Juven gnr. 23 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Juven gnr. 23 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Husmannsplassen Juven eller Gjuven ligg i skogen opp for Moslåtta. I 1833 vart plassen kalla 'Gjesthus'. Her er svært steinut mark, til dels kampesteinar. Innimellom steinane var det god jord, og husmennene greidde å bryte opp nokre små åkrestykke. Vanleg buskap i Juven var to kyr og nokre geiter. I Juven budde det folk til utpå 1930-talet.
    Heimstølen Juvstølen høyrde til Juven. Til Juven kunne ein ikkje koma med hjulreidskap. Det var berre gongeveg til Juven, ein stig gjekk frå svingen sunna Kvelprud, og ein annan gjekk rett opp or Moslåtta.
   

{1585} År: 1760c

Eivind Trondson Skjervheim Stranden 1735-1821
Foreldre: Trond Torjusson Håkonsgard Skjervheim og Astrid Jonsdtr. ... .
*Barn i fyrste ekteskap
1. Trond Eivindson Juven 26.05. 1760-
2. Trond Eivindson Juven 08.11. 1761-
Trond vart konfirmert på Kongsberg 1783. (Oppl. Finn Hansen)
3. Gro Eivindsdtr. Juven 28.04. 1765-
4. Astrid Eivindsdtr. Juven 04.06. 1769-____

Fyrste kona til Eivind Trondson er ikkje kjent, men ho heitte truleg Gro, og det var nok skyldfolk hennar mellom faddrane i 1769: 'Per Kvelprud, Ola Person Sata, Syver Sørbøens kvinne, Barbro Rasmusdtr. Sørbøen, Sigrid Trondsdtr. Sata'.
    Ein ser ikkje meir til det fyrste ungekullet eller kona til Eivind Trondson, det vantar dødsfall i kyrkjeboka i 1790-åra. Eivind gifte seg opp att med Liv Torsdtr. Sataslåtten og kom til Stranden. Sjå der.

{1586} År: 1770c

Torkjell Guttormson Bergsgard Juven 1737c-1787
Foreldre: truleg Guttorm Olson Bergsgard og Haldis Olsdtr. Barskrind.
Gm Ragnhild Persdtr. Gunhildgard Juven 1739-1820
Foreldre: Per Herbrandson Skrindo Gunhildgard og Margit Olsdtr. ... .
*Barn
1. Guttorm Torkjellson Juven Guttormsplassen 1772-1826
Gm Guri Halvorsdtr. Sando. Sjå Guttormsplassen, gnr. 12/2 og Skjerpingmoen, gnr. 12/11.
2. Margit Torkjellsdtr. Juven 1778-

Torkjell var inderst på Svillegard i 1762. Dottera er født 'Sørbøenseie', og sjølv så går han bort 1787 som 'Juven'. Ho Ragnhild vart vanfør og døydde på legd i Votndalen i 1820.

{1587} År: 1797

Sindre Embrikson Hagaplassen Juven 15.05. 1758-1824
Foreldre: Embrik Torson Helling d.y. Hagaplassen under Sundrehagen og Gunhild Sindresdtr. Sundrehagen.
Gm Rønnaug Knutsdtr. Baklien Juven 10.11. 1765-1831
Foreldre: Knut Embrikson Baklien og Ragnhild Tolleivsdtr. Embre.
*Barn
1. Embrik Sindreson Juven Gjesthaugen 11.05. 1794-1851
G 1828 m Anne Persdtr. Lappegard. Sjå Gjesthaugen, gnr. 4/93.
2. Knut Sindreson Juven Dekko 29.01. 1797-1867
Barn m Margit Olsdtr. Billehuset: Anne 1823-1884 gm Torkjell Eivindson Kvelprud SørbøensStølen.
    Gm Kari Olsdtr. øvre Medgarden. Sjå Dekko.
3. Torgeir Sindreson Juven Slåtto 01.12. 1799-1885
G 1833 m Borghild Olsdtr. Kvinnegard. Sjå Slåtto under Høgset, gnr. 26/4.
4. Embrik Sindreson Juven Turkarstad 03.11. 1805-1884
G 1839 m Guri Torsdtr. Tistilsgard. Sjå Turkarstad, gnr. 91/2.
5. Tor Sindreson Juven Sørbøenston 14.07. 1809-1901
Barn: Knut 1838-1839 m Sissel Knutsdtr. Bergadekko under Turkarstad.
    G 1839 m Gro Sveinsdtr. Sørbøenston. Sjå der.

Sindre og Rønnaug gifte seg i 1794. Husmann med jord. Dei bygsla Juven i 1797.
    I 1798 tok Sindre ut forliksklage mot Syver Kvelprud. Under buføringa sist haust, hadde denne forsynt seg med "Sæter-drått af smør og Ost". Saka vart vist til retten. (1407) 22
    I 1804 vart Sindre pålagt å svare avgift av plassen Juven, eller så reise derfrå. Likeeins vart Daniel Sørbøen stevna for utan heimel å ha gjeve Sindre eit skøyte på Juven i 1803. Saksøkjar var Per Halvorson Sørbøen. (1407) s 63

{1588} År: 1826

Elling Olson Billehuset Juven 1797-1868
Foreldre: Ola Ellingson Billehuset og Ragnhild Halvorsdtr. Gurigard.
Gm Ambjørg Olsdtr. Sando Billehuset 06.04. 1795-
Foreldre: Ola Person Sehl (ungkar) og Hallbjørg Aslesdtr. Sando.
*Barn
1. Ola Ellingson Billehuset 10.05. 1823-1905
Ug. Død som fattiglem i 1905.
2. Ola Ellingson Billehuset Gjuven 08.05. 1825-1889
G 1862 m Anne Olsdtr. Grasstauren. Sjå neste hushald.
3. Ragnhild Ellingsdtr. Billehuset Sand 02.02. 1830-
Gm Andreas Asbjørnson Sand, Lier 1830c- . Barn: Anne Maria 1855c- ; Antonette 1857c- ; Elling 1859c- ; Berte Otilia 1863c- ; ... .
    Andreas var husmann med jord på ein plass under Renskog i Lier i 1865.
4. Halvor Ellingson Billehuset 06.11. 1832-
Død på Kongsberg før 1907.
5. Turid Ellingsdtr. Juven Bakken 08.08. 1835-1895
G 1860 m Torstein Olson Bakken. Sjå SataBakken, gnr. 32/3.
6. Henrik Ellingson Billehuset 09.05. 1843-1884
Ug. Målar. (1553)1907/40
    Henrik budde hjå systera Turid og mannen den siste tida. Død i Satabakken i 1884.

Elling og Ambjørg gifte seg i 1822. Elling var ute på tenest i unge år. Han var husmann i Juven/Billehuset frå omlag 1826.
    Elling kjøpte kjøpte plassen i 1851. Elling var ikkje lesefør.

{1589} År: 1859

Ola Ellingson Billehuset Juven 08.05. 1825-1889
Foreldre: Elling Olson Billehuset Juven og Ambjørg Olsdtr. Sando.
Gm Anne Olsdtr. Grasstauren Juven 21.01. 1837-____
Foreldre: Ola Embrikson Bakke Grasstauren og Helge Larsdtr. Bakken under Sata.
*Barn
1. Elling Olson Juven 26.03. 1863-
G 1892 Sande m Lovise Hansdtr. ..., Sande 1866- . Barn: Hans 1892- ; ...
    Dei var tenestfolk hjå trelasthandlar Emil Tandberg i Drammen i 1900. Budde i Sande eller Skoger.
2. Ola Olson Juven 19.12. 1864-1953
Ugift. Sjå neste hushald.
3. Knut Olson Juven 25.10. 1868-____
Ikkje i FT 1875. Truleg død liten.
4. Ambjørg Olsdtr. Juven Bæra 28.11. 1869-1933
G 1895 m Ola Olson Lien Bæra. Sjå nordre Bæra, gnr. 32/25.

Ola kjøpte Gjuven i 1859. Ola og Anne gifte seg i 1862.

{1590} År: 1894

Ola Olson Juven 19.12. 1864-1953
Foreldre: Ola Ellingson Sørbøensmoen Juven og Anne Olsdtr. Grasstauren.

Ola kjøpte Juven i 1894. Han var ugift. Ein støverdig arbeidskar som dreiv steinkøyring og låvearbeid hjå andre. I mange år budde også systera Ambjørg i Juven. Stundom vart det halde religiøse husmøte i Juven.
    Dei siste åra hadde Ola berre nokre geiter. Han selde bruket i 1938. (921 s 30)