Haugen gnr. 22 bnr. 63
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Haugen gnr. 22 bnr. 63-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Garden Haugen er også kalla søre Opheimshaugen. Ved frådelinga i 1881 fekk Søre Opheimshaugen støl på Helsingset; ei slette kalla Grasingane; ei slåtte Jøto eller Skreddarslåtta; Dropalislåtta og ei slåtte Øknemyrane ved Opheimsøknene. (I FT 1891 vart bruket kalla Sveinsrudhaugen. Jfr. Bonden frå Sveinsrud som kom til Haugen i 1876.)
    Areal 1995: dyrka jord 82 mål, anna areal 93 mål, produktiv skog 250 mål, anna utmark 120 mål. Leigd jord 30 mål. Buskap: 14 mjølkekyr, 12 ungdyr.
    Bruksnr. 50, 115, 120 og 121 er samanføyde med bnr. 63.
    Våningshus med 2 husvære, kårhus, loft (kjøpt frå Karigarden), driftsbygning, verkstad/reidskapshus.
    Stølar: langstøl på Nordre Opheimstølane (stølsdrift), heimstølar på Øknemyrane og Helsingset.
{1489} År: 1820c
Torkjell Embrikson Opheim Opheimshaugen 1783-1875
Foreldre: Embrik Knutson Opheim Embriksgarden og Guri Torkjellsdtr. Hagen.
Gm Birgit Olsdtr. Opheimsjorde Opheimshaugen 1795.-
Foreldre: Ola Person Nøreimshagen (Gol) Opheimsjorde og Anne Halvorsdtr. OpheimsBråten.
*Barn
1. Guri Torkjellsdtr. Opheimshaugen Brekko 12.12. 1813-1898
G 1841 m Jørgen Knutson Medhushagen til Brekko i Gol. Barn: Birgit 1843-1902 g 1870 m Ivar Olson Brennhovd; Knut 1855-1914 g 1881 m Sigrid Persdtr. Olsgard; Birgit 1855-1939 g 1883 m Endre Tomasson Lien. (Gol V s 74)
2. Guri Torkjellsdtr. OpheimsHaugen Engebakken 28.03. 1816-1891
G 1850 m Halvor Olson Kolhusmoen Engebakken, Gol. Barn: Ola 1851-1892 g 1879 m Torgun Knutsdtr. Narvebråten, g 1884 m Guro Olsdtr. Engjo; Ingrid 1853-1936 g 1902 m Arne Sveinson Espelund, Nes; Torkjell 1859-1916. (Gol III s 362)
3. Gunhild Torkjellsdtr. Opheimshaugen Sandbekkbråten 09.02. 1821-1911
G 1848 m Per Ellingson Musehaugen til Sandbekkbråten i Gol. Barn: Sigrid 1848-1851; Elling 1850-1850; Sigrid 1852- g 1873 m Per Olofson Brask, Värmland, til Spokane i Montana, USA; Birgit 1854-1929 g 1877 m Ragnvald Sundvold, Ringerike, til Spokane, Montana, USA; Elling 1860-1916 overtok Sandbekkbråten, g 1897 m Oline Knutsdtr. Åsen, Hemsedal.
4. Ingrid Torkjellsdtr. Opheimshaugen Bakken 21.06. 1824-1903
G 1846 m Torkjell Knutson Hakkebakken. Sjå Bakken, gnr. 22/5b.
5. Anne Torkjellsdtr. Opheimshaugen 19.09. 1827-1912
Gm Hans Christian Olsen, Hobøl 1826-1908. Barn: Thora Olava 1862- ; Anton 1856- ; Julius 1861- ; Jens 1864- . Budde 1865 på Klokkerud i Kråkstad. (957), (1794).
6. Embrik Torkjellson Opheimshaugen Imre 04.12. 1831-1916
G 1860 m Ingebjørg Ivarsdtr. Ulsåk 1836-1862. Barn: Torkjell 1862- (1076)
    G 1863 m Guri Knutsdtr. Trøym 1839-1920. Barn: Knut 1864- ; Oleiv 1867- ; Ingeborg 1870-1874; Svein Foyn 1872-74; Inga 1874-1965 ug. lærar, ho testamenterte 60000 kr til ei dame i Lofoten; Ingeborg 1876-1877. (1345)
    Som 6-åring hadde han lært seg mykje av Pontoppidan ved å høyre på systrene sine under lekselesing. Mora las ofte or Bibelen, og var nok den som gav Embrik åndeleg påverknad. Som unggut fekk han laga seg ein svarve-stol og dreia mykje tre-skåler og rokkar.
    Embrik var kjempesterk og gjekk frikar på moen som far sin. Han var leug og mjuk og vistnok ein av dei beste lausdanserane i dalen. Etter eit vanleg livat liv ungdomsliv, vart Embrik "vekkt" og fann sin plass blant haugianarane.
    Det skjedde vistnok etter eit meisterleg hallingkast, han sette hælen i taket, men druste i golvet så han svima av. "Detta vart min siste dans." Embrik heldt seg for seg sjølv, las og bad og gret. Folk tok til å ottast for vetet hans.
    Etter å høyrt legpredikanten Jon Nilsen Fjell frå Valdres forkynne i Torpo, bestemte han seg:
    Frå 1855 for han landet ikring som lek-predikant. Om sumrane arbeidde han for å skaffe pengar til forkynnings-ferdene om vinteren. Ein bolk arbeidde han som bibelbod for Bibelselskapet.
    Ein gong vart han overfalle på fjellet innanfor Numedal, der kom ein røvar med kniv og pistol. Men Embrik ordna opp, "talte alvorlig til Morderens Samvittighed", og rusla vidare. Ein annan variant lyder: røvaren fekk ein omgang juling, og det var gjort såpass grundigt at Embrik fekk takkebrev frå sambygdingane hans! (1379) s 573
    Med Guri fekk han noko medel, og dei kjøpte Imre i Hemsedal i 1860. I Hemsedal tok han del i ymse styr og stell, var m.a. ordførar.
    Han vart kjend med Svend Foyn i Tønsberg, og arbeidde der i 3 periodar fram til 1906 (som leiar og forkynnar ved arbeidar-bustadane). I fylgje Tønsberg Historie hadde Embrik særleg givnad i å skildre "syndens følger for Tid og evighed". ( O. A. Johnsen) (jfr Dølaminne 77/78 s 24)
7. Margit Torkjellsdtr. Opheimshaugen Gjøta 07.06. 1834-1878
Gm Ola Olson Sørbøen Gjøta 1826-1908. Barn: Ola 1855-1916 g 1887 m Anna Marie Lenning, farma i Brookings Co., SD (2 barn); Torkjell 1857-1858; Torkjell 1859- ug til Am.; Håkon 1862-1962 farma i Hilla, MN; Embrik 1866-.... g 1886 m Mary J. Qualley, busett Hardwiik, MN; Embrik 1869- til Am.; Oleiv 1872-1965 gm Julia Åberg, N-Aurdal, farma ved Hills, MN; Margit 1878-1887.
Torkjell og Birgit gifte seg i 1812. Dei budde i Bråten den fyrste tida. Frå kring 1820 var dei i Opheimshaugen.
    Torkjell var soldat og ein sterk og modig kar. Dei kalla han 'Torkjell Hest'. (1345)
    Då han var ute i krigen 1807-14, hadde dei ein løytnant som var svært forsiktig. Så ein dag kom dei i strid med ei svensk avdeling. Løytnanten kommanderte retrett med ein gong, men soldatane ville ikkje gi seg. Torkjell reiv sabelen frå løytnanten og så jaga dei svenskane. Etter denne hendinga vart Torkjell kalla fram til obersten, han skulle forfremmast til løytnant. Men Torkjell vart ikkje løytnant sidan han ikkje var skrivefør. Istaden fekk han ein neve sylvpengar.
    Torkjell bygsla søre Opheimshaugen i 1843 og var truleg fyrste rudningsmannen her. Bruket var steinut og han fekk nok god nytte av kreftene sine også heime.
{1490} År: 1876
Syver Hermannson Sveinsrud Opheimshaugen 02.01. 1827-1918
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud.
Gm Guri Knutsdtr. Opheimshagen Opheimshaugen 02.01. 1847-1880
Foreldre: Knut Olson Opheimshagen Rasmusjordet og Ragnhild Olsdtr. Opheim/Medhus.
*Barn
1. Hermann Syverson Opheimshaugen 21.09. 1875-1961
G 1896 m Anne Larsdtr. Skjerpinghaugen. Sjå neste hushald.
2. Birgit Syversdtr. Opheimshaugen 15.08. 1877-1931
Ug. Husarbeid og krøtterstell. Birgit var lenge i Bakken og stellte for Nils Torkjellson Bakken ( "Diger-Nils"). (1345)
Syver og Guri gifte seg i 1875. Dei var i Torsteinsslåtta fyrste året til dei kom til Opheimshaugen. I 1881 vart Opheimshaugen frådelt Karigarden.
{1491} År: 1896
Hermann Syverson Opheimshaugen Haugen 21.09. 1875-1961
Foreldre: Syver Hermannson Sveinsrud Torsteinslåtta Opheimshaugen og Guri Knutsdtr. Opheimshaugen.
Gm Anne Larsdtr. Skjerpinghaugen Haugen 10.07. 1871-1957
Foreldre: Lars Olson Bakken Skjerpinghaugen og Anne Olsdtr. Tormodsgardsjordet.
*Barn
1. Syver Haugen 25.06. 1897-1973
G 1917 m Marie Kristine Olsen Hedde. Sjå neste hushald.
2. Guri Haugen Sørbøen 18.06. 1902-1978
G 1924 m Knut Olson Sørbøen. Sjå Voll 22/103.
3. Anne Haugen Opheim Rasmusgarden 25.06. 1904-1998
G 1928 m Rasmus Rasmusson Opheim. Barn: Reidar 1928- bonde gm Solveig Gullhaug (2 barn); Gerda 1931- sjukepleiar, g 1953 m Finn Andersen (1 barn); Hallgrim 1937- hydraulikar på Gardemoen, var gm Randi Nordbø (3 barn); Arvid 1945- g 1964 m Sigrid Robøle (1 barn).
    Busett i Høre, Ryfoss i Valdres.
4. Olga Haugen Tretterud 28.12. 1906-1992
G 1932 m Herbrand H. Tretterud. Sjå Tretterud, gnr. 7/7.
5. Ragnhild Haugen Øygard 26.03. 1910-1999
G 1933 m Olav Olson Øygard. Sjå Øygarden, gnr. 48/1.
Hermann og Anne gifte seg i 1896. Dei dyrka omlag 21 mål jord. I 1930 overførte dei garden til sonen Syver for 3440 kr.