Opheimshaugen nordre gnr. 22 bnr. 114
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Opheimshaugen nordre gnr. 22 bnr. 114-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Småbruket Nordre Opheimshaugen ligg øvst i Opheim inntil vegen til Helsingset. Før 1913 var Opheimshaugen husmannsplass under Karigarden Opheim. Husa er gamle.
    Areal 1960: dyrka jord 8 mål. Vanleg buskap var ein hest, tre kyr og to sauer.
    Bruket har heimstøl på Helsingset. (Tilkjøpt frå Bakken 20/17.)
   
{1539} År: 1895
Knut Knutson Grasstauren Haugen 01.08. 1868-1940
Foreldre: Knut Knutson Dekko Grasstauren og Kristi Herbrandsdtr. Guttormsplassen.
Gm Borghild Botolvsdtr. Jorde Haugen 17.07. 1866-1945
Foreldre: Botolv Olson Tormodsgardsjorde eller Botolvshuset og Rønnaug Torgeirsdtr. Juven Slåtten.
*Barn
1. Kristi Haugen Dølerud 02.06. 1891-1978
G 1920 m Torvald Olson Bjellumseie i Jevnaker 1896-1973. Barn: Olaf 1924-1983 gm Solveig Johansen; Bjarne 1925- gm Inger Kampen, Sørum (2 barn); Borghild 1927- gm Villie Nesheim (1 son); Ragnhild 1929- gm Kristian Johansen (5 barn). (1445)
    Torvald var dagarbeidar og budde på Gunstad, Jevnaker i 1920. Han var son til husmann Ole Jørgenson Bjellums-eie i Jevnaker. Han skreiv seg Dølerud.
2. Knut Knutson Haugen 14.05. 1893-1924
G 1916 m Birgit Håkonsdtr. Hellingbrenna. Sjå Petterhaugen, gnr. 19/1a.
3. Botolv Haugen 28.01. 1901-1992
Gm Anne T. Snikkerhaugen frå Gol. Sjå neste hushald.
4. Rangdi Haugen Hagen 15.04. 1903-1989
G 1927 m Rasmus Knutson Opheim LarseHagen. Sjå Hagajordet, gnr. 22/52.
5. Ola Haugen 10.04. 1906-1912
Knut og Borghild gifte seg i 1891. Fyrste dottera er født i Grasstauren, dei andre på Opheimshaugen. Dei fekk skøyte på Opheimshaugen i 1913. Frå 1895 hadde dei bygsla Opheimshaugen hjå Karigarden.
    Borghild var nærkone og var kunnig med lækjeråder. Ho hadde eit heilt "apotek" med ymse rådgjerder og mulla for seg sjølv medan ho stelte verkefingrar etc. Knut var skomakar, og reiste frå gard til gard og 'gjorde skor'.