Åsegarden gnr. 22 bnr. 45
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Åsegarden gnr. 22 bnr. 45-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Åsegarden ligg ved sida av Underåsen, på vestsida av Lya.
    Åsegarden har vore sjølveigarbruk så langt ein kan sjå bakover, dvs. fyrst på 1700-talet.
    Areal 1865: dyrka jord 13 mål; storrslått 8 lass; naturleg eng 8 mål; utslått 11 mål. Avling: 12 tunner bygg og 9 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 62 mål, anna areal 44 mål, produktiv skog 150 mål, anna utmark 150 mål. Buskap: 11 mjølkekyr, 10 ungdyr.
    Våningshus bygt 1970, hallingstugu 1882, driftsbygning 1980, loft.
    Stølar på Langeset, på Veslestøl og på Opheimstølane.
    Rydningen bnr. 46 vart samanføyd med Åsegarden i 1979.
   

{1401} År: 1788

Ola Torsteinson Vesledal Opheim 1721-1792
Gm Guri Olsdtr. Opheim. Foreldre: Torstein Person .. Vesledal og ... .

Ola Torsteinson Opheim fekk auksjonskøyte på Åsegarden i 1788. Pris: 158 rd. Truleg har han hatt paktar i Åsegarden. Sjå Vesledalstugu Opheim, gnr. 22/15.

{1402} År: 1789

Embrik Olson Opheim Åsegarden 21.06. 1761-1793s
Foreldre: Ola Torsteinson Vesledal Opheim og Guri Olsdtr. nordre Opheim. .
Gm Kari Olsdtr. Medhus Åsegarden 09.09. 1759-1844
Foreldre: Ola Olson Stave Medhus nedre og Birgit Knutsdtr. SundreLien.
*Barn
1. Ola Embrikson Opheim 04.12. 1785-
Truleg død i 1790-åra.
2. Ola Embrikson Opheim 1788-1849
Ugift inderst i Kolbjørnsgard. Frå 1844 inderst hjå Eirik Underåsen.
    'Flere brødre, hvoraf en bor i Tønsberg, en i Amerika og den 3.je er en Torping.'
3. Guri Embriksdtr. Opheim 09.01. 1791-
Truleg død i 1790-åra.
4. Torstein Embrikson Opheim Åsegarden 1792-
Gm ... ... . Barn: minst to: Johanne 1823c- ug. i 1865; Mattias 1827c- gardbrukar og sjølveigar på Bjelland, gm Anne Kristine Kristensdtr. (2 barn).
    Torstein skreiv seg Kolbjørnsgard då bror hans var inderst der. I 1849 var han husmann under Bjelland i Sem ved Tønsberg. I 1865 var Torstein kårmann og enkjemann på eit bruk under Bjelland.

Embrik og Kari kom truleg til Åsegarden kring 1789. På ekstratinget våren 1790 kom det opp att Embrik hadde knivstukke landevernsoldat Embrik Botolvson Opheim.
    Embrik døydde snart etter. Buet etter Embrik var 44 rd i 1793. Kari gifte seg på nytt med Ola Olson Tveito, sjå neste hushald.

{1403} År: 1794c

Ola Olson Tveito Åsegarden 27.06. 1762-1839
Foreldre: Ola Olson myljo Tveito og Guri Olsdtr. Gullhagen.
Gm Kari Olsdtr. Medhus Åsegarden 09.09. 1759-1844
Foreldre: Ola Olson Stave nedre Medhus og Birgit Knutsdtr. SundreLien.
*Barn
1. Ola Olson Åsegarden 04.10. 1795-
Ola Olson var soldat fram til ca 1822. Sidan gjekk han rundt på dag-arbeid i bygda. Han vart kalla Kari-Ola og dreiv med handel. Han vitna 1838 om ein tur over fjellet med ein flokk grisar. (1348) s27
    Kari-Ola likte å prøve kreftene i unge år. Ei julehelg slost Kari-Ola med ein dei kalla 'Åsegarden'. Åsegarden kom under, og Kari-Ola fekk velta ei kokande matgjerd-gryte over han. I påska var det nye basketak, no havna Åsegarden sjølv inne i peisen. Og i pinsa gjekk det ikkje betre enn at eit øyra vart skambite.
    Åsegarden tok det ikkje tyngre enn at han oppsummerte hendingane slik: " I jula kokte dei meg, i påska steikte dei meg, og i kvitsunnhelgen toko dei me' rå!" (1644)8
    Truleg gm Birgit Olsdtr. SundreLien. Sjå Sletten 22/47.
2. Embrik Olson Åsegarden 02.05. 1799-1827
Ugift soldat. Død i 1827.
3. Knut Olson Åsegarden 21.08. 1803-
G 1831 m Anne Olsdtr. Løyte. Sjå neste hushald. Reiste 1848 til Am.

Kari vart attgift med Ola Olson i 1794. Ho var enkje etter Embrik Olson nordre Opheim. Ola Olson var husmann med jord i 1801.
    I 1798 vart Ola innklaga til forlikskommisjonen av grannane. Ola hadde teke i bruk ei slåtte "Vesle Kiellersædt" til støl. Det vart semje om at Ola berre skulle bruke slåtta som slåtte (dvs. som før), - utan innhegning. Lauving og rising skulle Ola få utøve "allene til Fornødenhed og Brug for sin Plads Åsegarden". (1407) 25
   

{1404} År: 1832

Knut Olson Åsegarden 21.08. 1803-
Foreldre: Ola Olson Åsegarden og Kari Olsdtr. Medhus.
Gm Anne Olsdtr. Løyte Åsegarden 10.09. 1809-
Foreldre: Ola Olson Løyte og Margit Herbrandsdtr. Brennhovd (Gol).
*Barn
1. Kari Knutsdtr. Åsegarden 09.05. 1832-
Til Am. 1848:
2. Margit Knutsdtr. Åsegarden 15.09. 1833-
Til Am. 1848:
3. Guri Knutsdtr. Åsegarden 07.08. 1840-1843
4. Ola Knutson Åsegarden 20.08. 1842-
Til Am. 1846: Truleg gm Ingrid Knutsdtr. Kamberud f. 1845.
5. Ola Knutson Åsegarden 08.10. 1844-
Til Am. 1846:

Knut og Anne gifte seg i 1831. Knut overtok Åsegarden hjå foreldra i 1832 for 100 spd.
    Kring 1847 vart plassen Rudningen delt frå Åsegarden og selt til Ivar Olson.
    Knut og Anne reiste til Amerika i 1848 med heile familien, og er ikkje spurt sidan.
   

{1405} År: 1848

Ola Embrikson Barskrind Åsegarden 11.04. 1805-1885
Foreldre: Embrik Olson Barskrind og Ingeborg Olsdtr. Lie.
Gm Sissel Kitilsdtr. Veslegard Barskrind 16.03. 1808-1899
Foreldre: Kitil Sanderson Veslegard Hol, og Guri Johannesdtr. søre Berg, Hol.

Ola og Sissel gifte seg i 1837. NB. Ungane står på Nordre Barskrind der familien var fram til 1848.

{1406} År: 1892

Embrik Olson Åsegarden 20.03. 1853-1923
Foreldre: Ola Embrikson Åsegarden og Kari Kitilsdtr. Veslegard (Hol).
Gm Anne Olsdtr. Sire Åsegarden 05.08. 1847-1934
Foreldre: Ola Hermannson Nedre Sire og Dordei Halvorsdtr. Bråten.
*Barn
1. Ola Embrikson Åsegarden 22.09. 1877-1955
G 1906 Strømsø m Sissel Halvorsdtr. Haugo. Sjå neste hushald.
2. Embrik Embrikson Åsegarden 24.06. 1888-1985
=Engebret. Ugift. Han budde i Oslo, arbeidde m.a. på ein kjeksfabrikk. Engebret flytte heim att til Opheim som pensjonist.

Embrik og Anne gifte seg i 1877. Dei overtok garden i 1892 for 1400 kr og kår til foreldra hans.