Teigen gnr. 22 bnr. 73
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Teigen gnr. 22 bnr. 73-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bruket Teigen er også kalla Huserjordet eller HuserTeigen. Ein husmannsplass kalla Teigen utgjer noko av garden. I kjeldene er eigedomen stundom kalla 'Teigen', og stundom 'Opheimsjorde' i gamal tid. (Bnr. 32, 56 og 66 er samanføyd med bnr. 73. )
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 69 mål, produtiv skog 80 mål, anna utmark 125 mål.
    Våningshus bygt 1969, driftsbygning 1960, gamalt loft. Tolleiv Larsson bygde fjøset, Lars låven. Buskap: omlag 35 vinterfora sauer frå 1960 og til 1992.
    Stølar: Embrikslåtta, Nystølshaugane og Breiset.
   
   

{1503} År: 1806

Ola Arneson Opheim Opheimsjorde 17.12. 1758-1810c
Foreldre: Arne Olson Karigarden Opheim og Tora Olsdtr. Blakkestad (Gol).
Gm Anne Halvorsdtr. SundreMoen Opheimsjorde 26.10. 1760-1824
Foreldre: Halvor Syverson Moen Helling SundreMoen og Gunhild Persdtr. ... .
*Barn
1. Tora Olsdtr. Opheim 08.06. 1800-
Tora var ikkje arving i 1810.

I 1785 fekk Ola Arneson d.y. skøyte på 2 laupsbol gods under Torpo kyrkje for 125 rd. Opheimsjorde
    Ola selde sin del i Karigarden til broren Ola Arneson d.e. i 1797 mot 198 rd og kår. Frå 1806 hadde han plassen Opheimsjorde som kårbustad.
    I 1810 var Ola død (ikkje funne i KB). Då vart enkja Anne forlikt med syskena Ola Arneson d.e. og Anne Persdtr. om delinga. Anne fekk lausøyret mot å ta på seg gjelda, og betale 40 rd til systera Anne Persdotter. Anne fekk behalde plassen så lenge ho levde. Etter den tid skulle plassen falle attende til Karigarden mot 60 rd til arvingane hennar.
    Anne gifte seg opp att 1812 med Ola Nilsson Medhushaugen.

{1504} År: 1812

Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde 15.01. 1775-1852
Foreldre: Nils Olson Arnegard Medhushagen og Ingeborg Halvorsdtr. Opheimsjorde.
Gm Anne Halvorsdtr. SundreMoen Opheimsjorde 26.10. 1760-1824
Foreldre: Halvor Syverson Moen Helling Sundremoen og Gunhild Persdtr. ... .
Gm Birgit Olsdtr. Opheimsjorde 06.02. 1791-1840
Foreldre: Ola Halvorson Opheim Opheimsjorde og Guri Halvorsdtr. Gurigard.
Gm Torand Olsdtr. Kvinnegard Opheimsjorde 14.09. 1794-1876
Foreldre: Ola Ivarson Ellingsgard Kvinnegard og Kari Syversdtr. Ødelien.
*Barn i andre ekteskap
1. Ingeborg Olsdtr. Opheimsjorde 21.03. 1826-1827
2. Nils Olson Opheimsjorde 01.07. 1827-1897
G 1847 m Anne Torkjellsdtr. søre Opheim. Sjå Opheimsjordet bnr. 58.
3. Torkjell Olson Opheimsjorde Øygarden 25.03. 1830-1913
G 1858 m Åse Olsdtr. Øygarden, gnr. 48/2.

Sjå førre hushald. Anne gifte seg opp att 1812 med Ola Nilsson.
    Ola fekk koma inn som ny mann i Opheimsjorde etter å ha inngått eit forlik med bonden Ola Arneson. Det vart sett som vilkår om nokon av dei gifta seg på nytt, så hadde den nye ektefelle ingen rett til å sitja på plassen si levetid. Bygslingsavgift: 200 rd og årleg leige 3 ort. Dessutan skulle Opheimsjorde haldast godt vedlike. (1537)61b
    Ola gifta seg opp att 1826 med Birgit Olsdtr. I 1841 gifte han seg på nytt med Torand Olsdtr. Dei fekk ingen barn. Ein ser ikkje meir til vilkåret om ny make som vart sett i 1812. Torand Olsdtr. døydde i legd på Opheimsjordet. Då hadde ho vore enkje i 24 år.

{1505} År: 1864

Margit Persdtr. Huserjordet Teigen 01.02. 1829-1881
Foreldre: Per Olson Karigarden Opheim til Huserjordet og Ingrid Aslesdtr. Helling.
Gm Mikkel Herbrandson Sørbøensmoen HuserTeigen 13.05. 1836-1920
Foreldre: Herbrand Herbrandson Bråtalien Sørbøensmoen og Astrid Olsdtr. Haugstad (Gol).
*Barn
1. Astrid Mikkelsdtr. Teigen 31.10. 1864-____
Astrid og systera Margit arbeidde i Walcott, Richland Co i 1885.
2. Herbrand Mikkelson Teigen 11.06. 1866-1949
Budde i Ramsay, ND.
3. Margit Mikkelsdtr. Teigen 03.02. 1868-1928
Margit Teigen utvandra til Am. i 1885. Reisemål: Kindred. Truleg den same som Margareth Teigen, født i Torpo og som var lege i Everett, Washington sidan 1905. Ho omkom i ei bilulykke i 1928. (1435)
4. Per Mikkelson Teigen 26.09. 1869-1872
5. Per Mikkelson Teigen 29.04. 1874-1943
Til Am. i 1885 saman med Margit. Gravlagt i Noonan, Ramsay Co ND. 'Peter Teigen'.

Mikkel og Margit gifte seg 1864. I 1865 var han skomakar og husmann utan jord. To av ungane reiste til Amerika i 1885, kanskje var Mikkel reist føre med dei to andre.
    Mikkel og Margit budde i Ramsay Co, ND. Han skreiv seg Mikkel Teigen. (J. Marler)

{1506} År: 1885

Lars Tolleivson Sehl Teigen 04.06. 1846-1919
Foreldre: Tolleiv Olson søre Sehl og Birgit Larsdtr. Springgard.
Gm Rangdi Torsteinsdtr. Huus Teigen 09.08. 1848-1930
Foreldre: Torstein Olson Huus og Birgit Embriksdtr. Skrindo.
*Barn
1. Tolleiv Larsson Teigen 05.06. 1883-1978
G 1912 m Gunhild Oleivsdtr. Opheimshaugen. Sjå neste hushald.
2. Birgit Larsdtr. Teigen Bakken 30.01. 1885-1918
G 1910 m Nils Olson Bakken. Sjå Rudningen 22/93.
3. Torstein Larsson Teigen 10.10. 1886-1989
Ug. Torstein var ute på onne-arbeid om sumrane. Elles dreiv han med ymse husflidarbeid. (Lagging og snikkering.) Han vart 103 år, men såg og høyrde like godt som i unge år. Siste 1 1/2 døgn var han på sjukeheimen.
4. Birgit Larsdtr. Teigen Jorde 03.12. 1888-1979
G 1911 m Ola Helgeson Opheimsjordet. Sjå Jordet 22/48.

Lars og Rangdi gifte seg i 1883.