Jorde gnr. 22 bnr. 48
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Jorde gnr. 22 bnr. 48-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Jorde ligg nedst i jordet nedanfor Garden Opheim. Jorde, Opheimsjorde og Huserjordet m.m. var husmannsplassar som flaut i hop i kjeldene. Det stod oftast berre Opheimsjordet. Det kan såleis vera fleire plassar under dette namnet, og brukarrekkjene kan vera vanskelege å fylgje. For å unngå samanblanding med garden Opheimsjorde har eg nytta 'OpheimJorde' fram til 'Jorde' overtok. Jorde er samanføyd bnr. 22/21 og 23 og 48.
    Areal 1865: dyrka jord 9 1/2 mål; naturleg eng 12 mål. Avling: 9 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 62 mål, anna areal 15 mål, prod. skog 180 mål, anna utmark 120 mål.
    Våningshus bygt 1987, kårhus 1953, driftsbygning 1946, halvparten rivi og oppattbygd 1994, loft og badstugu omkr. 1900.
    Stølar: heimstøl på Helsingset, langstølar Listølane (Opheimstølane) og støl Nystølen. (Fråselt til Torleiv Jordet på Guttormplassen).
   

{1419} År: 1755c

Ola Person Bråten OpheimJorde 1725c-
Foreldre: Per ... ... . (Per Olson Leikvoll kan tenkjast, men det er ikkje prova.)
Gm Margit Tolleivsdtr. Leikvoll? OpheimJorde 1725c-
Foreldre: Tolleiv ... ... og ... .
*Barn
1. Klemet Olson OpheimJorde 08.05. 1757-
Gm Anne Salvesdtr. Barn: Ola 1788- låg sjuk i 4 år; Elisabet 1795- ; Salve 1800- snikkar, gm Guri Gunnarsdtr.; Tor 1814- tømmermann, gm Trine Nilsdtr. (3 barn); Mette 1821- gm reipslager Jørgen Tønnesen (5 barn).
    Klemet reiste ut etter konfirmasjonen i 1777. Sidan høyrde ingen frå han før han sende brev via prokurator Sørensen til skiftet etter halvsystera Margit Jonsdtr. Han arva 49 rd etter halvsystera i 1803.
    Snikker, tidlegare sersjant busett i Kristiansand. Dei leige hus hjå enkja Stine Sveinsdtr. Han kalla seg 'Klemet Olson Skjervheim'. Truleg oppattgift.

Ola og Margit gifte seg i 1755. Sonen er døypt som 'Opheimsjordet'. Men me finn ingen av dei i 1762-manntalet.

{1420} År: 1800

Håkon Olson Opheim Utluteigen 08.06. 1756-1823
Gm Turid Olsdtr. Medhus. Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Margit Larsdtr. Opheim.

Meir om Håkon og Turid under Utluteigen, gnr. 22/5d og Nedre Sire, gnr. 4/28.
    Håkon Olson Opheim selde 'eiende og påboende' plass Opheimsjorde til Torkjell Olson Opheim Vesledalstugu i 1800. Og 8 år seinare selde Håkon Olson odelsretten til Torkjell Olson for 160 rd.
    Då Torkjell Olson overførde Vesledalstugu til sonen i 1821skulle Torkjell Olson og kona ha Perplassen til bruk som kår. Dvs. Torkjell ville ikkje bu der, men sonen skulle køyre avlinga til Vesledalstugu, og møka attende til Perplassen. Sonen skulle halde såkorn, så ville Torkjell gjera våronna sjølv.

{1421} År: 1841


Halvor Knutson Opheim på søre Garden overtok Opheimsjorde etter Ola Olson Hesla i Vesledalstugu i 1841. Truleg vart bruket drive under Halvor Knutson sin gard fram til 1867. Då overtok dottera og svigersonen bruket.

{1422} År: 1867

Helge Syverson Opheim OpheimJorde 25.11. 1833-1903
Foreldre: Syver Rasmusson Rasmusgarden Opheim og Gunvor Holgesdtr. Tufte.
Gm Kari Halvorsdtr. Opheim OpheimJorde 03.03. 1846-1932
Foreldre: Halvor Knutson Søre Garden Opheim og Gro Håkonsdtr. Bøygard.
*Barn
1. Gunvor Helgesdtr. OpheimJorde 21.09. 1866-1868
2. Gro Helgesdtr. OpheimJorde Haugen 01.12. 1867-1949
G 1905 m Torkjell Person Tretterudhaugen, gnr. 4/46.
3. Gunvor Helgesdtr. OpheimJorde Barskrind 02.07. 1868-1953
G 1897 Bragernes m Syver Sanderson Barskrind, gnr. 19/1.
4. Syver Helgeson OpheimJorde 04.10. 1871-1954
Ug. Sjå 1906-hushaldet.
5. Halvor Helgeson OpheimJorde 16.01. 1873-
Ug. Budde i Dakota i 1903.
6. Rasmus Helgeson OpheimJorde 29.01. 1875-1877
7. Helge Helgeson OpheimJorde 13.10. 1876-
Ug. Farmar i N-Dakota. Helge var heim att ein tur på 1930-talet. Han fortalde frå fyrste hausten på farmen han fekk kjøpt. Det hadde vore ein husdyrpest i området, så det låg daude dyr rundt ikring. Og farmen var utan hus. Hadde det vore pengar, så hadde han truleg reist heim att.
    Farmen låg i noko bakkut terreng, med hest gjekk arbeidet greitt. Etterkvart viste det seg at farmen høvde dårleg til mekanisering.
8. Rasmus Helgeson OpheimJorde 14.01. 1879-1961
Ug. Målar. Rasmus flytta kårstugu i Jorde til ny tomt i Gåsterud.
9. Lars Helgeson OpheimJorde 20.11. 1880-1971
Ug. Ymse gardsarbeid. Budde saman med broren Rasmus.
10. Knut Helgeson OpheimJorde 14.07. 1882-
Ug. Budde i Dakota i 1903.
11. Ola Helgeson OpheimJorde 07.08. 1885-1958
G 1911 m Birgit Larsdtr. Teigen. Sjå 1910-hushaldet.

Helge og Kari gifte seg i 1865. Dei bygde nye hus i Jorde. I 1906 selde dei garden til sonen Syver, som selde vidare til broren Ola i 1910.