Hagajordet gnr. 22 bnr. 52
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Hagajordet gnr. 22 bnr. 52-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Hagajordet vert mest kalla Larsehagen eller berre Hagen i daglegtale. Småbruket Hagajordet vart frådelt AmalieHagen i 1846.
    Areal 1865: åker 3 1/2 mål, naturleg eng 10 mål, utslått 18 mål.
    Areal 1995: dyrka jord 33 mål som vert leigd bort, anna areal 37 mål, produktiv 50 skog mål, anna utmark 50 mål. Våningshus bygt 1979, loft og ein gamal låve.
    Stølar: heimstøl på Helsingset. Langstøl på "Flæin". (Selt til broren Bjarne på Nyhus.)
    Hagajordet, 22 mål dyrka, 33 mål beite, 144 mål skog, 56 mål anna. I 2000 vart bruket delt opp og selt. Eigaren sit att med tunet.
   
{1434} År: 1846
Knut Olson Ulshagen Opheimshagen 12.08. 1815-1897
Foreldre: Ola Larsson Svarteberg Haustteigen og Haldis Knutsdtr. Ulshagen.
Gm Ragnhild Olsdtr. Opheim Rasmusjordet 16.11. 1817-____
Foreldre: Ola Mikkelson Medhus Opheim og Anne Botolvsdtr. Embriksgarden Opheim.
Knut og Ragnhild gifte seg i 1841. Sjå meir om dei år 1861 under Rasmusjordet. Dei kjøpte Hagajordet i 1846. Sonen Lars Knutson kjøpte Hagajordet i 1895.
{1435} År: 1895
Lars Knutson Opheim(sHagen) 1862-1945 kjøpte Hagajordet i 1895 og selde att i 1901. Om han, sjå Embriksgarden Opheim gnr. 22/10, Medhus gnr. 21/3 og Sletten gnr. 22/47.