Opheimsjordet gnr. 22 bnr. 58
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Opheimsjordet gnr. 22 bnr. 58-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Opheimsjordet går under namnet Skomakarjorde i daglegtale. Opheimsjorde ligg 'Oppå Jordo'. Merk det andre bruket med namn Opheimsjorde bnr. 42 under Myljo Opheim.
    Areal 1865: dyrka jord 9 mål, naturleg eng 6 mål, utslått 6 mål.
    Areal 1995: dyrka jord 135 mål, anna areal 60 mål, produktiv skog 1100 mål, anna utmark 150 mål (medrekna Nyhusremmen gnr. 10, bnr. 6). Leigd jord 20 mål. Buskap: 11 mjølkekyr, 4 ungdyr.
    Våningshus frå 1959, kårhus, loft, driftsbygning frå 1925, garasje.
    Stølar: heimstøl på Helsingset. Langstøl på Opheimstølane. Nystølen og Langesetane er tilkjøpte slåttevollar.
   
{1475} År: 1790
Ola Halvorson OpheimsBråten Opheimsjorde 16.12. 1764-1815f
Foreldre: Halvor Oleivson Opheim Bråten og Birgit Olsdtr. Eikre (Gol).
Gm Guri Halvorsdtr. Gurigard Opheimsjordet 13.01. 1754-1815
Foreldre: Halvor Johanneson Hallsteinsgard Gurigard og 2.g. Margit Aslaksdtr. ... .
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Opheimsjorde 06.02. 1791-1840
G 1826 m Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde. Sjå Teigen 22/73.
2. Halvor Olson Opheimsjorde 06.02. 1791-
Truleg død liten.
3. Halvor Olson Opheimsjorde Tuftedokken 15.09. 1793-1843
G 1824 m Turid Halvorsdtr. Berg. G 1842 m Ågot Holgesdtr. Sæta/Rygg. Sjå Dokken, gnr. 76/1.
4. Margit Olsdtr. Opheimsjorde 22.01. 1797-
Gm Ole Hanssen, husmann u/Hamand eller Haneng i Vestre Bærum.
*Barnebarn
1. Margit Olsdtr. Opheimsjorde Nestegardslåtta 26.10. 1814-
G 1844 m Torstein Torson Hestehagen Nestegardslåtta (Hol). Ingen barn. Dei vart skilde.
    Margit selde Nestegardslåtta i 1866 og flytta til Tverrån-slåtta i Hol.
    Foreldre: Ola Solveson Medgard m/Birgit Olsdtr. Opheimsjorde.
2. Eggert Rasmusson Opheimsjorde Myro 28.12. 1818-1903
G 1842 m Gro Eiriksdtr. Underberget. Sjå Eggertmyro, gnr. 36/6.
    Foreldre: Rasmus Eggertson Rikansrud m/Birgit Olsdtr. Opheimsjorde.
3. Ola Nilsson Opheimsjorde 10.05. 1822-1822
Foreldre: Nils Asleson Haugo m/Birgit Olsdtr. Opheimsjorde.
Ola og Guri budde på ein plass under Opheim. Truleg var det Skomakarjordet. (Jfr. Oleiv Bråten)
    Det var gjort eit forlik om denne plassen i 1811. Rasmus Steingrimson viste til forliket i 1815.
{1476} År: 1799c
Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde 20.04. 1766-1850
Foreldre: Nils Olson Arnegard Medhushagen og Ingeborg Halvorsdtr. Opheimsjorde.
Gm Birgit Embriksdtr. Opheim Opheimsjorde 12.01. 1777-1858
Foreldre: Embrik Knutson Opheim Embriksgarden og Guri Torkjellsdtr. Hagen.
*Barn
1. Nils Olson Opheimsjorde Larshus 19.01. 1800-1888
G 1842 m enkje Guri Herbrandsdtr. Nestedokk Musehaugen 1804-1892. Barn: Birgit 1843-1844; Birgit 1845-1936 g 1863 m Nils Nilsson Blakkestad-Gløtten. Dei var på Larshus i Gol. (Gol IV s 595)
2. Embrik Olson Opheimsjorde Ruud 24.07. 1803-
G 1839 m Guri Torkjellsdtr. Opheim. Sjå Nordre Ruud, gnr. 18/1a. Til Øraker i Vestre-Slidre.
3. Halvor Olson Opheimsjorde 27.02. 1806-1806
Halvor levde 3 månadar.
4. Halvor Olson Opheimsjorde Fossebakken 29.01. 1808-1898
G 1841 m Birgit Eiriksdtr. Medhus. Barn: Eirik 1841-1871 ug. skreddar; Birgit 1850-1927 g 1874 m Knut Mikkelson Rustberggard Fossebakken (10 barn).
    Sjå Medhushaugen, gnr. 21/13. Halvor og Birgit flytte til Fossebakken i Gol. (Gol V s 133)
5. Guri Olsdtr. Opheimsjorde 16.10. 1811-1811
6. Guri Olsdtr. Opheimsjorde GråbeinHaugo 28.02. 1813-1904
G 1848 m Håkon Håkonson Gunhildgard Gråbeinhaugo. Sjå Haugo, gnr. 22/3.
7. Ingeborg Olsdtr. Opheimsjorde Rudningen 14.08. 1816-1861
G 1846 m Ivar Olson Ruud Opheimsrudningen. Sjå Rudningen, gnr. 22/46.
8. Gunhild Olsdtr. Opheimsjorde Hestehagen 21.10. 1821-1890
G 1856 m Svein Torson Hestehagen, gnr. 22/78.
9. Nils Olson Opheimsjorde 01.07. 1827-1897
G 1847 m Anne Torkjellsdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
Ola og Birgit gifte seg i 1799. Dottera Gunhild var sett på legd i Torpo som barn. Ola Nilsson bygsla også (Opheims)Rudningen under Åsegarden i tida 1810-1847. Dottera Ingeborg og mannen kom dit.
{1477} År: 1838
Arne Olson Opheim Aanes 15.03. 1807-1887
Foreldre: Ola Arneson Karigarden Opheim og Randi Knutsdtr. Hesla.
Gm Guri Embriksdtr. Barskrind Skomakarjorde 12.10. 1809-1838
Foreldre: Embrik Olson Barskrind og Ingeborg Olsdtr. Lie.
Gm Margit Embriksdtr. Ruud Opheimsjorde 16.04. 1822-1918
Foreldre: Embrik Olson Reiersgard (ungkar) og Gunhild Håkonsdtr. Ruud.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Arneson Opheimsjorde 20.04. 1834-1834
Han levde i 8 dagar.
2. Ola Arneson Opheimsjorde 11.07. 1835-1842
3. Embrik Arneson Opheimsjorde Aanes 15.01. 1837-1900
Gm Gunhild Swensson.
4. Ingeborg Arnesdtr. Opheimsjorde Strand 09.07. 1838-1905
Gm Ola O. Strand 1840-1922. Barn: Ole 1860-1939 farmar, gm ... ; Louise 1867c, Mary 1869c ; Albert ....- farmar, gm ... ; Gilbert 1883-1972 g 1914 m ... Johnson (= syster til diktaren Simon J.); Ida ....- gm ... Skogen; ... (805)
    Ingeborg kom til Amerika som barn. I 1921 var berre 4 av barna i live (Ola; Albert; Gilbert; Ida). Ingeborg heldt humøret oppe til trass for barne-død og ymse motgang. (1412) s1183
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Arnesdtr. Opheimsjorde 06.08. 1849-1852?
Truleg død ved Buffalo under utvandringa i 1852.
Arne og Guri gifte seg i 1834. Dei budde på Barskrind fyrst, var så inderstar 'på Opheim', og kom deretter til Opheimsjorde i 1838.
    Arne overtok 1839 plassen Opheimsjorde hjå broren Knut. Med plassen fylgde: åkrane Langåkeren og Halvmålet; Nystølen, noko av vollen på Hellesetstølen m.m. Pris 450 spd. (1544)761
    Arne gifte seg opp att 1848 med Margit Embriksdtr. Opheim og fekk ein son i USA: Ole 1860-1939 gm Hilda Ostlie.
    Arne og Margit reiste til Amerika med barna hans (Embrik og Ingeborg), og dottera Guri, truleg våren 1852. Eit barn døydde ved Buffalo, det kan ha vore dottera Guri. I Amerika tok dei 'Aanes' som etternamn. Dei var busett i Clermont, Iowa. (796) (806) (847)
{1478} År: 1847
Nils Olson Opheimsjorde 01.07. 1827-1897
Foreldre: Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde og Birgit Olsdtr. Opheimsjorde.
Gm Anne Torkjellsdtr. Opheim Opheimsjorde 08.02. 1811-1877
Foreldre: Torkjell Halvorson Garden Opheim og Guri Olsdtr. Helling.
*Barn
1. Ola Nilsson Opheimsjorde 06.11. 1847-1914
G 1874 m Gro Embriksdtr. Preinsrud. Sjå neste hushald.
2. Torkjell Nilsson Opheimsjorde 09.04. 1851-1852
3. Birgit Nilsdtr. Opheimsjorde Skomakergjerda 07.04. 1856-1923
G 1875 m Ola H. Brenna SkomakarGjerda. G 1909 m em. Tolleiv O. Martehaugen Skjervheimshagen. Sjå Tollefsrud, gnr. 11/15.
Nils og Anne gifte seg i 1847. Nils kjøpte halve Opheimsjorde hjå Arne Olson Opheim i 1847. Pris: 280 spd. Men denne eigedomen var bortbygsla til Ola Nilsson. Dvs. faren til Nils. Nils skulle fyrst overta etter "bygselsmandens dødelige avgang eller oppgivelse". (1549) 118
   
{1479} År: 1875c
Ola Nilsson Opheimsjorde 06.11. 1847-1914
Foreldre: Nils Olson Opheimsjordet og Anne Torkjellsdtr. Garden Opheim.
Gm Gro Embriksdtr. Preinsrud Opheimsjorde 28.01. 1846-1917
Foreldre: Embrik Ivarson Preinsrud og Ågot Eiriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Opheimsjorde Snogsrud 11.03. 1874-1908
G 1902 m Ola Levorson Snogsrud, gnr. 72/4.
2. Nils Olson Opheimsjorde 09.01. 1876-1877
3. Ågot Olsdtr. Opheimsjorde Ødelien 12.04. 1878-1953
G 1912 m Torstein Botolvson Ødelien, gnr. 73/2.
4. Birgit Olsdtr. Opheimsjorde Ødelien 03.09. 1880-1927
G 1907 m Halvor Botolvson Ødelien, gnr. 73/1.
5. Nils Olson Opheimsjorde 07.11. 1882-1971
G 1908 m Birgit Olsdtr. Sørbøenmoen. Sjå neste hushald.
6. Ivar Olson Opheimsjorde 10.01. 1885-1886
7. Torand Olsdtr. Opheimsjorde 24.04. 1887-1891
8. Guri Olsdtr. Opheimsjorde 21.10. 1889-1946
Ugift. Ho var sypike.
9. Ivar Olson Opheimsjorde Bråten 13.06. 1892-1925
G 1916 m Anne Arnfinnsdtr. Kårmo frå Gol. Sjå Torebråten, gnr. 8/4.
Ola og Gro gifte seg i 1874. Dei hadde garden utan heimel.
    Dei selde unna 8 stykke av garden før sonen overtok resten i 1909 for 900 kr og kår.