Hagen gnr. 22 bnr. 51
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Hagen gnr. 22 bnr. 51-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bruket Hagen eller Amaliehagen ligg 'oppå jordo' i Opheim. Hagen var plass under Nordre Opheim. I dag vert Hagen drive saman med Mehushaugen og Embrikstugu.
    Areal 1865: Amaliehagen: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 1 mål, utslått 26 mål. Avling 9 tunner bygg og 9 tunner potet.
    Areal 1995 (inkl. underbruk): dyrka jord 90 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 300 mål, anna utmark 75 mål. Buskap: 14 mjølkekyr, 14 ungdyr.
    Våningshus bygt 1976, kårhus, driftsbygning 1972, reiskapshus 1980, loft.
    Stølar: Helsingset, Veslestølen og Langåsen.
   
{1427} År: 1772
Lars Olson Opheim Amaliehagen 23.04. 1747-1819
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Margit Larsdtr. ... 1716- .
Gm Birgit Hermannsdtr. Medhus Amaliehagen 1739-1807.
Foreldre: Hermann Olson Medhus og Ingeborg Halvorsdtr. ...
Gm Ågot Larsdtr. Svarteberg Amaliehagen 14.10. 1764-1845
Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. Hove.
Lars bygsla halve 'Koperøs' (4 lb.) gods under nordre Opheim i 1772. Han overtok bygsla etter mora som då var blind og aldrande. Ho fekk kår då han overtok.
    I 1783 vart Lars stevna for tukthus-rett på Sundre etter å ha vore trulova med Birgit Hermannsdtr. No ville ikkje Lars "fullbyrde ekteskapet", og dermed vart han anmeld av presten. Lars sa det slik: då festarmøya hadde vore hjå han 14 dagar våren 1782, vart ho uroleg i sinnet, og reiste heim att til Medhus.
    Men dersom han kunne leva skikkeleg med henne, så ville han likevel inngå ekteskap. Birgit sa at han hadde vore "knorvoren" mot henne, men at ho var villig til giftemål. Lars slapp tukthus ved å lova giftarmål innan 6 veker ... (1436) s 5
    Oleiv, ein ugift bror av Lars budde her i 1801.
    Lars vart attgift 1808 med Ågot Larsdtr. Lars fekk ingen barn. Buet etter Ågot Larsdtr. var omlag 261 spd, og arvingar var syskena hennar.
   
{1428} År: 1808
Torkjell Olson Opheim Vesledalstugu kjøpte Hagen hjå skogoppkjøparane Hallgrim Ruud og Guttorm Hoftun i 1808. Torkjell Olson brukte Hagen under Vesledalstugu fram til 1838 då han selde til Tolleiv Sveinson Rikansrud.
{1429} År: 1838
Tolleiv Sveinson Rikansrud OpheimsHagen 14.03. 1811-1863
Foreldre: Svein Olson Skottebøl Rikansrud og Anne Arnesdtr. Roen (Gol).
Gm Amalia Knutsdtr. Opheim OpheimsHagen 01.10. 1819-1896
Foreldre: Knut Halvorson Søre Opheim og Marte Hansdtr. Nubgarden.
*Barn
1. Svein Tolleivson OpheimsHagen 10.07. 1842-1910
G 1867 m Helge Olsdtr. Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
Tolleiv og Amalia gifte seg i 1838. Tolleiv fekk skøyte 1838 på Hagen frå Ola Torkjellson Opheim. Pris 700 spd og kår til Torkjell Olson og Ågot Larsdtr.
    Ola Olson Opheim, som var gift med eldste dotter til Ola Torkjellson Opheim, sa frå seg all rett til garden. (1544)605
{1430} År: 1866
Svein Tolleivson OpheimsHagen 10.07. 1842-1910
Foreldre: Tolleiv Sveinson Rikansrud OpheimsHagen og Amalia Knutsdtr. søre Opheim.
Gm Helga Olsdtr. Opheimsjorde OpheimsHagen 01.09. 1849-1932
Foreldre: Ola Eirikson Opheimsjordet og Anne Syversdtr. Opheim.
*Barn
1. Tolleiv Sveinson OpheimsHagen 21.02. 1868-
G 1896 m Margit Sandersdtr. Barskrind. Sjå Medhusjordet, gnr. 21/5. Til Am.
2. Amalia Sveinsdtr. OpheimsHagen Helling 19.08. 1871-1907
G 1895 m Johan Nilsson nordre Helling, gnr. 20/5.
3. Anne Sveinsdtr. OpheimsHagen Finstad 10.11. 1874-
Gm Gustav Paulson Finstad, Eidsvoll. Barn: Kristine 1895-1978 gm Eirik Halvorson Bråten; Martin 1897-03.
    Anne fekk ikkje sitja i enkjesete på Finstad. Ho måtte reise frå garden med ungane.
4. Ola Sveinson OpheimsHagen 11.12. 1877-1960
G 1913 m Ingrid Borgersdtr. Gunhildgard. Sjå neste hushald.
5. Marte Sveinsdtr. OpheimsHagen 26.01. 1882-1885
6. Knut Sveinson OpheimsHagen 24.01. 1885-
G 1911 m Ragnhild Olsdtr. Barskrind 1887- . Barn: 4: derav 1 son.
    Til Am. i 1907. Farmar og handelskar i Alberta i Canada.
7. Eirik Sveinson OpheimsHagen 31.01. 1888-
Ug. i 1928. Til Am. i 1908: farmar i Alberta, Canada. Så selde han og gjekk på dagarbeid. (1414)
8. Marte Sveinsdtr. OpheimsHagen 28.10. 1890-1891
9. Embrik Sveinson OpheimsHagen Bakken 26.02. 1893-1969
G 1926 m Guri Larsdtr. Bråten. Sjå Slettebakken, gnr. 20/17.
Svein og Helga gifte seg i 1867. Helga fødde lett. Det vart fortalt om ein fødsel, ho stod ved skåpet og drakk mjølk då barnet kom.