Sørbøen søre gnr. 23 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sørbøen søre gnr. 23 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sørbøen ligg synst på ein hjall midt i Liagardane. Namnet kjem av 'bø' som tyder gard, bustad. Og 'sør' skriv seg truleg frå delinga av landnåmsgarden 'Lid'. (Jfr. Liagardane.) Sørbøen er av dei gamle gardane i Ål. Gamal skyld 12 laupsbol.
    Garden vart delt mellom to brør kring 1591, men samarbeidet mellom nordre og søre må ha vore uvanleg godt, det gjekk lenge før endelege grenser og steinar vart fastsette.
    Syver Tomasson og Ole Gjestson kom for retten 13. november 1711 og kunngjorde 'venlig contract og foreening' om delinga av Sørbøen som Gjest og Syver overtok for 120 år sidan, som dei og etterkomarane hadde brukt utan at 'deele steene ere nedsatte'. Målet var å unngå 'irring og tvistighed i fremtiden'. Med to medhjelperar var no delene sette slik:
    "Den første steen nedsette vi sønderst ved Lue huus tofften til nørdre gaarden, som viiser ned i den 2den: steen i et ager hiørne, gaar saa nord effter een steen gaard i den 3de: steen strax neden smidien, saa lige ned i den 4de: og 5te: steen som staar yderst paa ageren ved Esper haugen, gaar saa deelet Sør effter ager Reenen hvor vi nedsatte 6 steene lige Sør effter hver andre til Skougen vedtager,
    Er saa tilsammen 11: steene neden huusene. Begyndte saa norden huusene hvor Vi sette een steen i gaarden ved een huus toft som viiser op i een steen hos een jldhuus toft, saa nord i den
    3de: steen Ved et ager støcke; saa ned i den 4de: steen, saa lige nord i den 5te: og 6te: steen, som staar Ret ved Killing ageren, gaar saa op i een steen øverst ad ageren ved vejen som ligger til Medgaarden, saa lige effter veien et stycke sette vi een steen, saa op effter een Rab staar 2 steene effter hver andre, saa lige nord i een steen ved een teig kaldis Fladhagen, ligger til Søre gaarden, gaar saa ned i Veien igien staar 3 steene Ved Veien nord i stolpe ledet, som Medgaards ejer Vedtager, Een Rødning oven Fladhagen, skal vi selv foreenis om; Er tilsammen 14 steene Norden huusene.
    Een ager Kaldis Langreene og een Engeteig oven for ligger til nordre gaarden, der nedsette vi 4 steene norden for ved Fladhagen, lige op effter hver andre, og 2 steene yderst paa ageren Sør effter hverandre, og 4 steene Sønden for lige op effter hver andre i gierdet, er tilsammen 10 steene. Saa nedsette vi 10 steene i gaarden imellem huustoffterne, er tilsammen over alt 45 steene.
    Et Slottelende Kaldis Thon der nedsette vi 7. steene lige op effter hver andre, og sør den nørdre part til Søre gaarden med een Lue tufft paa den Søre part, hvis græsning oven for Thon ejer vi til fellis.
    Een platz ned paa Moen imellem bagge stig og Guldbrecke Ejer vi til fellis. Langro, een liden Sæter, bruger vi til fellis, Een Sæter Heggetoen ligger til Søre gaarden, og Een Slotte Føgsdalen ligger til Nørdre gaarden,
    Voris hiem sæter Kiøn stølen Ejer vi begge hvor en bek adskiller parterne, saa har vi fellitz ejendom med de andre gaarde over Lye Elv Ved Kyllitz hammer og i Gryttingen, og udj samme field marck ligger Sørbøns Sommer Sæter Kaldis Trette stølen. "
    Frådelte underbruk og plassar: Sørbøensmoen, Tone, Jøta , Juven og Branden.
    Areal 1865: åker 34 1/2 mål; naturleg eng 70 mål; fjellslått 90 mål. Avling: 35 tunner bygg og 35 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 138 mål, anna areal 56 mål, produktiv skog 1020 mål, anna utmark 45 mål. Leigd jord 72 mål. Buskap: 11 mjølkekyr, 26 ungdyr, 25 vinterfora sauer, 2 hestar.
    Våningshus bygt 1979, eit to-etasjes hus frå 1953, kårhus 1740, loft 1670, stabbur 1781, driftsbygning 1962, påbygd 1980 og 1983, sauefjøs (tilbygg) 1984.
    Stølar: Heimstøl i Ørnedokken. Langstøl på Trettestølane.
   

{1558} År: 1766

Syver Danielson Sørbøen Barskrind 1740-1801
Foreldre: Daniel Syverson Sørbøen og Anne Aslesdtr. Stave.
Gm Birgit Eiriksdtr. Rikansrud Barskrind 23.01. 1746-1831
Foreldre: Eirik Olson Barskrind Rikansrud og Margit Olsdtr. Villand (Hol).
*Barn
1. Daniel Syverson Sørbøen 15.03. 1767-1845
Sjå neste hushald.
2. Anne Syversdtr. Sørbøen Løyte 11.12. 1768-1807
G 1789 m Ola Olson nedre Medgard Ruud (Løyte). Sjå der.
3. Eirik Syverson Sørbøen Barskrind 13.09. 1772-1825
G 1799 m Birgit Knutsdtr. Gro. Sjå Barskrind, gnr. 19/1.
4. Margit Syversdtr. Sørbøen Opheim Rasmusgarden 19.03. 1775-1817
G 1795 m Rasmus Steingrimson Opheim Rasmusgarden, gnr. 22/5.
5. Tolleiv Syverson Sørbøen Tveito 02.02. 1777-1856
G 1809 m Gunhild Torsteinsdtr. Opheim. G 1816 m enkje Ragnhild Larsdtr. Løyte Tveito, gnr. 55/17.
6. Birgit Syversdtr. Sørbøen 23.05. 1779-1801f
7. Aslak Syverson Sørbøen Ton 28.01. 1781-1831
G 1813 m Birgit Håkonsdtr. Ruud. Sjå nedre Sørbøens-Tone, gnr. 23/8.
8. Kristi Syversdtr. Sørbøen Skjervheim 14.11. 1784-1848
G 1807 m Ola Nilsson søre Skjervheim, gnr. 35/1.
9. Ola Syverson Sørbøen Gråbeinhaugo 27.04. 1788-1850.
G 1816 m Guri Olsdtr. Opheimsjorde. Sjå Haugo, gnr. 22/3. Sidan Lyngen i Troms.
10. Birgit Syversdtr. Sørbøen 20.03. 1791-1801f

Syver løyste ut syskenpartar i garden i 1766 for 350 rd.
    Syver vart 1789 saksøkt for krenking og trugsmål av Ola O. Medgarden. Og han svara med motsøksmål "fordie han adskillige Gange har brugt og udtalt ej alleene ærørige Ord om Stevneren og hans Kone Anne Syversdatter, men endog gaaet saavidt at han har udladt Sig med at vilde drebe dem med meere, saa de ej nogen Tiid verd Sig Sikker for ham og desaarsage har maatted henflytte til et fra ham Langt bortliggende Sted,..". (1673)5
    Det kom friar til ei av døtrene, og så kom der ein fyritalsmann til Birgit for å legge inn eit godt ord m.a. ved å skrytte av garden hans. Då sa Birgit: "Seg meg 'kje tå garde, men seg meg tå kare!"
    Sørbøen vart selt til sonen Daniel i 1789 for 600 rd. Kår frå 1795: m.a. 3 tunner godt stritt bygg, 1 kvartel rug, 1 kvartel salt, 4 mark humle og hamp-lende til 2 settung hampesæd, samt hest og køyrekar for køyring til stølen, kyrkja og andre stader. Barskrind vart selt til sonen Eirik i 1800 for 600 rd og kår.
    I 1800 saksøkte Syver og Birgit sonen Daniel for misleghalde kår. "Gaarden Misligbehandles og deres Livøre kan deraf ikke erholdes..". Saka enda med forlik.
    Birgit skifta 1803 i levande live dei 300 rd ho fekk utlagt på skiftet etter Syver.

{1559} År: 1781

Daniel Syverson Sørbøen 15.03. 1767-1845
Foreldre: Syver Danielson Sørbøen til Barskrind og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud.

Daniel var ugift. Han hadde "et barn" med Dordei Embriksdtr. Opheim. Og med Ingeborg Nilsdtr. Holdesmoen frå Hemsedal hadde han dottera Sigrid f. 1826 i Torpo.
    Daniel kjøpte Sørbøen i 1789 for 600 rd, men halve summen skulle stå rentefritt inntil båe foreldra var døde. I 1802 kjøpte Daniel Skarveslettane og Hanseslettane (skogsletter med skog, mark og hamnegang) for 98 rd. Same året makeskifta Daniel til seg Bakken og Ørnedokken og 100 rd, mot att Bjørn Tormodsgard fekk 'Krødstølen' og Heggetone.
    Det er fortalt om ei kone i Sørbøen som vart kalla Eldhus-Ambjørg. Ho sat for det meste i eldhuset og brende brennevin. Og Daniel tura og drakk, og gardsdrifta gjekk på skeive. (Sjå førre hushald.) Daniel tok gjerne med seg ein butel med brennevin då han gjekk om morgonen ut for å pløge. Butelen var gjerne tom til dugurds.
    Ein sundags morgon kom mor hans ridande frå Barskrind. Ho reid på ein kvit hest, fortalde dei gamle. I Sørbøen var det turing. Ho bad om å få låne loftslykjelen, men det vart nekta. Då braut ho opp loftsdøra med ei staurstong, fata ein førti-pott brennevinskagge og slo den sundt mot ein stein så brennevinet fløymde. Så sa ho til Daniel: "Ha' du brydd deg såpass at du hadde gjenge sy skogen og funne deg ei turu, så kanskje du ha hengi ved garden!" (Dølaminne 1922)
    Det gjekk som det måtte. Garden vart selt i 1803.
    I 1814 budde både Daniel og broren Ola hjå mora som var kårkone på Barskrind. Etter ein lang strid med broren Eirik, var Daniel tilkjent odelen på Barskrind. Men taksten var høg, og han greidde ikkje å løyse garden. Oppglødd av mora heldt familiestriden fram. Sjå meir under Barskrind bnr. 1.
    I ei kontrakt frå 1837 heitte det: Daniel vil forsørge seg sjølv, og Ola Nilsson Skjervheim skal ikkje ha med å oppvarte han på nokon måte. Daniel kjøpte seg opphald på ein gard i Opheim, men folka på garden trega på dette. Så fann dei på råd for å bli kvitt han. Ein kveld prata dei seg i mellom så høgt at Daniel høyrde det. Dei lest som dei hadde tinga folk til å 'taka' Daniel neste dag. Då reiste Daniel or garden, etterkvart havna han på legd.

{1560} År: 1803

Per Halvorson Ruud Olsgard Sundre 20.08. 1746-1818
Gm Maren Catarine Jørgensdtr. Rasch. Sjå nedre Sundre, gnr. 110/15. Foreldre: Halvor Olsgard og ... ... , Nes.

Per Halvorson Sundre kjøpte Sørbøen for 2499 rd, men hadde garden berre eit år. I 1804 selde Per plassane Gurigutmoen og Juven til Ola T. Kolbjørnsgard.

{1561} År: 1804


Ola Torkjellson Kolbjørnsgard kjøpte søre Sørbøen i 1803 for 2400 rd. Han pantsette garden til major Juell for 1300 rd, og selde att i 1805 til Ola Eirikson Svenkerud.

{1562} År: 1805

Ola Eirikson Svenkerud Sørbøen 1781.-1836
Foreldre: Eirik Svenkerud og ... .
Gm Kristi Hallgrimsdtr. Ruud Sørbøen 1789-1875
Foreldre: Hallgrim Kolbjørnson Hoftun Ruud og Mari Klemetsdtr. Rud (Sokndalen), Nes.
*Barn
1. Eirik Olson Sørbøen 07.09. 1806-1887
G 1838 m Randi Tolleivsdtr. Opsata. Sjå neste hushald.
2. Randi Olsdtr. Sørbøen 07.09. 1806-1809
3. Rangdi Olsdtr. Sørbøen Underåsen 28.12. 1812-1905
Gm Eirik Rasmusson Opheim Underåsen, gnr. 22/9.
4. Randi Olsdtr. Sørbøen 28.12. 1812-____
5. Hallgrim Olson Sørbøen Skjervheim 08.08. 1818-1905
Gm Ragnhild E. Sando. Sjå nordre Skjervheim, gnr. 35/12.
6. Kolbjørn Olson Sørbøen Sando 08.12. 1821-1882
G 1843 m Mari Eiriksdtr. Sando. Sjå Sando, gnr. 30/2.
7. Mari Olsdtr. Sørbøen Rudningen 20.05. 1832-1901
G 1851 m Knut Larsson Rudningen. Sjå Trintrudrudningen, gnr. 57/3.

Ola fekk skøyte på Sørbøen i 1805, og i 1808 kjøpte han Trettestølen. Han lånte pengar hjå major Leegaard i Porsgrunn. Aslak Syverson Sørbøen stemde på odel, og garden vart taksert til 10000 rbdr. I stadenfor odelsløysing fekk Aslak nedre Sørbøenstone og Rakkekjeksstølen i 1813.
    Ola kom ut for eit uhell vinteren 1836 då han dreiv forkøyring frå Trettestølane. Han køyrde gjennom isen i Lya og vart våt. Ola vart sjuk og døydde ikkje lenge etterpå. Buet var 773 spd. Garden vart taksert til 1050 rd.
    Kristi gifte seg opp att 1837 m Tidemann Steingrimson Flategro Ruud. (Sjå Ruud gnr. 25.)

{1563} År: 1836

Eirik Olson Sørbøen 07.09. 1806-1887
Foreldre: Ola Eirikson Svenkerud Sørbøen og Kristi Hallgrimsdtr. Ruud (Nes).
Gm Randi Tolleivsdtr. Opsata Sørbøen 10.09. 1818-1894
Foreldre: Tolleiv Larsson Opsata og Borghild Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Ola Eirikson Sørbøen 09.10. 1840-1925
G 1871 m Sissel Eilevsdtr. Nubgarden. Sjå neste hushald.
2. Kristi Eiriksdtr. Sørbøen 28.01. 1842-1884
Ug. Til Am. i 1871: ho tente hjå Ola Pålson Hulbak i Kenyon.
3. Tolleiv Eirikson Sørbøen 30.09. 1844-1922
G 1873 m Margit E. Jordet Eidsgard, Gol 1847-1920 . Barn: Rangdi 1874- konf. 1888; Mathilda 1875- budde i Minneapolis i 1903; Julia 1878- også i Minneapolis i 1903; Eline Bergitte 1885-1903; Maria 1891-1972. ( NB. Ei av døtrene var gm Arch Cunningham og budde i Boise, Idaho i 1920.) (1358)
    Til Am.: farma 1880 i Kenyon tp. Goodhue Co MN.
4. Gjermund Eirikson Sørbøen Tormodsgard 22.11. 1848-1920
G 1881 m enkje Sissel Kolbjørnsdtr. Sando. Sjå Tormodsgard, gnr. 30/1.
5. Tidemann Eirikson Sørbøen 13.07. 1853-1922
G 1892 m Birgit Hermannsdtr. Krosshaug. Sjå Botolvshuset, gnr. 31/22.
6. Borghild Eiriksdtr. Sørbøen 17.03. 1857-
Til Am. 1880. Skreiv ho seg "Birgit"?

Eirik og Randi gifte seg i 1838. Han overtok garden på skiftet etter faren i 1836. Eirik og Randi bygde ei stugu, og fekk Nils Bæra til å rosemåle. Stugu står framleis på garden.
    Under dette arbeidet hadde Eirik kome på at det skulle målast ein prest på veggen. Men så kom han i fundering på om det var høveleg, og gjekk til Nils med ynskje om å få måla ein spelemann i staden. Då vart Nils harm og sa: "Densdom, fansdom, det tent ringare til hønsehus!" Då Nils var ferdig med målinga sa han til Eirik: "No har eg øvd mi konst og flid, no kan du gje meg ei kodntunne appå!"
    Eirik selde frå heimstølen Rakkekjeksbakken og husmannsplassen Juven.

{1564} År: 1882

Ola Eirikson Sørbøen 09.10. 1840-1925
Foreldre: Eirik Olson Sørbøen og Randi Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Sissel Eilevsdtr. Nubgarden Sørbøen 27.01. 1847-1925
Foreldre: Eilev Nilsson Nubgarden og Ragnhild Halvorsdtr. Medhus.
*Barn
1. Rangdi Olsdtr. Sørbøen 17.11. 1871-1929
Sjå neste hushald.
2. Ragnhild Olsdtr. Sørbøen Nubgard 31.12. 1873-1959
G 1924 m Eilev Nubson Nubgard. Barn: Oscar 1909-1993 farmar ved Northwood, ND; Melvin busett i Northwood; Edin busett i Northwood; Ruth gm Ed Carrol; Leonora 1906-1946; Selma 1905-1993 ug. budde i Northwood. (1490)325 Til Am. i 1903.
3. Eirik Olson Sørbøen 31.01. 1876-1960
Sjå neste hushald.
4. Eilev Olson Sørbøen 20.06. 1878-1937
Sjå neste hushald.
5. Kristi Olsdtr. Sørbøen 06.05. 1881-1890
6. Ola Olson Sørbøen 16.09. 1883-1950
Ug. Til Am. 1905: Kempton, ND.
7. Nils Olson Sørbøen 25.07. 1887-____
Sjå neste hushald.
8. Tolleiv Olson Sørbøen 01.09. 1893-1976
Ug. Utvandra til Am. i 1912: Kempton, ND i 1950. (1047) Farma i Logan township, ND og budde hjå familien Nubgard. Han var heim att til Noreg fleire gonger.

Ola og Sissel gifte seg i 1871. Dei var båe låghalte. Gjøta og Flathagaåkeren vart fråselt. Ola sette garden i pant for omlag 7000 kr i dei tunge 1890-åra.