Huserjorde gnr. 22 bnr. 71
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Huserjorde gnr. 22 bnr. 71-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Tidlegare var nok Huserjordet det som heitte Træet under Opheim, 'nord på jorde', hjå Ola Arneson Opheim og Margit Guttormsdtr. I 1738: ein liten teig 'beliggende nordest på Oppenjordet'.
    I gamal tid var dette bruket, eller delar av det, kalla både Hanseplassen og Perplassen. Men nokon Per er ikkje funnen om han ikkje skulle vera far til Ola Person. Også her skreiv embetsverket berre 'Opheimjordet'.
    Frå bruket vart unnaselt Huserjordet eller 'Teigen' og 'Haugen' bnr. 74 m.m. i 1860-åra. Resten av eigedomen ligg no under 22/58.
   
   
{1496} År: 1755c
Birgit Olsdtr. Opheim Opheimsjorde 1731-
Foreldre: Ola Arneson Karigarden Opheim og Margit Guttormsdtr. Helling.
Gm Bjørn Olson Tveito Hanseplassen 1725c-
Foreldre: Ola Bjørnson Krosshaug Arnegard/Karigut-plassen og Anne Torkjellsdtr. Sehl.
*Barn
1. Margit Bjørnsdtr. Opheimsjorde 04.05. 1760-
2. Margit Bjørnsdtr. Opheimsjorde 14.03. 1762-
3. Anne Bjørnsdtr. Opheimsjorde 09.04. 1765-
4. Kari Bjørnsdtr. Opheimsjorde 22.11. 1767-
5. Birgit Bjørnsdtr. Opheimsjorde 30.10. 1774-
Bjørn og Birgit gifte seg i 1755. Same året fekk Bjørn ei dotter Ambjørg med Kari Olsdtr. Sørbøen, som han var skyld i 3. ledd. Bjørn var husmannson og født på Tveito.
    Bjørn var soldat i unge år og hadde senga si på fjøshjallen på Helling. Ei laurdagsnatt like etter nyttår 1751 vart Bjørn knivstukken av Knut Olson Strand. Knut kom opp på hjallen, og spurde kven som låg der. Då Bjørn svara, sa Knut: " Er det 'Sundrehaga-gutane' (=soldatar), så kan dei ligge! "
    Litt seinare svor Knut at Bjørn fekk koma seg ut or senga. "Har du noko uteståande med meg, så får me gå ut", sa Bjørn. Då stakk Knut med kniven. Bjørn sprang ned frå hjallen, men fekk 4 knivstikk før han kom seg ut og fekk hjelp med såra sine.
    Knut angra ugjerninga, bad om tilgjeving og baud at han skulle koste lækjing av såra. Knut ottast kva offiserane til Bjørn ville gjera med han. Knut vart dømt til å bøte sylv til 7 rd. (1148) s 88
    I 1755 kjøpte Bjørn ein plass under nordre Opheim (hjå svigerbror Arne) for 160 rd. Med plassen fylgde: 1 mål åker, ein engeteig, støl i Dråpalien, ein liten støl ved "Hans-setter", en støl ved "Penstølen", stølen Nystølen og skogsletta "Harasletta". Årleg skatt: 3 ort. (1190)
    Bjørn på Hanseplassen under nordre Opheim lånte 100 rd i 1761. Eit nytt lån på 120 rd vart det i 1769.
    I 1776 tok Elling Skinnes utlegg hjå Bjørn for noko smågjeld. Men det kom på toppen av rettssak og eit utlegg på 150 rd. Taksten på plassen var 200 rd. Sidan ser ein ikkje meir til Bjørn eller huslyden hans.
{1497} År: 1779
Ola Person Nøreimshagen Sørbøensmoen 1745-1817
Foreldre: Per Ivarson Nørheimshagen og Guri Vilhelmsdtr. ... (Sjå Gol III s 767)
Gm Randi Olsdtr. Juvsjord Skjervheim 1743-1809
Foreldre: Ola Knutson Juvsjord og Guri Steinsdtr. Hamarsbøen, Hol.
Gm Anne Halvorsdtr. OpheimsBråten Opheimsjorde 27.12. 1750-1815
Foreldre: Halvor Oleivson Opheim Bråten og Birgit Olsdtr. Blakkestad (Gol).
Gm Ingeborg Knutsdtr. Halvorstølen Opheimsjorde 24.06. 1765-
Foreldre: Knut Halvorson Breie Halvorstølen og Birgit Arnesdtr. Kleiven.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ivar Olson Opheimsjorde Huserjorde 1775-1864
G 1797 m Kristi Guttormsdtr. Bergsgard. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Opheimsjorde 20.04. 1777-
Ugift skreddar i 1801.
3. Per Olson Opheimsjorde 21.05. 1780-
4. Per Olson Opheimsjorde 05.05. 1782-
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Olsdtr. Opheimsjorde Opheimshaugen 1795.-
G 1812 m Torkjell Embrikson Embriksgarden Opheim Opheimshaugen, gnr. 22/63.
2. Margit Olsdtr. Opheimsjorde 1798-
Ola Person kjøpte Opheimsjorde på auksjon i 1779. Sjå også Sørbøensmoen. Ola Person på Hanseplassen lånte 80 rd i 1781. Nytt lån 1792: 120 rd som vart avl. 1804. Ola Person var husmann med jord og skreddar i 1801.
    Ved kontrakt av 1803 skulle Ola Person og Rangdi Olsdtr. ha slikt kår av Opheimsjordet: 3 tunner korn, framfødd og røkta ei ku og fire småfe, varmt hus og pleie og tilsyn.
    I 1809 gifte Ola seg opp att med Anne Halvorsdtr. Bråten. I 1817 vart Ola attgift med Ingeborg Knutsdtr. Halvorstølen.
{1498} År: 1797
Ivar Olson Opheimsjorde Huserjorde 1775-1864
Foreldre: Ola Person Nøreimshagen Opheimsjorde og Randi Olsdtr. Juvsjord.
Gm Kristi Guttormsdtr. Bergsgard Opheimsjorde 07.01. 1756-1831
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og Haldis Olsdtr. Barskrind.
*Barn
1. Per Ivarson Opheimsjorde Skjerpingmoen 11.02. 1798-1855
G 1836 m Borghild Torsteinsdtr. Sandelien. Sjå Skjerpingmoen gnr.12/12.
Ivar og Kristi gifte seg i 1797. Ivar kjøpte halve Opheimsjordet i 1797 for 140 rd hjå Ola Person. Kristi sin morsarv på 128 rd var nok kjærkomen då.
    I 1807 kjøpte Ivar den andre halvparten i Opheimsjordet hjå foreldra. Pris 98 rd og kår. Men dei selde vidare til Halvor Halvorson Gurigard i 1809 for 700 rd og kår til Ivar sine foreldre. Ivar held att 1/2 mål åker, ei eng; slåtta "Maltenstakken" vestanfor elva (Marsteinstakken?); ei liten stugu og ei bu og rett til virke (ved og gjerde). (1536)357
    Som legdefolk var dei rundt omkring i bygda. Då Kristi døydde på legd i Kvinnegardslia som "Sata-eie" i 1831. Ivar døydde i Huserjorde i 1864. Han vart kalla Huser-Ivar.
{1499} År: 1815
Per Olson Opheim Huserjorde 09.03. 1794-1847
Foreldre: Ola Arneson Karigarden Opheim og Randi Knutsdtr. Hesla (Gol).
Gm Ingrid Aslesdtr. Hellingbrenna Huserjorde 06.01. 1793-1840
Foreldre: Asle Knutson Brenna og Anne Olsdtr. Medhus.
*Barn
1. Rangdi Persdtr. Huserjorde Helling 03.03. 1822-1874
G 1849 m Herbrand Olson Skar Helling. Sjå neste hushald og søre Helling, gnr. 20/3.
2. Anne Persdtr. Huserjorde Kringla 28.02. 1824-1901
G 1862 m Per Olson Kringla, gnr. 10/14.
3. Ragnhild Persdtr. Huserjorde Ruud 30.07. 1826-1919
G 1852 m Nils Larsson Ruud. Sjå Søre Ruud.
4. Margit Persdtr. Huserjorde Teigen 01.02. 1829-1881
G 1864 m Mikkel Herbrandson Sørbøensmoen Teigen. Sjå Teigen bnr. 73.
5. Birgit Persdtr. Huserjorde Medhus 30.11. 1833-1914
Gm Nub Nubson Medhus Rotneim. Sjå NupeMedhus, gnr. 21/3.
6. Birgit Persdtr. Huserjorde 11.05. 1837-____
Det var systera som døydde som kårkone i Tomasgarden i 1914. Jfr. KB. Ukjent lagnad.
*Barnebarn
1. Ingrid Rasmusdtr. Huserjorde Helling 05.12. 1845-1910
G 1869 m Ivar Hermannson Breibrenna Helling. Sjå søre Helling, gnr. 20/3.
    Foreldre: Rasmus Nubson Medhus (ungkar) og Rangdi Persdtr. Karigarden Opheim.
2. Birgit Halvorsdtr. Huserjorde Dølahaugen Ruud 07.11. 1853-1926
G 1872 m Lars Herbrandson Dølahaugen. G 1885 m Ola Olson Sisle (Gol) Ruud, gnr. 18/9.
    Foreldre: Halvor Solveson Haugo (ungkar) og Margit Persdtr. Huserjorde.
3. Ingrid Halvorsdtr. Huserjordet OpheimsHaugen 31.08. 1856-1939
G 1881 m Oleiv Knutson Hjalmen OpheimsHaugen, gnr. 22/74
    Foreldre: Halvor Solveson Haugo (ungkar) og Margit Persdtr. Huserjordet.
    Fosterforeldre: Halvor Torson Hestehagen Dølajordet og Gunhild B. Sveinjordet.
Per og Ingrid gifte seg i 1821.
    Per kjøpte Opheimsjorde i 1815 for 300 spd og kår. Så kjøpte han Ørjanshaugen i 1831 og Haugo i 1838. Per kjøpte kverna i Ylifossen i 1837. (1287) Sidan kom dei til Haugo i 1838.
   
{1500} År: 1848
Rangdi Persdotter Huserjordet gifte seg med Herbrand Olson Skar Helling. (Sjå Søre Helling og Dølahaugen)
    Dei selde Huserjordet i 1864 til Halvor Solveson Odden Haugo.
{1501} År: 1859c
Torkjell Olson Løyte Opheimsjorde 26.06. 1828-1893
Foreldre: Ola Olson Ruud (Løyte) og Margit Olsdtr. Sehl.
Gm Birgit Embriksdtr. Håkonsgard Opheimsjorde 27.10. 1832-
Foreldre: Embrik Olson Håkonsgard og Gro Nilsdtr. Holto.
*Barn
1. Gro Torkjellsdtr. Opheimsjorde 12.12. 1859-
Barn: Margit 1887- , sjå under barnebarn. Gro var fosterbarn hjå Asle og Anne i Baklien i 1865.
    Gm Ludvig Larsson/Fredriksen, Lier 1873- . Barn: Teodor 1894- ; Borghild 1897- .
    Gro og Ludvig budde på Huseby i Lier, Ludvig arbeidde på sagbruk.
2. Ola Torkjellson Opheimsjorde 21.04. 1865-1944
Gm Ågot (Eivindsdtr?) Torpo. Barn: 7. Til Amerika før 1893: Mound City, SD.
3. Margit Torkjellsdtr. Opheimsjorde 25.03. 1869-1876
Margit døydde 7 år gamal.
4. Liv Torkjellsdtr. €Bråten Opheimsjorde 10.08. 1871-1908
Ugift og utflutt til tenest i Lier før 1893.
5. Anne Torkjellsdtr. Opheimsjorde 13.05. 1874-
Utflutt til tenest i Lier før 1893.
6. Embrik Torkjellson Opheimsjordet 06.12. 1876-____
Til Am.
*Barnebarn
1. Margit Kristiansdtr. Opheimsjorde 30.09. 1887-
Foreldre: Kristian Kristoffersen Gomnes, Hole (ungkar) og Gro Torkjellsdtr. Opheimsjordet.
    Margit flytta til Lierstranda i 1901.
Torkjell og Birgit gifte seg i 1857. Dei var inderstar i 'Opheimsjorde', truleg i Huserjordet. Dei flytta mykje.
    Torkjell dreiv ymse jordbruksarbeid, muring og tresking. Han vart kalla Kjering-Torkjell. (1247) s 93
    Torkjell døydde i 1893, og Birgit reiste til Am. i 1894 saman med Anne (1874-) og Embrik (1876-).
{1502} År: 1864
Halvor Solveson Odden Haugo kjøpte Huserjordet i 1864, delte opp og selde ut. Restane av Huserjordet vart selt 1908 til Opheimsjordet bnr. 58. Samanføyd med bnr. 58 i 1971.