Sletten gnr. 22 bnr. 47
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sletten gnr. 22 bnr. 47-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Småbruket Sletten ligg lengst nord av bruka på vestsida av Lya. Bruket vart frådelt i 1864. Innmarka er omlag 13 mål.
    På Sletten står ei gamal stugu og eit hus som er uferdigt. (Eit tidlegare bedehus).
    Til bruket høyrer heimstølen Tolleivstølen og litt skog.
    Sletten er no ubebudd og ligg under Gåsterud.

{1413} År: 1853c

Ola Olson Opheim Åsegards-eie 1797.-1881
Foreldre: Ola Olson ... og ... Merk, fyrste dottera heiter Kari. Ola er truleg sonen til Ola Olson Tveito Åsegarden og Kari Olsdtr. Medhus som er i 1794-hushaldet på Åsegarden.
Gm Birgit Olsdtr. Helgelien Åsegards-eie 23.09. 1826-1860
Foreldre: Ola Sveinson Strand-Tunehagen Sundre Helgelien og Anne Olsdtr. Bakketeigen.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Åsegards-eie Rynningen 30.11. 1853-
Gm Olaus Olsen, Bærum. Barn: Bernt 1880- ; Ottilie 1881- ; Karl 1886- ; Syver 1888- ; Karen 1894- ; Olaus 1897- ; Torleif 1900- .
    Kari reiste til Ringerike i 1875 for å ta seg tenest. I 1900 budde dei på Rynningen i Hole. Olaus var husmann med jord. (1232)
2. Anne Olsdtr. Åsegards-eie Larsen 04.03. 1855-
Gm smed Magnus Larsen frå Haugen i Sigdal. Barn: Anne Marie 1880- og Lars 1881- .
    Bustad: Sandmoen, ein plass under Hamremoen i Krødsherad. Dei reiste til Amerika i 1882.

Ola og Birgit gifte seg i 1853. Birgit døydde i barselseng 36 år gamal.

{1414} År: 1864

Håkon Olson Dølahaugen Sletten 07.05. 1835-1869
Foreldre: Ola Håkonson Storlien Dølahaugen og Ambjørg Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Birgit Hermannsdtr. Sveinsrud Sletten 23.05. 1833-1912
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud.
*Barn
1. Ambjørg Håkonsdtr. Dølahaugen Sletten 17.01. 1868-1951
G 1888 m Lars Knutson Opheimshagen og Opheim Embriksgarden Sletten. Sjå neste hushald.

Håkon og Birgit gifte seg i 1866. På skiftet etter Håkon i 1872 fekk Birgit overta bruket. Birgit gifte seg opp att i 1872. Sjå neste hushald.

{1415} År: 1872

Birgit Hermannsdtr. Sveinsrud Sletten 23.05. 1833-1912
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud.
Gm Tor Syverson Haugo Sletten 20.04. 1838-1907
Foreldre: Syver Torson Haugo u/Torpo og Gjertrud Olsdtr. Sataslåtta.

Birgit gifte seg opp att i 1872 med Tor Syverson. Han var gardbrukar og skomakar.