Rasmusgarden søre gnr. 22 bnr. 79
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Rasmusgarden søre gnr. 22 bnr. 79-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Søre Rasmusgarden eller Nedre Rasmusgarden vart frådelt Rasmusgarden i 1879. Fyrste tunet vart bygd ovanfor bygdevegen. I 1903-åra vart tunet flytta til noverande stad nedanfor vegen. Av dei gamle stuguhusa på garden står eit på Sando, og det andre på berget ved Sataøyen.
    Areal 1960: dyrka jord 50 mål. Vanleg buskap i 1930-åra var 2 hestar, 10 kyr og 15 sauer.
    Areal 1995: dyrka jord 90 mål, anna areal 25 mål, produktiv skog 730 mål, anna utmark 200 mål. Buskap: 11 mjølkekyr, 25 ungdyr.
    Gamletunet: Kårhus bygt 1935, låve med stall og fjøs, loft. Nytt tun 150 m. nedafor: Våningshus bygt 1980, driftsbygning 1990, verkstad/garasje 1988. 2 utleigehytter.
    Garden har langstøl på Gaukelistølen og heimstøl på Helsingset.
   
   
{1521} År: 1897
Rasmus Rasmusson Opheim 03.12. 1863-1947
Foreldre: Rasmus Syverson Garden Myljo Opheim og Guri Eilevsdtr. Nubgarden.
Gm Guri Nilsdtr. Helling Opheim 16.11. 1871-1940
Foreldre: Nils Johanneson Opheim Garden Helling og Margit Olsdtr. Nistugu Sire.
*Barn
1. Guri Rasmusdtr. Opheim Remmen 10.04. 1893-1976
Gm Jonas Remmen (Romsdal). Ingen barn. Til Am. i 1914. Ho tok namnet Virginia Remmen i Am.
2. Rasmus Rasmusson Opheim 04.08. 1895-1965
G 1928 m Anne Hermannsdtr. Haugen 1904- . Barn: Reidar 1928- gm Solveig Gullhaug (2 barn); Gerda 1931- sjukepleiar, gm Finn Andersen (1 barn); Hallgrim 1937- hydraulikar på Gardemoen, gm Randi Nordbø (3 barn); Arvid 1945- gm Sigrid Robøle.
    Rasmus og Anne kjøpte gard ved Ryfoss, Vang i Valdres. (1345) 454
3. Margit Rasmusdtr. Opheim Løstegard 22.11. 1897-1975
G 1921 m Steingrim Halvorson Løstegard, Gol 1891-1971. Barn: Harald 1923-1990 g 1952 m Anna Ødelien (Sjå 1976-hushaldet.)
    Dei selde Løstegard til sonen i 1955.
4. Nils Rasmusson Opheim 14.04. 1900-1981
Gm Gudrun Nilsdtr. Krosshaug. Sjå neste hushald.
5. Ragnhild Rasmusdtr. Opheim 01.07. 1902-
Ug. Ho hadde huspost i Oslo.
6. Gunvor Rasmusdtr. Opheim Skarsgard 19.10. 1904-1977
G 1924 m Syver Syverson Skarsgard, gnr. 92/4.
7. Anne Rasmusdtr. Opheim Syvertsen 28.01. 1907-
Gm Arvid Syvertsen, Oslo. (systermannen) Sjukesyster.
8. Oline Rasmusdtr. Opheim Krydshaug 15.03. 1909-2005
G 1939 m Hermann Nilsson Krydshaug. Sjå Krosshaug, gnr. 33/1.
9. Sissel Rasmusdtr. Opheim Syvertsen 06.09. 1913-1945
Gm Arvid Syvertsen, Oslo. Død i barnseng.
Rasmus og Guri gifte seg i 1893. Dei bygde opp garden frå 1893. Det var bestemt at broren Eilev skulle vera med å koste husa på den nye garden.
    Men den nye bygdavegen delte tunet i to, så han måtte bygge opp garden ein gong til i 1930-åra, denne gong nedanfor vegen. I 1922 fekk dei skøyte frå arvingane etter Rasmus Syverson for 5200 kr og kår.