); Birgit/Betsy 1866-1898 g 1886 m Svein Sevatson nordre Rudningen (skreiv seg Sam Anderson) (2 barn).
    Ola og Liv budde i Jefferson, Allamakee Co, Iowa. (J. Marler)
   
   
   
Ola fekk skøyte på Øvre Underåsen hjå Halvor Oleivson Bråten i 1845.
    Ola og Liv gifte seg i 1845. Ola skøytte bruket til faren i 1854.
    Til Am. 1857 med familien: Allamakee Co, Iowa. Dei skreiv seg Tollefson. Ola var død før 1886.
   
{1396} År: 1857
Mikkel Olson Sørbøen Underåsen 10.06. 1832-1876
Foreldre: Ola Håkonson Sørbøen og Margit Olsdtr. Opheim.
Gm Rønnaug Torsdtr. Sørbøenston Underåsen 16.05. 1840-1886
Foreldre: Tor Sindreson Gjuven Sørbøenston og Gro Sveinsdtr. Sørbøenston.
*Barn
1. Margit Mikkelsdtr. Sørbøen Bæra 03.08. 1869-1952
G 1890 m Embrik Person Halvorsgardslåtta Bæra. Sjå Framstad, gnr. 32/47.
Mikkel og Rønnaug kjøpte Øvre Underåsen i 1857 og gifte seg i 1862. Dei var inderstar i Sørbøen i 1869.
{1397} År: 1858
Anders Olson Billehuset Underåsen 05.04. 1825-1914
Foreldre: Ola Anderson Helling Billehuset og Guri Olsdtr.Myregard.
Gm Marte Olsdtr. Opheim Underåsen 24.09. 1829-1893
Foreldre: Ola Torkjellson Vesledalstugu Opheim og Birgit Knutsdtr. søre Opheim.
*Barn
1. Ola Anderson Underåsen 28.05. 1855-
G 1881 m Gro Aslesdtr. Vestenfor. Barn: Halvor 1881- .
    Til Am. 1881: Lansing, Iowa, Baltinan Co. ND, deretter til Montana.
2. Guri Andersdtr. Underåsen Hanson 15.09. 1857-1895
Barn m Hans Johanson Nordby, Norderhov: Ola 1879-1929.
    Gm ... Hanson. Barn?
    Til Amerika 1881 og gift der. Eit barn medbragt. Busett i Waukon, Iowa. Guri vart gravlagt i Old West Paint Creek Cemetery i 1895. (J. Marler)
3. Margit Andersdtr. Underåsen Gjerden 17.09. 1859-1951
G 1876 m Svein Mikkelson Halvorsgard. Sjå Frankrike, gnr. 44/5.
    Barn: Mikkel 1878- ; Ola 1879- ; Martha Gunhilda 1882-1974; Anna Marie 1884-1980; Andrew 1885-1973; Birgitte (Betsy) 1892-1965;
    Til Am. i 1881: Lincoln, SD, seinare Canton i SD. Svein var lærar.
4. Ola Anderson Underåsen 21.11. 1861-1887
To stk. Ola Anderson, berre ein arva i 1914.
5. Ingeborg Andersdtr. Underåsen Sletto 10.02. 1864-1940
G 1891 m Helge Olson Sletto. Sjå nedre Sletto, gnr. 15/2.
6. Marte Andersdtr. Underåsen Haugo 25.06. 1867-1940
G 1889 m Halvor Oleivson Haugo, gnr. 22/3.
7. Dordei Andersdtr. Underåsen Saueslettane 05.02. 1872-1953
G 1894 m Botolv Torsteinson Sletto. Barn: Torstein 1894-1912, Anne 1896-1920; Andrew 1899-1952 gm ... Rasmusgard frå Gol; Ole 1900- gm ... ; Martha gm George Rockway; Oscar 1906-1976 gm Selma ... ; Bessie 1908- gm Henry Fluevåg; Delia 1910-1912; Deneva 1914-1930; Torvald 1914-1914; Tilford 1917-1973 gm Clara ... : Birgit 1927- . (1026)
    Dordei og Botolv budde fyrst i Slettane, og Torpehaugen i 1896. Sidan til Amerika: Aerly Rottimun Co. ND.
8. Knut Anderson Underåsen 16.12. 1875-
Til Am.: Aerly, Rottimun Co. ND.
Anders og Marte gifte seg i 1854. I 1891 var han gardbrukar og sjølveigar.
    I 1900 var enkja Gunvor gardbrukerske i Underåsen. Sjå neste hushald. Anders 'levde av formue'.
{1398} År: 1900c
Ola Hansson Rydningen Underåsen 13.04. 1849-1927
Foreldre: Hans Kristianson og Ingeborg Olsdtr. Hellingbrenna.
Gm Gunvor Sandersdtr. Barskrind Underåsen 07.09. 1862-1943
Foreldre: Sander Kitilson Barskrind og Sissel Syversdtr. Opheim.
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Underåsen Kolbjørnsen 08.06. 1903-1976
G 1934 m Torkjell Kolbjørnson Bakken. Sjå eige hushald under jarnbanen.
2. Sissel Olsdtr. Underåsen 16.01. 1905-
Barn med Teodor Olsen, gardsarb. frå Bærum født 1898: Odvar Underåsen 1926-1994 ug. anleggsarbeidar, død i Drammen.
*Barn elles
1. Ragnhild Olsdtr. Barskrind Underåsen 10.03. 1887-
G 1911 m Knut Sveinson Hagen. Barn: 4: derav 1 son. Knut reiste til Am. i 1907 og var farmar og handelskar i Alberta i Canada. Ho døydde hjå halvbroren Ivar i Vivelstaddalen (Lier).
    Foreldre: Ola Torsteinson Sausgardshaugen Leikvoll med Gunvor Sandersdtr. Barskrind.
2. David Fritjofson Underåsen 1896.-1899
Foreldre: Fritjof Svensson Ødegård og Gunvor Sandersdtr. Barskrind Underåsen.
3. Svein Fritjofson Underåsen 19.06. 1898-1989
Foreldre: Fritjof Svensson Ødegård og Gunvor Sandersdtr. Underåsen. Sjå neste hushald.
Gunvor reiste til Aaboll, Bohuslen i Sverige. Der vart ho gift 1895 med Fritjof Svensson Ødegård frå Laxarby i Sverige, og fekk to søner med han. Gunvor flytte heim att då ho vart enkje og gifte seg med Ola Hansson. Farsarven til David stod att i Sverige.
    Gunvor og Ola Hansson gifte seg i 1904. Ola Hansson står som eigar i Underåsen i 1904. Ola Hansson er født på Norderhov, men han var konfirmert på Torpo. Truleg var mor hans ei jente frå Torpo som var på tenest på Norderhov.