Rudningen gnr. 22 bnr. 93
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Rudningen gnr. 22 bnr. 93-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Rudningen/Opheimsrudningen eller Monse-rudningen/-plassen var husmannsplass under Rasmusgarden. Monse-namnet kjem av ein hemsedøl som budde her sist på 1800-talet.
    Øvregjordet vart frådelt i 1903 og gjeve bnr. 97. Dette er slege saman med Ørjanshaugen brn. 54 under bruksnummer 93 og kalla Rudningen. Bruket vert stundom kalla Bakken, men det er ikkje rett namnebruk. Bakken er slektsnamnet frå 1902, medan bruket heiter Rudningen.
    Vanleg buskap på 1960-talet var: ein hest, 5 kyr og nokre sauer.
    Areal: tilsaman 40 mål, av dette er omlag 20 dyrka. Jorda er bortleigd.
   
{1529} År: 1860c
Ingeborg Olsdtr. Bakke Opheimsrudningen 1794-1868
Foreldre: Ola Amundson Bakke og Haldis Torkjellsdtr. Kvelprud.
Gm Mons Hansson Bråten Opheimsrudningen 1812-1883
Foreldre: Hans Monson Haugen (under Trøym) og Kari Monsdtr. Lien, Hemsedal.
Gm Guri Sevatsdtr. Nupestølen Bukkehaugen 18.09. 1815-1900
Foreldre: Sevat Larsson Baggesteg Nupestølen og Birgit Guttormsdtr. Bergsgard.
Mons og Ingeborg gifte seg i 1835. Dei budde fyrst på Fuglehaugji, ein heimstøl i Grøndalen i Hemsedal.
    Mons var deretter "husmanns husmann i Fladalen" bak Sudnliåsen i Nes. (Dei bygsla hjå ein husmann i 1845.)
    Mons og Ingeborg fekk ingen barn. Truleg kom dei til Opheimrudningen kring 1860. Plassen fekk sidan namn etter Mons. Fattigkassa la ut 4 spd i 1864 for å få pløgd og sådd til plassen for Mons. Han gifte seg opp att 1869 med Guri Sevatsdotter, som var enkje etter Tomas Larsson Bakken Bukkehaugen.