Dølahaugen gnr. 22 bnr. 231
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dølahaugen gnr. 22 bnr. 231-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Dølahaugen vart kalla Opheimseie og stundom Opheimsjorde i kjeldene.
    Namnet Dølahaugen kom i bruk sist på 1700-talet. Venteleg kjem namnet av ein 'døl', dvs. ein frå Hemsedal. Knut Anderson er truleg denne mannen.
    Her var husmannsplass, men i åra mellom 1837 og 1852 hadde husmannen skøyte på plassen, men så gav han opp og vart bygslingsmann att.
    NB. I 1864 kjøpte husmannen i Dølahaugen bruket Sletten under myljo Opheim, og brukte Sletten saman med Dølahaugen. Dette må vera forklaringa på at Dølahaugen som opphavleg var bnr. 2 under søre Opheim, til sist vart frådelt Rasmusgarden (under myljo Opheim) i 1984.
    Av dei gamle husa står berre ein gamal låve att. Stugu vart flytta kring 1950.
    Areal 1865: dyrka jord 5 mål, naturleg eng 2 mål. Avling: 4 1/2 tunne bygg og 4 1/2 tunne potet.
    Dølahaugen vart frådelt bnr. 5 i 1984 saman med Dropalivollen og ein skogteig på 100 mål.
   

{1549} År: 1750c

Knut Anderson ... Opheimsjorde . 1720c-
Foreldre: Anders ... .
Gm Dordei Klemetsdtr. Svarvargarden Opheimsjorde . 1720-1810
Foreldre: Klemet Eirikson/Eivindson Svarvargarden og ... .
*Barn
1. Anders Knutson Opheimsjorde 02.06 1755-1760
Han vart berre 5 år gamal.
2. Gjertrud Knutsdtr. Opheimsjorde 11.09 1757-1760
3. Klemet Knutson Opheimsjorde 27.06 1760-1760
Klemet vart døypt som Opheimsåsen. Han vart berre 9 veker gamal.
4. Gjertrud Knutsdtr. Opheimsjorde 14.03 1762-
5. Anders Knutson Opheimsjorde Dølahaugen 04.09 1763-1831
G 1795 m Gunhild Larsdtr. Lappegard. Sjå neste hushald.
6. Anders Knutson Opheimsjorde 25.08 1765-

Knut og Dordei gifte seg i 1755. Då sonen Anders vart døypt i juni 1755, skreiv presten: 'hans første leiermål, hennes tredje.' Me kjenner ikkje opphavet til Knut Anderson, men dersom han er frå Hemsedal så er det forklaringa på namnet Dølahaugen.
    Dordei vart dømt til å betale consumpsjonsskatt i 1752. Knut vart beskrivi som fattig betlar busett på Opheim-eie i 1762.
    Dordei var enkje og husmann på Dølahaugen då ho fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)

{1550} År: 1795

Anders Knutson Opheimsjorde Dølahaugen 04.09 1763-1831
Foreldre: Knut Anderson Dølahaugen og Dordei Klemetsdtr. Svarvargarden.
Gm Gunhild Larsdtr. Lappegard Dølahaugen 19.12 1751-1839
Foreldre: Lars Knutson søre Lappegard og Guri Herbrandsdtr. Skrindo (?)

Anders og Gunhild gifte seg i 1795. Ingen barn. Dei bygsla på Dølahaugen i 1795 mot årleg leige '2 mark - 1 rd', og 2 mark etter at mora var død. Mora var gamal og skrøpeleg, og gav seg inn hjå Anders for omhyggeleg oppvartning, tilsyn, føde og klede. Mora ville ikkje kastast på bygda i alder og fattigdom, og sonen var mest skikka til å ta seg av henne. Dottera hennar skulle ikkje arve noko i plassen etter henne. (1259) s 14
    Anders var av dei som fylgde folketru og gamle skikkar i det lengste: han brukte kvit skjorte når han sådde kornet. Då vart det så 'fin skjerdnad' på kornet. Anders brukte treplog når han pløgde åkeren. Då grannen hadde fått seg jernplog, meinte Anders at det ikkje kom til å bli korn. (1644)
    Han var også nøye då kyrne deira skulle sleppast saman med andre kyr om våren. Dvs. når han ikkje hadde eigen støl, så hadde han kyrne 'på vakt' hjå andre. Anders og bølingen venta på litt avstand inntil dei andre kyrne rauta. Då sleppte han kyrne, ei kyr for kvart raut. Han rekna nok at kyrne ikkje skulle trenge seg på, men heller vente på velkomsthelsing.
    Gunhild overførte bygslingsretten for Dølahaugen til Johan Nilson på nordre Helling i 1732 mot kår.
   

{1551} År: 1837

Ola Håkonson Storlien Dølahaugen . 1789-1877
Foreldre: Håkon Embrikson Lien Ellingsgard Storlien og Barbro Arnesdtr. Golberg.
Gm Ambjørg Håkonsdtr. Arnegard Dølahaugen . 1798-1894
Foreldre: Håkon Asleson Arnegard (i Votndalen) Storlien og Guri Håkonsdtr. Sørbøen.
*Barn
1. Håkon Olson Dølahaugen Sletten 07.05 1835-1869
Gm Birgit Hermannsdtr. Sveinsrud. Sjå neste hushald.
2. Håkon Olson Dølahaugen 18.07 1837-
Håkon budde hjå foreldra og var dagarbeidar i 1865.

Ola og Ambjørg gifte seg i 1834 og var i Svarvargarden den fyrste tida. I 1837 kjøpte Ola Dølahaugen hjå Halvor Torkjellson Opheim for 360 spd og kår til enkja Gunhild Larsdtr. Dølahaugen. I 1852 selde Ola Dølahaugen til Halvor T. Opheim for 150 spd, og vart husmann på nytt:
    Dei bygsla Opheimsøyne hjå Halvor T. Opheim i 1851, og let Tolleiv Olson overta bygsla i Dølahaugen i 1852. Sjå meir under Øyne.
   

{1552} År: 1852

Tolleiv Oleivson Bråten Underåsen 19.06 1796-1886
Foreldre: Oleiv Halvorson OpheimBråten og Guri Ivarsdtr. Haugstad frå Gol.
Gm Astrid Olsdtr. #Haugstad Sørbøensmoen . 1804-1891
Foreldre: Ola Mikkelson Haugstad og Kari Timannsdtr. (sjå Gol VI s 366)

Tolleiv gifte seg opp att med Astrid i 1852. Sjå meir i Underåsen. Ho var enkje etter Herbrand Herbrandson Bråtalien Sørbøensmoen.
    I 1852 bygsla Tolleiv plassen Dølahaugen på livstid hjå Halvor T. Opheim. I bygsla var plassen Dølahaugen med 3 åkrar og engeland; 2 ås-sletter; bruksrett i hamn og skog etter behov. Vilkår: 3 tunner god bygg i årleg leige og 3 bismarpund sureprim (levert til Krossmesse om hausten). Plassen skulle falle attende til garden etter deira tid utan godtgjersle. (1549)226

{1553} År: 1867c

Håkon Olson Dølahaugen Sletten 07.05 1835-1869
Foreldre: Ola Håkonson Storlien Dølahaugen og Ambjørg Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Birgit Hermannsdtr. Sveinsrud Slettene 23.05 1833-1912
Foreldre: Hermann Person Kvelprud Sveinsrud og Birgit Holgesdtr. Sveinsrud.
*Barn
1. Ambjørg Håkonsdtr. Dølahaugen Sletten 17.01 1868-1951
G 1888 m Lars Knutson Opheimshagen / Embriksgarden Sletten.

Håkon kjøpte Sletten under Myljo Opheim i 1864. Sjå også der. I 1865 vart Sletten og Dølahaugen brukt under eitt. Håkon døydde som husmann i Dølahaugen i 1869. Birgit gifte seg opp att 1872 med Tor Syverson Haugo Sletten.

{1554} År: 1894c

Halvor Torson Hestehagen Dølahaugen 06.12 1825-1906
Foreldre: Tor Sveinson Opheimsjorde Hestehagen og Turid Torsteinsdtr. Opheim.
Gm Olaug Embriksdtr. #Torset Dølahaugen 23.10 1846-1917
Foreldre: Embrik Knutson Torset og Ingebjørg Olsdtr. Hodnungset (Gol), Hemsedal.

Halvor og Olaug gifte seg i 1894. Halvor hadde vore gift med Gunhild Botolvsdtr. Opheimsjorde. Sjå Sveinjorde. Olaug var tidleg enkje etter Knut Olson Skarsdokken i Hemsedal i 1871. Då ho vart enkje for andre gong flytta ho til dottera Birgit på Hatten i Gol.

{1555} År: 1983

Ola Rotebakkdokken 06.02 1916-1996
Foreldre: Ola Ivarson Storemyr Rotebakkdokken og Margit Olsdtr. Fossgard.
Gm Ragnhild Opheim Rasmusgarden Rotebakkdokken 06.05 1914-1983
Foreldre: Eilev Rasmusson Opheim Rasmusgarden og Rangdi Rasmusdtr. Underåsen.
*Barn
1. Eilev Rotebakdokken 27.03 1943-
Gm Elsa Olsen. Sjå Rotebakkdokken.
2. Ragnar Rotebakkdokken 21.08 1945-
Var gm Kari Olerud, Oslo. Barn: Lena 1970- ; Glenn 1971- .
    Arb. ved Oslo Lysverker. Sjå neste hushald.

Ragnhild arva Dølahaugen på skiftet etter mor si i 1983. Sjå meir under Rotebakkdokken.
   

{1556} År: 1988


Ragnar overtok Dølahaugen i 1988. Han bur på Sundre.