Gjerda gnr. 22 bnr. 62
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gjerda gnr. 22 bnr. 62-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Småbruket Gjerda er Skomakargjerda og Søre Skomakargjerda bnr. 65 som er slege saman.
    Areal 1995: dyrka jord 13 mål som vert leigd bort, produktiv skog 15 mål. Hamn til det som kan forast på Gjerden på Opheimsåsen og Helsingsetlia.
    Våningshus og driftsbygning frå 1969, stabbur 1967.
    I 1962 kjøpte Halvard Grøgard heimstølen til Ruud, Stakkestø. Der er det omlag 15 mål dyrka voll og 500 mål barskog. Stølsbu bygd 1915 og uthus. Denne eigedomen fekk gnr. 25, bnr. 1, det same som Ruud i Liagardane.
   

{1483} År: 1878

Ola Henrikson Tretterud Gjerden 29.04. 1846-1895
Foreldre: Henrik Olson Helling Tretterud og Margit Håkonsdtr. Ruud.
Gm Birgit Nilsdtr. Opheimsjorde Skomakergjerden 07.04. 1856-1923
Foreldre: Nils Olson Opheimsjordet og Anne Torkjellsdtr. Garden Opheim.
*Barn
1. Henrik Olson Gjerden 16.07. 1875-1939
Ugift dagarbeidar. Sjå neste hushald.
2. Nils Olson Gjerden 25.09. 1877-1934
G 1908 m Magda Stuveset, Gol 1877-1947. Barn: Birger 1908- gm (2 barn derav Per Olav). Til Mjøndalen i 1908. Budde på Åmot, Modum. Nils var forpaktar, kafevert og slaktar.
3. Torkjell Olson Gjerden 13.12. 1879-1900
Torkjell vart ihelkøyrt av ein hest som sprang ut.
4. Margit Olsdtr. Gjerden 14.08. 1882-1882
5. Håkon Olson Gjerden 04.12. 1887-1955
G 1911 m Margit Ellingsdtr. Hovde. Sjå 1931-hushaldet.
6. Ola Olson Gjerden 12.09. 1890-1891
7. Margit Olsdtr. Gjerden Langseth 29.11. 1892-1989
Gm Otto Langseth, Eidsvoll 1892- . Barn: Reidar 1921-2002 ug. Otto var stasjonsformann, busett i Oslo. (1516)
8. Olav Olson Gjerden 04.09. 1895-1945
Ug. Til Mjøndalen i 1917 som "O. Gjerden"

Ola og Birgit gifte seg i 1875. I 1878 vart Skomakargjerda frådelt Skomakarjordet. Med Gjerda fylgde: myresletta Hovdestølsletta; Langelie-slåtta og Tubbebekk-slåtta og 2 skogremmar. Pris: 600 kr. (1552)364
    Birgit gifte seg opp att 1909 med em. Tolleiv Olson Martehaugen Skjervheimshagen (sjå Tolleivsrud), og sonen Henrik overtok Gjerden.

{1484} År: 1900c

Henrik Olson Gjerden 16.07. 1875-1939
Foreldre: Ola Henrikson Brenna SkomakarGjerda og Birgit Nilsdtr. Opheimsjordet.

Henrik overtok Gjerda utan heimel då mora gifte seg opp att og flytta til Tolleivsrud. I 1931 selde Henrik bruket til broren Håkon for 2400 kr.