Gurigutmoen gnr. 23 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gurigutmoen gnr. 23 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Sørbøensmoen vert no kalla Gurigutmoen. Men kven var Guriguten? I 1752 og 1767 er nemnt to Gurigutar, 'Asle Olson' og 'Ola Olson Berg'. Ingen av desse har funnest på Gurigutmoen. Gurigut-namnet har truleg vore brukt på fleire. Av andre slike 'gutenamn' ser ein ofte at det var ein enkjeson. Mor til Arne Olson i 1796-hushaldet heitte rett nok Guri, og ho levde 7 år lenger enn mannen. Truleg er dette forklaringa, sjølv om ein har ikkje funne Arne Olson som 'Gurigut' i kjeldene.
    I 1842 vart kjøpt langstøl på Fjellset i Nes (Frådelt Garnås). Garden hadde bekkekvern.
    Areal 1865: dyrka jord 9 mål, naturleg eng 16 mål. Avling: 5 1/2 tunne bygg, 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål, anna areal 5 mål, produktiv skog 60 mål. Leigd jord: 6 mål og 10 mål beite. Buskap: 30 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1958, påbygt 1992, kårhus 1900, påbygt 1915 og 1989, stolphus, låve, fjøs og stall 1935, reidskapshus 1983.
   

{1576} År: 1770c

Svein Asleson Juvsjord Sørbøensmoen 1696.-1778
Foreldre: Asle Eirikson Tune Juvsjord og Ragnhild Sveinsdtr. Nedremyr.

Svein Asleson leigde plassen Sørbøensmoen hjå Syver D. Sørbøen. Han var ungkar, men truleg far til Birgit Sveinsdtr. f. 1735 og gm Asle Syverson Rud, gnr. 25/1.
    I 1762 var han på Krosshaug hjå systera si. På skiftet etter Svein Moen i 1779 var det 12 rd å dele på syskena.

{1577} År: 1796

Arne Olson Opheim Sørbøensmoen 23.03. 1766-1830
Foreldre: Ola Torsteinson Vesledal Opheim og Guri Olsdtr. nordre Opheim.
Gm Jørand Olsdtr. Medhus Sørbøensmoen 27.01. 1765-1830
Foreldre: Ola Olson Stave Lien Medhus og 2.g Birgit Knutsdtr. Sundre.
*Barn
1. Ola Arneson Sørbøensmoen Sørby 17.07. 1791-
G 1825 m Dorte Marie Isaksdtr. ..., Kongsberg/Eiker 1791-1871. 1 barn.
    Ola reiste til Våle i 1815. Han var husmann på Sørby i Våle i 1820 åra. Ola budde 'ved Tønsberg' i 1840. Dette er truleg same stad som 'Sameiet' under vestre Sørby i Våle i 1865.
2. Ola Arneson Sørbøensmoen 21.10. 1792-1801f
Truleg død før 1800.
3. Ola Arneson Sørbøensmoen Tufteplassen 18.05. 1794-1870
G 1834 m Ragnhild Embriksdtr. Hallsteinsgard, Hol. Barn: Arne 1836-1844, Embrik 1836-1858; Knut 1840-1927 til Villandseie gm Turid Ellingsdtr. Husaraplassen; Turid 1843- til Am. gm ... ... , Ådal; Arne 1845-1924 landhandlar og fargar i Jondal, gm Oline Lilletun, Voss; Ola 1847-1925 bonde, fargar og handelsmann i Etne, gm Ane Malene J. Vigsnes; Jørand 1850- Vestlandet ... .
    Ola Arneson kom som gjætslegut til Brattåker. Han budde på Mørk då han gifte seg, og flytta deretter til Tufteplassen under Nerol. Ola var flink til å låte på prillarhorn. Sundagane stana folk på kyrkjeveg for å høyre på spelet hans. Han hadde laga ein lått med stev til, det handla om at no var det slutt med sureprimen på Brattåker. Om huset deira,'Tufte-tempelet', sjå Hol III s 799. Låve, fjøs og stugu var bygd under eit tak.
4. Torstein Arneson Sørbøensmoen 01.05. 1796-1868
G 1824 m Margit Larsdtr. Nybu i Hol. Barn: Arne 1824-1824; Jørand 1826 g 1849 m Tor Olson Moen Krullehaugen; Gro 1828- ug. ; Arne 1830- g 1858 m Sissel Levorsdtr. Rueslåtta; Birgit 1835- g 1861 m Knut Sveinson Helgegutøyen Torseplassen. Torstein og Margit flytta frå Brattåkerslåtta til Torseplassen kring 1866. (Hol)
5. Guri Arnesdtr. Sørbøensmoen 10.03. 1799-1801f
Truleg død før 1800.
6. Guri Arnesdtr. Sørbøensmoen Haugeslåtta 27.07. 1800-
Barn m/Eivind Larsson Varberg Gjøtun: Birgit 1823- gm Jon S. Bakkegard.
    G 1835 m em Ola Nilson søre Viken i Hol. Barn: Arne 1835- til Am., gm Margit Aslesdtr. Husaraplass; Ola 1838-1839; Ola 1840- truleg til Am., Guri 1842- .
    G 1850 m Sander Olson Sanderstugu i Hol. (Hol IV s 526) Ingen barn. Han vart kalla Leikar-Sander og dyrka potet for sal.
    På sine gamle dagar budde Guri Arnesdtr. i Haugeslåtta under Trageton.
7. Knut Arneson Sørbøensmoen 13.05. 1803-1804c
Truleg død før 1800.
8. Knut Arneson Sørbøensmoen 12.02. 1804-1822
Knut døydde 15 år gamal på Myre i Hol.
9. Birgit Arnesdtr. Sørbøensmoen 15.03. 1807-1808c
10. Eirik Arneson Sørbøensmoen Kythe 08.04. 1808-1893
G 1865 m Guri Larsdtr. Skiple, Voss 1822-.... . Barn: Knut 1849- ; Kristi 1852- .
    Eirik budde på Voss i 1845. 'Husmand med Jord' på Nedre Geilane under Øvre Kythe på Voss i 1865. Kindem II s 147.

Arne og Jørand gifte seg i 1791. Arne bygsla Moen i 1796 og var husmann med jord. Men i 1803 kjøpte han plassen Sørbøensmoen av Daniel Sørbøen. Per Halvorson Sørbøen meinte at Daniel ingen heimel hadde til å selja, og handelen vart nok omgjort. (Fyrst i 1829 vart bruket frådelt.)

{1578} År: 1831

Per Knutson Arnegard Gurigutmoen 06.10. 1793-1842
Foreldre: Knut Mikkelson Arnegard og Anne Andersdtr. Toresgard.
Gm Kari Knutsdtr. Sire Skjervheim 01.06. 1777-1847
Foreldre: Knut Solveson Helling d.y. Byggjargarden Sire og Randi Torjusdtr. Svarvargarden.

Per og Kari gifte seg i 1830 Ho var då enkje etter Ola Guttormson Bergsgard, og etter Syver Embrikson Skjervheim. Han kjøpte plassen i 1831.
    Per kjøpte stølen Fjellset frå Garnås i 1842. Per drukna i elva i 1842 då han skulle redde ei Birgit Sevatsdotter frå å drukna. (Sidan vart staden kalla 'Pettershølen.') Kari selde bruket til sonen og tok slikt kår: framfødt 1 ku og fire sauer, 1 1/2 settung bygg, 1 settung rug, to tunner potet, 1/2 pund smør, ost og prim og eit skippund for frå Fjellset. (Stølsforet var gjævt!) Kari døydde som kårenkje på Gurigutmoen i 1847.

{1579} År: 1844

Syver Syverson Skjervheim GurigutMoen 17.06. 1819-1893
Foreldre: Syver Embrikson Skjervheim og Kari Knutsdtr. Sire Skjervheim.
Gm Margit Arnfinnsdtr. Roen GurigutMoen 12.09. 1823-____
Foreldre: Arnfinn Arneson Roen og Guri Torkjellsdtr. Træet, Gol.
*Barn
1. Syver Syverson GurigutMoen 19.06. 1845-1845
2. Syver Syverson GurigutMoen 16.10. 1846-1929
G 1881 m Guri Olsdtr. Grasstauren. Sjå neste hushald.
3. Kari Syversdtr. GurigutMoen Vestafor 13.05. 1848-1925
G 1877 m Sander Botolvson Vestafor ("Plassen"). Sjå Vestafor 8/5.
4. Guri Syversdtr. GurigutMoen Sollien 28.08. 1850-1918
G 1876 m Ola Olson Perplass Sollien. Sjå Hellingteigen, gnr. 20/15.
5. Mari Syversdtr. GurigutMoen Noss 27.11. 1852-1948
G 1877 m Tolleiv Henrikson Tolleivsgarden Noss, gnr. 117/1. Til Am. våren 1877.
6. Arnfinn Syverson GurigutMoen 12.05. 1855-1861
Arnfinn datt utover ein mur og omkom 6 1/2 år gamal.
7. Margit Syversdtr. GurigutMoen Noss 09.04. 1860-1944
G 1899 m Ola Larsson Larsgarden Noss, gnr. 118/1.
8. Anne Syversdtr. GurigutMoen Swenson 18.01. 1866-
G 1892 m Torstein Sveinson Hestehagen. Barn: Gunhild 1892- g 1910 m Joseph W. Rodgers (2 barn); Selma 1896-1981 ug.; Sven 1898-1969 ug. Torstein og Anne hadde homestead i Sherbrooke Township Blabon, ND.
    Torstein kom heimatt ein tur og gifte seg med Anne. Ved bryllaupet oppgav han 'kvegrøktar' som yrke. Til Quebec i 1894 saman med Anne og Gunhild.
*Barnebarn
1. Gunhild Torsteinsdtr. GurigutMoen Rodgers 07.11. 1892-
G 1910 m Joseph W. Rodgers (2 barn).Til Am. med foreldra i 1894.
    Foreldre: Torstein Sveinson Hestehagen og Anne Syversdtr. Gurigutmoen.

Syver og Margit gifte seg i 1844. Dei overtok garden same året. Syver pantsette bruket, og kreditorane tok utleggsforretning i 1861.
   

{1580} År: 1896

Syver Syverson GurigutMoen 16.10. 1846-1929
Foreldre: Syver Syverson Skjervheim Gurigutmoen og Margit Arnfinnsdtr. Roen.
Gm Guri Olsdtr. Grasstauren SørbøensMoen 28.07. 1849-1943
Foreldre: Ola Embrikson Bakke Grasstauren og Helge Larsdtr. Bakken under Sata.
*Barn
1. Margit Syversdtr. SørbøensMoen Guttormsplass 02.04. 1881-1978
G 1907 m Lars Torkjellson Kolsrud Guttormsplass, gnr. 12/2.
2. Syver Syverson SørbøensMoen 27.03. 1883-1969
G 1920 m Anna Linstad 1887-1983. Barn: Selmer Arnold 1921- ; Melvin Elliert 1923- ; Velma Elvina 1926- .
    Syver reiste 1904 til Amerika og kjøpte farm ved Watford City, ND. Frå 1911 farma han i Hagenmore, Saskatchewan, Canada.
3. Helga Syversdtr. SørbøensMoen 09.07. 1885-1985
Ug. Ho dreiv husarbeid i 1900. Tente i Rustberggard ei tid. Stelte sidan huset for broren.
4. Ola Syverson SørbøensMoen 22.02. 1888-1987
Ugift. Sjå neste hushald.
5. Arnfinn Syverson SørbøensMoen 24.05. 1889-1890
6. Arnfinn Syverson SørbøensMoen 06.09. 1891-1981
Gm Sissel Olsdtr. Haugen. Sjå SataBakken, gnr. 32/3.

Syver og Guri gifte seg i 1881. Syver var skinnfeldmakar.