Opheimsøyen gnr. 22 bnr. 90
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Opheimsøyen gnr. 22 bnr. 90-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Husmannsplassen Opheimsøyen vart også kalla Øyne, Eitresmøget eller berre Smøget. Eitra er ei lita sidegrein av Lya som renn ut i Smøget. Opheimsøyen ligg som ei øy mellom Eitra og Lya og nedanfor vegen til Underåsen, i halla sør for Lya.
    Det syner ei gamal tuft 2x3 m aust for nyestugu i Øyen.
    I eldhuset i Smøget budde ein dei kalla Store-Nils. (Nils Rasmusson 1866-1930.) Hjå han samlast lauskarane om kveldane.
   
   

{1524} År: 1851

Ola Håkonson Storlien Dølahaugen 1789-1877
G 1834 m Ambjørg Håkonsdtr. Arnegard. Ungane, sjå også Dølahaugen, gnr. 22/231. Foreldre: Håkon Embrikson Lien Ellingsgard Storlien og Barbro Arnesdtr. Golberg.

Ola og Ambjørg var sjølveigar i Dølahaugen i mange år, så selde dei i 1852 og vart husmenn hjå Halvor T. Opheim.
    I 1851 bygsla dei fylgjande: jordstykket Øynane (Opheimsøyne/Eitresmøget) som han kan setja opp hus på; 2 åkrar på Dølahaugen (Badstuguåkeren og Sundeåkeren); slåttelendet Vesleengen nordved Lya; vanlege rettar i skog og hamn. Årleg leige: 2 ort 12 skilling.
    NB. Ein av sønene kunne få overta bygsla på livstid etter Ola og Ambjørg. (1549)225b Ola mottok kornstøtte kring 1850.
   
   

{1525} År: 1900

Anders Amundson Dekko 22.04. 1868-1937
G 1898 m Mari Olsdtr. Ruud. Foreldre: Amund Olson Perplass Dekko og Rønnaug Knutsdtr. Dekko.

Andres Dekko brukte plassen i 1900 til 1913. Han selde i 1921. Ungane står under Kringla, gnr. 10/14.