Ørjanshaugen gnr. 22 bnr. 54
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Ørjanshaugen gnr. 22 bnr. 54a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Husmannsplassen Ørjanshaugen vart frådelt Haugo i 1813. Ørjanshaugen (eller delar av den) vart også kalla Opheimshaugen (saman med 5-6 andre plassar), Haugeteig-eie og Hauge-plass. Åsehaugen vart plassen kalla i 1765.
    I 1799 heitte det at Halvor Ivarson selde 'Ørjanshaugen, men held att Kvernhaugen'! Plassen Kvernhaugen har hatt mykje folk jamsides i tid med Ørjanshaugen. Ut frå dette har Ørjanshaugen fått eit oppkonstruert bnr. 54 a under Kvernhaugen. Seinare har truleg Kvernhaugen kome saman med Ørjanshaugen att. Sjå også Kvernhaugen.
    Ørjanshaugen vart etterkvart underbruk under Dølahaugen, deretter Huserjordet og sidan Karigarden. I dag ligg bruket under Rudningen. Det ser ut til at plassen vart fråflytta kring 1865.
   
{1458} År: 1770c
Halvor Ivarson Vesledal Ørjanshaugen 1743-1810
Foreldre: Ivar Anderson Rotneim Vesledal og Margit Halvorsdtr. Sire.
Gm Ingeborg Rasmusdtr. Opheimshaugen 1729-1778
Foreldre: Rasmus Person Opheim og Sigrid Guttormsdtr. Helling.
Gm Turid Rasmusdtr. Opheim Ørjanshaugen 13.08. 1752-1822
Foreldre: Rasmus Oleivson Rasmusgarden Opheim og Guri Holgesdtr. Ruud.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ivar Halvorson Opheimshaugen 27.12. 1769-1779f
*Barn i andre ekteskap
1. Ivar Halvorson Opheimshaugen 1781-1801f
Død før 1801.
2. Rasmus Halvorson Opheimshaugen 1784-1801f
Død før 1801.
3. Margit Halvorsdtr. Opheimshaugen 1787-1801f
Død før 1801.
4. Ivar Halvorson Haugo Brusedokken 07.03. 1790-1869
G 1821 m Gunhild Solvesdtr. Medgarden. G 1857 m Guri Tomasdtr. TretterudHaugen. Sjå Brusedokken, gnr. 24/4.
5. Margit Halvorsdtr. Opheimshaugen 1793-
G 1831 m Knut Anderson Mørk (Hemsedal s 70) Kvar budde dei?
6. Rasmus Halvorson Opheimshaugen Gjerden 1796-1863
G 1829 m Eli Eivindsdtr. Eilevmoen. Barn: Turid 1829- g 1856 m møllar Martin Pettersen, Bærum - til Am.; Halvor 1834- til Am. 1855, gm enkje Sigrid Knutsdtr. Haugen-Liabergstølen, Hol - farmar i Appelton, Swift Co MN; Eivind 1838-1910 g 1863 m Eli Tolleivsdtr. Klepp; Ivar 1842-1842; Haldis 1843- gm ... ... , gm .. Gøransen, København - dreiv restaurant der; Ivar 1848- ug. busett i Chicago; Ola 1850- til Am. ; Tolleiv 1855- gm Juline Jørgenson, Østerdalen, farmar i Hanto tp. Lac Qui Pearle Co, MN.
    Rasmus var den fyrste som rydda og bygde i Eivindgjerda på Gol. (Gol V s 300)
Halvor Ivarson gifte seg 1765 med Ingeborg Rasmusdotter. Ingeborg arva Ørjanshaugen på skiftet etter faren i 1739. Ho var noko vanfør. På skiftet etter Ingeborg i 1779 var det 147 rd å dele på bror og syster og enkjemann.
    NB. Dette skiftet er eit grovt døme på korleis øvrigheita sløsa med papiret til god betaling. Det som var 4 sider i protokollen, vart 19 sider i utskrift som kosta 9 rd og 2 ort !
    Halvor gifta seg opp att med Turid Rasmusdotter omlag 1780. Dei budde i Opheimshaugen og i Haugo. I 1779 lånte Halvor 69 rd mot pant i Åsehaugen.
    Dei selde Vesledal i 1784 for 184 rd. Selde Ørjanshaugen etter 10 år i 1799, men heldt då att Kvernhaugen til bruk på livstid. Halvor døydde i Haugeteigen under Haugo i 1810.
    Frå 1810 fekk Turid Rasmusdotter 13 rd årleg støtte hjå kassa. Knut Kolsrud skulle kjøpe inn mat for henne. Turid fekk seg korn som årleg støtte i 1815 og framover. (777)
{1459} År: 1799
Asle Arneson Bøygard Haugo 08.10. 1747-1829s
Foreldre: Arne Person Bøygard og 2.g. Guri Olsdtr. nordre Lå.
Gm Liv Embriksdtr. Skjervheim Haugo 10.12. 1752-1810
Foreldre: Embrik Syverson Ruud Skjervheim og Mari Nilsdtr. Skjervheim.
Asle og Birgit gifte seg i 1785. Asle fekk Ørjanshaugen som ei fylgje av at han tok seg av slektningen Birgit Rasmusdtr. Ørjanshaugen. Ho var "et gammelt og sygelig fruentimmer" og skulle ha 2 tunner bygg, framfødd 2 kyr og 3 sauer osv.
    Asle kjøpte Ørjanshaugen 1799 for 299 rd. Eit mellomsbels unntak: Kvernhaugen som seljaren Halvor Ivarson held attende til eige bruk på livstid.
    Asle selde 1815 teigen Kvernhaugane og ei slette til sonen Nils for 200 rbd.
    Arvingane skifta sjølve etter Asle, men det gjekk lettvindt for seg med syskenbarnet Embrik Bøygard som einaste skrivekyndige. 'Deretter var de alle fornøyde' , står det. Men sonen Nils kravde offentleg skifte etterpå. Rasmus fekk skøyte på Haugo.
{1460} År: 1813
Rasmus Asleson Ørjanshaugen Haugo 1792-1876
Foreldre: Asle Arneson Bøygard Ørjanshaugen og Liv Embriksdtr. Skjervheim.
Gm Gunhild Halvorsdtr. Opheim Ørjanshaugen 1796-1878
Foreldre: Halvor Knutson Opheim Garden og Birgit Torkjellsdtr. Søre Rime.
*Barn
1. Asle Rasmusson Ørjanshaugen 17.02. 1816-
Foreldre: Rasmus Asleson og Gunhild Halvorsdtr. Haugo.
2. Liv Rasmusdtr. Ørjanshaugen Underåsen 02.04. 1819-1898
G 1845 m Ola Tolleivson Underåsen, gnr. 22/44.
3. Halvor Rasmusson Ørjanshaugen Skjervheimshagen 22.09. 1822-1906
G 1845 m Haldis Olsdtr. Sørbøen. Sjå Skjervheimhagen. Til Am. i 1869.
4. Lars Rasmusson Ørjanshaugen 06.07. 1825-
Til Am. i 1849:
5. Birgit Rasmusdtr. Ørjanshaugen 17.02. 1830-1895
G 1851 m Ola Embrikson Barskrind. Til Am.i 1852. Gravlagt på Old West Paint Creek Cemetery, Allamakee Co., Iowa. (J. Marler)
6. Anne Rasmusdtr. Ørjanshaugen 14.05. 1834-
7. Syver Rasmusson Ørjanshaugen 19.07. 1837-
Til Am. 1852:
Rasmus og Gunhild gifte seg i 1815. Rasmus fekk skøyte på Ørjanshaugen i 1813.
    Ved makeskifte av 1838 overtok Rasmus Odden og 300 spd, medan Solve S. Odden fekk Ørjanshaugen inkl. eit kår. (1544)460
    Rasmus var kunnig med sårbehandling. Denne familien reiste til Amerika, truleg i åra 1849 til 1852.
   
{1461} År: 1838
Solve Solveson Helling Odden fekk Ørjanshaugen ved makeskifte i 1838, medan fekk Rasmus overtok Odden og 300 spd. (1544)460
    Solve døydde alt i 1841. Om han sjå under Guttormsplassen, Odden og Granlien.
{1462} År: 1846c
Eirik Eirikson Barskrind Dølahaugen 20.06. 1815-1849
Foreldre: Eirik Syverson Barskrind og Birgit Knutsdtr. Gro (Gol).
Gm Anne Torsdtr. Hestehagen Dølahaugen 27.07. 1814-1883
Foreldre: Tor Sveinson Hestehagen og Turid Torsteinsdtr. Opheim.
*Barn
1. Eirik Eirikson Haugo DølaHaugen 25.05. 1847-1937
G 1872 m Anne Larsdtr. Reiersgard. Sjå nedre Dølahaugen.
2. Tor Eirikson Dølahaugen Kolsrud 23.09. 1848-1936
G 1880 m Birgit Persdtr. Kolsrud. Sjå Kolsrud, gnr. 14/1.
Eirik og Anne gifte seg i 1846. Sonen Tor vart døypt som Haugeteig-eie i 1848. Eirik gjekk bort etter tre år. I FT 1865 står Anne Torsdtr. som husmannsenkje på 'Dølahaugen' (22/11), eit bruk som ho kjøpte i 1868. Sjå vidare under 22/11.