Karigarden gnr. 22 bnr. 57
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Karigarden gnr. 22 bnr. 57-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Karigarden er den gardeparten som vart frådelt nordre Opheim i 1670-åra. Namnet har garden fått frå enkja Kari Arnulfsdotter som sat med garden i vel 25 år, dvs. fram til omlag 1725.
    Det gamle tunet i Karigarden låg oppe ved vegen. Ved utskiftinga i 1890-åra vart tunet flytta nedst i jordet. Før den tid var det skog der dei noverande husa i Karigarden står. Ein stor granstuve i fjøstomta vart minert bort.
    Då småbruket Øvre Opheim vart frådelt Karigarden i 1922, vart den nye garden bygd på dei gamle tuftene til Karigarden.
    Areal 1865: dyrka jord 31 1/2 mål; naturleg eng 14 mål; utslått 92 mål. Avling: 43 1/2 tunne bygg og 38 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 95 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 850 mål, anna utmark 400 mål. Leigd jord 10 mål. I 1990-åra vart tilkjøpt omlag 5 mål av leigejorda. Buskap: 13 mjølkekyr, 16 ungdyr.
    Garden har 2 våningshus, det eine frå 1904, restaurert i 1960-åra, det andre frå 1985, driftsbygning 1975, eit stort, gamalt loft, reidskapshus 1975. Stølar: heimstøl på Helsingset og langstølen på søre Opheimstølane.
   

{1466} År: 1754

Arne Olson Opheim 1729-1762
Foreldre: Ola Arneson Opheim og Margit Guttormsdtr. Helling.
Gm Tora Olsdtr. Eikre Opheim Karigarden 1735-1784a
Foreldre: Ola Olson nordre Eikre og Anne Olsdtr. ... (Sjå Hemsedal s 45)
*Barn
1. Ola Arneson Opheim 01.02. 1756-1823
G 1784 m Randi Knutsdtr. Hesla. Sjå 1784-hushaldet.
2. Ola Arneson Opheim Opheimsjorde 17.12. 1758-1810c
Gm Anne Halvorsdtr. ... . Sjå Teigen, gnr. 22/73.
3. Margit Arnesdtr. Opheim 21.02. 1762-
Truleg død liten.

Arne og Tora gifte seg i 1754. Arne var soldat. Han bygsla halve "Kopperøs" (2 av 4 lb. gods i Opheim) hjå Torpo kyrkje i 1754. Årleg landskyld: 1 mæle korn.
    Arne åtte "arvetomten" Opheim av 6 laupsbol etter å ha løyst ut panten som Torkjell Villand hadde hjå mora. Dessutan bygsla han 2 laupsbol av prestebolet i Ål. Garden var taksert til 360 rd, høgare kunne det ikkje vera då den "vanvittige" odelsmannen Arnulf Arneson skulle ha kost og klede. Ei stor eikre vart fråselt til Bjørn Olson i 1756.
    Ein kald kveld i februar 1761 stakk Svein Olson Sato innom på den nyopprudde plassen Satamoen for å tinge husmannen til arbeid. Inne i husmannsstugu fann han Arne Olson Opheim som sat og varma seg ein pott øl i ei gryte. Så hadde dei brennevin i ølet og drakk det opp. Arne sa til Svein: "Eg har vore hjå kjæringi di i dag". Då sa Svein: "Ja, du fekk ikkje noko godt der!".
    Svein heldt fram med uvøre svall, og fortalde at han og Eilev Eilevson Kringla skulle eigentleg lånebyte kjerringar denne dagen. Men Svein slapp ikkje opp i senga i Kringla, så no var han istaden komen hit på Satamoen!
    Arne svara då: "Du er ein hor-kall", og dermed vart det slagsmål. Svein spotta Arne ved å kalla det "fante-kjæring-slag" når Arne slo. Slagsmålet enda brått då Arne fekk eit knivstikk i låret. Han drakk ein sup av ei ølskål og brå-døydde i stugu på Satamoen.
    Heime sat ho Tora med 3 småe ungar. Buet var 6 rd. Tora gifte seg opp att i 1763. Sjå neste hushald.
   

{1467} År: 1763

Tora Olsdtr. #Eikre Opheim 1735-1784a
Foreldre: Ola Olson Eikre og Anne Olsdtr ... (Sjå Hemsedal s 45)
Gm Per Tomasson #Kristianmoen Opheim 1719-1784a
Foreldre: Tomas Person Kristiansmoen og Margit Gautesdtr. ... , Nes.
*Barn
1. Margit Persdtr. Opheim 20.10. 1765-1770c
Døydde som liten.
2. Arne Person Opheim 28.08. 1768-1774
Omkom då stølbua brann i juli 1774.
3. Margit Persdtr. Opheim 16.03. 1772-1774
Omkom då stølbua brann i juli 1774.
4. Margit Persdtr. Opheim 18.12. 1774-
Truleg død i 1790-åra.
5. Anne Persdtr. Opheim Rotneim 27.04. 1777-1860
G 1795 m Ola Embrikson Rotneim. Barn: Embrik 1797-1878 g 1823 m Barbro Botolvsdtr. Gurigarden Rotneim; Tora 1800-1884 g 1818 m Syver Helgeson Leikvollo, g 1837 m Knut Olson Karigarden Opheim (sjå 1823-hushaldet); Liv 1804-ung; Liv 1807-1857 g 1825 m Vilhelm Nilson Eiklid; Ragnhild 1813-1814; Ragnhild 1815-1905 g 1833 m Amund Torson Gislerud.
    Ola var omgangskulelærar. Han bygsla Sjugurdsgarden Rotneim frå presten Nimb i 1792. Og fekk skøyte på Sjugurdsgarden Rotneim i 1823 for 700 rd. Dei selde til sonen Embrik i 1823.

Tora gifte seg opp att med Per i 1763. Kven var Per? Det var ein tenestgut i Karigarden Opheim sumaren 1742 som heitte Per Tomasson! Han hadde nok gjort inntrykk. Per bygsla halve 'Kopperøs', 4 laupsbol i Opheim hjå Torpo kyrkje i 1762.
    I juli 1774 brann stølsbua i langåsen, og det fekk dramatiske fylgjer. Ungane Arne og Margit (6 og 2 år) omkom. Per og Tora fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    Per og Tora skifta i levande live i 1784. Buet var 250 rd. Garden Opheim (8 lb. derav 2 lb. Torpo kyrkje) vart utlagt til eldste sonen Ola frå fyrste ekteskap. Dei 2 laupsbola skulle Per og Tora bruke på livstid.
    Dei tok atterhald om bruk av hest både heime og på stølen, samt oppvartning når dei ikkje greier å fø seg lenger.
   

{1468} År: 1784

Ola Arneson Opheim 01.02. 1756-1823
Foreldre: Arne Olson Opheim og Tora Olsdtr. Blakkestad (Gol).
Gm Randi Knutsdtr. #Hesla Opheim 1762-1847
Foreldre: Knut Anderson Torset Hesla og Margit Olsdtr. Hesla (Gol IV s 365)
*Barn
1. Margit Olsdtr. Opheim Sørbøen 01.05. 1785-1870
G 1804 m Ola Håkonson Sørbøen. Sjå Sørbøen.
2. Arne Olson Opheim 19.10. 1788-1805
Arne døydde 16 år gamal.
3. Knut Olson Opheim 17.07. 1791-1873
G 1837 m enkje Tora Olsdtr. Rotneim Leikvoll. Sjå neste hushald.
4. Per Olson Opheim Huserjordet 09.03. 1794-1847
G 1821 m Ingrid Aslesdtr. Helling. Sjå Huserjorde, gnr. 22/71.
5. Tora Olsdtr. Opheim Tronsgard 10.02. 1799-1876
G 1825 m Ola Tomasson Tronsgard, Gol 1798-1884. Barn: Tomas 1826-1919 g 1857 m Rangdi T. ØvreRo; Ola 1829-1902 til Golberghaugen, sidan Am., g 1863 m Ragne Torsdtr. Rust; Olaug 1832-1918 g 1857 m Halvor T. Golberg; til Am.; Ola 1836-1923 gm Anna ... til Am. (Sjå Gol VI s 230)
6. Ola Olson Opheim 1799-1878
Ugift. Kanskje hadde han 2 barn, men der var ingen livsarvingar då han døydde som fattiglem 1878 på Skomakerjorde.
7. Ragnhild Olsdtr. Opheim 17.01. 1802-1876
Ugift inderst. Ragnhild var på legd i Torpo 1816-1836. På sine gamle dagar hadde ho to geiter.
8. Margit Olsdtr. Opheim 02.02. 1806-1806
Døydde 6 veker gamal.
9. Arne Olson Opheim Aanes 15.03. 1807-1887
G 1834 m Guri E. Barskrind. G 1848 m Margit E. Opheim. Sjå Opheimsjordet, gnr. 22/58.
10. Margit Olsdtr. Opheim 08.11. 1810-1890
G 1835 m Syver Torkjellson Kyrkjedeld Kolsrud Opheim Embriksgarden, gnr. 22/10.

Ola og Randi gifte seg i 1784. Ola overtok garden saman med broren Ola d.y. kring 1784.
    I 1797 kjøpte Ola gardparten Opheim 2 laupsbol hjå broren for 198 rd og kår. I 1809 kjøpte han plassen Opheimsjorde hjå Halvor H. Havarsgard for 900 rd og kår til Ola Person og Randi Olsdtr.
    Det var skifte etter Ola i 1823. Av lausøyre var brennevinskjel, vaffeljarn osv. Kunamn: Marigjæv, Bondekoll, Feprud, Fromsekoll, Kinnfaks, Kingeprud, Drople, Skauta, Lykkeprud, Kinnkoll, Venekoll, Solprud. (1007)
   
   

{1469} År: 1823

Knut Olson Opheim 17.07. 1791-1873
Foreldre: Ola Arneson Karigarden Opheim og Randi Knutsdtr. Hesla (Gol).
Gm Tora Olsdtr. Rotneim Leikvoll 1800-1884
Foreldre: Ola Embrikson Rotneim og Anne Persdtr. Karigarden Opheim. (Gol V s 280)
*Barn
1. Ola Knutson Opheim 24.02. 1838-____
Truleg død liten.
2. Ola Knutson Opheim 16.02. 1839-1839
3. Rangdi Knutsdtr. Opheim 23.07. 1840-1922
G 1864 m Ola Hermannson Sire Karigarden Opheim. Sjå neste hushald.
4. Anne Knutsdtr. Opheim Juven 28.12. 1844-1910
G 1870 m Knut Knutson Tomasgarden Brenna 1841-1911. Barn: Birgit 1871-1954 gm Hermann Ivarson Helling; Tora 1876-1905 g 1903 m Andreas Joelsen, Nøtterøy (1 dotter); Ingeborg 1880- g 1911 m Karl Kristiansen Stokker-Lund i Sandvika (1 son). (Gol V s 409)
    Anne og Knut var i nedre Juven under Finnesgarden i Gol. Sidan i nedre Brenna, gnr. 20/12.
5. Ola Knutson Opheim 02.02. 1848-1933
Ugift. Slaktar m.m. Han hadde gjerne med seg kjøtkvern då han var borte på slakting. Då fekk han male seg litt kjøt til kurv før han reiste heimatt. Ola tok på seg kattegjelding m.m. Ola vart gjerne kalla Kariguten. Han hadde kår på Karigarden, og budde i ei liten stugu der.
    Mor hans hadde kår av Leikvoll. Ein gong vart Kariguten sent for å hente kåret, m.a. noko rumme. Då vart freistinga for stor. Han sette seg i ein bakke for å smaka litt, men kom ikkje vidare før rummen var oppeten.
    Det skal ha vore Kari-guten som kom med denne reiseskildringa: "Eg var like til Trillhus, og endå rauk i piper lenger ned i dalen!"

Knut og Tora gifte seg 1837. Ho var enkje etter Syver Holgeson Leikvoll. Då sonen Holge overtok Leikvoll i 1839, fekk Tora slikt kår: 2 kyr og 4 småfe framfødd og røkta; 3 tunner bygg av beste slag; 2 settung salt, 2 settung rug; 2 merker humle; varmt hus med oppvartning, vask og bakst 'etter anmodning'. Årleg verdi: 40 spd. (1544)625
    Knut bygsla bort både søre og nordre Opheimshaugen.
   

{1470} År: 1864

Rangdi Knutsdtr. Opheim 23.07. 1840-1922
Foreldre: Knut Olson Opheim Karigarden og Tora Olsdtr. Rotneim Leikvoll.
Gm Ola Hermannson Sire Opheim 05.03. 1825-1884
Foreldre: Hermann Syverson Torpehagen Sire og Margit Håkonsdtr. Opheimsjorde Sire.
*Barn
1. Hermann Olson Opheim 05.03. 1865-1913
G 1895 m Margit Olsdtr. Rygg. Sjå neste hushald.
2. Knut Olson Opheim 03.08. 1866-1920
G 1892 m Margit Rasmusdtr Opheim. Sjå Hagajordet, gnr. 22/52.
3. Margit Olsdtr. Opheim 03.05. 1872-1887
4. Lars Olson Opheim Helling 17.09. 1876-1926
G 1904 m Anne Ivarsdtr. Helling. Sjå Søre Helling, gnr. 20/3 og Bjørøyen, gnr. 1/1.
5. Tore Olsdtr. Opheim 08.05. 1881-1882
6. Per Olson Opheim 26.03. 1884-1946
G 1904 m Ragnhild Hermannsdtr. Ruud. Barn: 5, derav Rangdi 1904-, Ola 1906-, Ingrid 1907-;
    Han var husflidssnikkar i 1900. Til Amerika: Solerno, Tripp Co. SD.

Ola og Rangdi gifte seg i 1864. Ola dreiv som handelskar ei tid før han kjøpte Karigarden. Han brukte også Bjørøyen.

{1471} År: 1891

Hermann Olson Opheim 05.03. 1865-1913
Foreldre: Ola Hermannson Sire Karigarden Opheim og Rangdi Knutsdtr. Karigarden Opheim.
Gm Margit Olsdtr. Rygg Opheim 19.12. 1872-1922
Foreldre: Ola Kitilson Rygg og Margit Eiriksdtr. Tufte, Hol.
*Barn
1. Ola Hermannson Opheim 24.02. 1896-1986
G 1923 m Gunvor Halvorsdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
2. Ola Hermannson Opheim 30.01. 1898-1975
G 1922 m Guri Olsdtr. Sveinsgarden. Sjå Øvre Opheim bnr. 142.
3. Rangdi Hermannsdtr. Opheim Breiehagen 07.03. 1899-1981
G 1945 m Johannes Olson Breiehagen. Sjå Solvik, gnr. 128/10.
4. Margit Hermannsdtr. Opheim 21.07. 1902-1902
Mora rakk å døype henne før Margit døydde av kikhoste på stølen.
5. Knut Hermannson Opheim 03.11. 1903-1972
Ugift, farmar i Rose Valley, Sasc. Canada.
6. Margit Hermannsdtr. Opheim Roen 08.03. 1906-1983
G 1942 m Nils Olson Roen 1890-1986. Sjå Sataroen, gnr. 32/13.
7. Hermann Hermannson Opheim 03.06. 1913-
G 1941 m Ragna Andreasdtr. Gundersen. Barn: Harald 1942- g 1969 m Mette Arntzen 1947-1976 (2 barn), g 1989 m Ingunn Aursnes; Øyvind 1949-1986; Elisabet 1952- g 1976 m Colin Jameson, England (2 barn). (1998)
    Hermann var lektor ved Eidsvoll landsgymnas.

Hermann og Margit gifte seg i 1895. Margit hadde hatt skarlagensfeber som jente, og helsa hadde fått ein livslang knekk.
    Hermann var teknisk interessert og hadde mange idear. Hermann rigga til kraftoverføring frå ein vasskall og opp til ei hestevandring på låven. Etter utskiftinga i 1890-åra vart tunet i Karigarden flytta ned til noverande stad. Hermann bygde sag og kvern i Lya.
    Hermann omkom ved ei ulukke i kvernhuset i 1913. Han fekk kleda borti ei reimskive og vart riven sundt. I 1916 selde Margit frå Nybustølen til Nils O. Bakken. Ho sat med garden til 1922 då sønene Ola d.e. og Ola d.y. overtok kvar sin del.