Opheim øvre gnr. 22 bnr. 142
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Opheim øvre gnr. 22 bnr. 142-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Øvre Opheim var eit bureisarbruk som vart frådelt Karigarden i 1922. Innmarka er omlag 45 mål derav 12 mål dyrka. Ola Hermannson dyrka 4 mål.
    Tunet er bygd på dei gamle tuftene til Karigarden Opheim, stugu og uthus og nytt bustadhus.
    Heimstølen som Karigarden hadde i Dråpalie fylgde med garden. Ransevollen frå Embriksgarden vart tilkjøpt av Ola Hermannson, og lagt inntil Dråpalivollen. Ved jordskifte fekk Øvre Opheim lagt ut eit jordstykke i langåsen.
    Øvre Opheim vart selt som tilleggsjord til grannane i 1997. Tunet er selt som bustad-eigedom.