Haugo gnr. 22 bnr. 53
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Haugo gnr. 22 bnr. 53-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Haugo eller Ørjanshaugen. Namnet Ørjanshaugen kjem nok av ein Ørjans i Opheimsgardane, kan hende var Ørjans Torson Underåsen innom ei tid.
    Husmannsplassen Ørjanshaugen vart frådelt Haugo i 1813. Ørjanshaugen (eller delar av den) vart også kalla Opheimshaugen (saman med 5-6 andre plassar), Haugeteig-eie og Hauge-plass. Åsehaugen vart plassen kalla i 1765.
    I 1799 heitte det at Halvor Ivarson selde 'Ørjanshaugen, men held att Kvernhaugen'! Plassen Kvernhaugen har hatt mykje folk jamsides i tid med Ørjanshaugen. Seinare har nok Kvernhaugen kome saman med Ørjanshaugen att.
    Areal 1995: dyrka jord 75 mål, anna areal 100 mål, produktiv skog 260 mål, anna utmark 200 mål. Leigd jord 20 mål. Våningshus bygt 1965, driftsbygning 1984, loft. Stølar på Helsingset og på langstølen.
   
   
{1440} År: 1770c
Halvor Ivarson Vesledal Opheimshaugen 1743-1810
Foreldre: Ivar Anderson Rotneim Vesledal og Margit Halvorsdtr. Sire.
Gm Ingeborg Rasmusdtr. Opheimshaugen 1729-1778
Foreldre: Rasmus Person Opheim og Sigrid Guttormsdtr. Helling.
Gm Turid Rasmusdtr. Opheim Opheimshaugen 13.08. 1752-1822
Foreldre: Rasmus Oleivson Rasmusgarden Opheim og Guri Holgesdtr. Ruud.
Halvor Ivarson gifte seg 1765 med Ingeborg Rasmusdotter. Ingeborg arva Ørjanshaugen på skiftet etter faren i 1739. Ho var noko vanfør. På skiftet etter Ingeborg i 1779 var det 147 rd å dele på bror og syster og enkjemann.
    NB. Dette skiftet er eit grovt døme på korleis øvrigheita sløsa med papiret til god betaling. Det som var 4 sider i protokollen, vart 19 sider i utskrift som kosta 9 rd og 2 ort !
    Halvor gifta seg opp att med Turid Rasmusdotter omlag 1780. Dei budde i Opheimshaugen og i Haugo. Ungane er førte på Ørjanshaugen gnr. 22/54a.
    Dei selde Vesledal i 1784 for 184 rd. Selde Ørjanshaugen etter 10 år i 1799, men heldt då att Kvernhaugen til bruk på livstid. Halvor døydde i Haugeteigen under Haugo i 1810.
    Frå 1810 fekk Turid Rasmusdotter 13 rd årleg støtte hjå kassa. Knut Kolsrud skulle kjøpe inn mat for henne. Turid fekk seg korn som årleg støtte i 1815 og framover. (777)
{1441} År: 1799
Asle Arneson Bøygard Haugo 08.10. 1747-1829s
Foreldre: Per Arneson Bøygard og 2.g. Guri Olsdtr. nordre Lå.
Gm Liv Embriksdtr. Skjervheim Haugo 10.12. 1752-1810
Foreldre: Embrik Syverson Ruud Skjervheim og Mari Nilsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Arne Asleson Haugo 1787-1851
Ug. Ingen livsarvingar. Då Solve S. Odden overtok Ørjanshaugen i 1838, var eit av vilkåra at Arne Asleson Haugo skulle ha kår.
2. Nils Asleson Ørjanshaugen Haugeteigen 1790-
G 1827 m Ingeborg Halsteinsdtr. Lauvsletten. Sjå Kvernhaugen, gnr. 22/54. Til Namdalen.
3. Rasmus Asleson Ørjanshaugen Haugo 1792-1876
G 1815 m Gunhild Halvorsdtr. Opheim. Sjå Odden, gnr. 10/10, Haugo, gnr. 22/53 og Ørjanshaugen.
Asle og Birgit gifte seg i 1785. Asle fekk Ørjanshaugen som ei fylgje av at han tok seg av slektningen Birgit Rasmusdtr. Ørjanshaugen. Ho var "et gammelt og sygelig fruentimmer" og skulle ha 2 tunner bygg, framfødd 2 kyr og 3 sauer osv.
    Asle kjøpte Ørjanshaugen 1799 for 299 rd. Eit mellomsbels unntak: Kvernhaugen som seljaren Halvor Ivarson heldt attende til eige bruk på livstid.
    Asle selde 1815 teigen Kvernhaugane og ei slette til sonen Nils for 200 rbd.
    Arvingane skifta sjølve etter Asle, men det gjekk lettvindt for seg med syskenbarnet Embrik Bøygard som einaste skrivekyndige. 'Deretter var de alle fornøyde' , står det. Men sonen Nils kravde offentleg skifte etterpå. Rasmus fekk skøyte på Haugo.
{1442} År: 1813
Rasmus Asleson Ørjanshaugen Haugo 1792-1876
Foreldre: Asle Arneson Bøygard Ørjanshaugen og Liv Embriksdtr. Skjervheim.
Gm Gunhild Halvorsdtr. Opheim Ørjanshaugen 1796-1878
Foreldre: Halvor Knutson Opheim Garden og Birgit Torkjellsdtr. Søre Rime.
*Barn
1. Asle Rasmusson Ørjanshaugen 17.02. 1816-
2. Liv Rasmusdtr. Ørjanshaugen Underåsen 02.04. 1819-1898
G 1845 m Ola Tolleivson Underåsen, gnr. 22/44.
3. Halvor Rasmusson Ørjanshaugen Skriudalen 22.09. 1822-1906
G 1845 m Haldis Olsdtr. Sørbøen. Sjå Skriudalen, gnr. 33/3. Dei reiste til Amerika i 1869.
4. Lars Rasmusson Ørjanshaugen 06.07. 1825-
Til Am. i 1849:
5. Birgit Rasmusdtr. Ørjanshaugen 17.02. 1830-1895
G 1851 m Ola Embrikson Barskrind. Barn: Ingeborg 1854- ; Anne 1862- ; Ingebret 1865- .
    Til Am. Gravlagt på Old West Paint Creek Cemetery, Allamakee Co., Iowa. (J. Marler)
6. Anne Rasmusdtr. Ørjanshaugen 14.05. 1834-
7. Syver Rasmusson Ørjanshaugen 19.07. 1837-
Til Am. 1852:
Rasmus og Gunhild gifte seg i 1815. Rasmus fekk skøyte på Ørjanshaugen i 1813.
    Ved makeskifte av 1838 overtok Rasmus Odden og 300 spd, medan Solve S. Odden fekk Ørjanshaugen inkl. eit kår. (1544)460
    Rasmus var kunnig med sårbehandling. Denne familien reiste til Amerika, truleg i åra 1849 til 1852.
{1443} År: 1838
Solve Solveson Helling Odden 1793.-1841
G 1826 m Margit Oleivsdtr. Bråten. Barn: Oleiv 1827- og Halvor 1832- (Huserjordet)
Foreldre: Solve Knutson Helling/Nubgarden og Kari Halvorsdtr. Opheim.
Sjå makeskiftet av 1838 i førre hushald. Solve døydde alt i 1841. Om han og familien sjå under Odden, gnr. 10/10, Guttormsplassen og Granlien.
{1444} År: 1860
Halvor Solveson Odden Haugo 01.02. 1832-1907
Foreldre: Solve Solveson Helling Opheimsjordet Odden og Margit Oleivsdtr Bråten
G 1860 m Birgit Syversdtr. Opheim. Om barna, sjå nedre Dølahaugen. Dei budde i Haugo unnateke åra 1862-67 då dei var i Huserjorde. NB. Sonen Ola kom inn att i Haugo i 1884.
{1445} År: 1862
Oleiv Solveson Odden Hakkebakken 18.01. 1827-1923
Foreldre: Solve Solveson Odden Haugo og Margit Oleivsdtr. Bråten.
Gm Anne Olsdtr. Granhagen Haugo 01.10. 1824-1914
Foreldre: Ola Olson Helling (ungkar) og Jørand Sevatsdtr. Granhagen Brenno.
*Barn
1. Margit Oleivsdtr. Hakkebakken 23.11. 1847-1847
2. Solve Oleivson Haugo Moldbakken 09.02. 1849-1937
G 1879 m Birgit Halvorsdtr. Opheim. Sjå Moldbakken, gnr. 9/13.
    Solve Haugo var flink til å synge. Om morgonen 17. mai kunne han sitja på Nøbben og syngja så det høyrdest utover heile grenda.
3. Ola Olson Hakkebakken 14.01. 1855-
4. Ola Olson Hakkebakken 16.12. 1856-1858
5. Ola Oleivson Haugo 12.06. 1859-
G 1882 m Turi Henriksdtr. Helling 1861- . Inderst på Helling i 1882. Barn: Anne 1882- .
    Sidan gm ... ..., Stavanger. Busett i Am. i 1916. (1553)1916/29
6. Halvor Oleivson Hakkebakken Haugo 01.11. 1863-1951
G 1889 m Marte Andersdtr. Underåsen. Sjå Haugo 22/3.
7. Guri Oleivsdtr. Bakken 13.01. 1866-1933
Ugift, ho stellte far sin i 1916.
8. Anne Oleivsdtr. Hakkebakken Bråten 13.01. 1866-1934
G 1888 m Halvor Oleivson Bråten. Sjå Bråten, gnr. 22/43.
*Barnebarn
1. Anne Olsdtr. Helling Haugo? 01.02. 1882-
Foreldre: Ola Oleivson Haugo Helling og Turid Henriksdtr. Helling.
Oleiv og Anne gifte seg i 1847. Anne budde i Sataeie då ho gifte seg. Dei var i Hakkebakken fram til 1861. Då kjøpte Oleiv bruket Haugo hjå broren Halvor for 300 spd. I 1866 kjøpte Halvor attende bruket hjå Oleiv.
    Det er uvisst kvar dei budde i 1875. I 1891 var Oleiv hustømmermann og husmann med jord i Opheim, men det står ikkje kva plassen heitte.
    I unge år reiste Oleiv over til Eidfjord på arbeid. Men arbeid vart det mindre av, han vart alvorleg sjuk, miste håret og vart liggande daudsjuk i mange veker. Folk tok seg av han så godt dei kunne, og dei rekna ikkje med at han skulle overleva.
    Men Oleiv vann over sjukdomen og kvekna omsider til att såpass at dei fann dei ville sende han heim att. Dei sende åder til Ål og bad folk møte med skikjelke på Maurset. Vegen frå Eidfjord og opp Måbøgaldane var ein hengbratt stig med 1300 trinn den tid.
    Men Lars Sæbø tok Oleiv på ryggen og bar han opp, aleine! Og Torstein Torhagen overtok og drog han heim på kjelken.
    Sidan vann Oleiv att helsa og vart ein vanleg, sterk kar. (1481)
    I 1900 var han byggmeister. Død som 'Haugo'.
   
{1446} År: 1884
Ola Halvorson Haugo 16.09. 1856-1935
Foreldre: Halvor Solveson Haugo Dølahaugen og Birgit Syversdtr. Opheim.
Gm Birgit Torkjellsdtr. Bakken Haugo 19.12. 1851-1940
Foreldre: Torkjell Knutson Hakkebakken og Ingrid Torkjellsdtr. Opheim.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Haugo 16.06. 1885-1956
G 1907 m Ola Håkonson Brenna Haugo. Sjå neste hushald.
Ola og Birgit gifte seg i 1884. Ola overtok Haugo for 2400 kr og kår same året.