Bråtahaugen gnr. 22 bnr. 123
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bråtahaugen gnr. 22 bnr. 123-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bråtahaugen (Brøtahaugen i lokal daglegtale) var husmannsplass under Karigarden fram til 1919.
    Bruket ligg litt opp for tunet i Karigarden. Her står ei stugu, låve og ei lu.
{1542} År: 1865
Hermann Herbrandson Sørbøensmoen Haugen 16.06. 1833-1916
Foreldre: Herbrand Herbrandson Bråtalien Sørbøensmoen og Astrid Olsdtr. Haugstad.
Hermann var ugift. (Bror hans budde i Teigen.) I 1865 var han skreddar og inderst busett i Bråten. Brordottera Astrid Larsdtr. budde hjå han då ho kom att frå Amerika som enkje i 1901.