Øvrebråten gnr. 22 bnr. 151
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Øvrebråten gnr. 22 bnr. 151-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvrebråten var opphavleg ein åker på omlag 3 mål som vart selt frå Bråten til Ola Olson Sollien kring 1900.
    Frå 1909 fekk Øvrebråten ny eigar. Ola Oleivson kjøpte attåt meir jord, og bygde opp hus. Og i 1919 vart bruket Sogla tilkjøpt som underbruk/støl til Øvrebråten.
    Til sist var Øvrebråten eit småbruk med omlag 20 mål dyrka jord og litt skog. For å få nok for til buskapen, dreiv Ola og Sissel storrslått i utmarka fram til omlag 1960.
    Husa er stugu og uthus bygde frå 1910 og utover.
    Vanleg buskap var 4 kyr og 12 sauer. I 1990 vart stølen Sogla selt og tillagt Søre Opsata.