Ton, nedre gnr. 23 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ton, nedre gnr. 23 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Tone ligg i halla nedunder øvre Tone. Om namnet, lægje og vegstell, sjå øvre Tone. Også dette bruket dukkar tidleg opp i skriftlege kjelder.
    I 1641 var 6 lagrettesmenn i Nedre Tone for å synfara bruket med tanke på skattlegging. Dei kom til at bruket "ingen skatt kunne utgive" og framleis skulle ligge under Sørbøen.
    I 1696 selde Daniel Knoff to plassar til Monsr. Christian Kleboe: 'Breen 3 løb og Nedre Toen 2 kalvskinn'. Desse plassane hadde Daniel Knoff fått etter faren, commercieråd og amtmann Knoff. (1051) s 124b
    Innmarka i nedre Tone vart kjøpt av Svein Tveito i øvre Tone i 1951. Skogen skal vistnok vera halde attende då tunet og husa vart selt. Men ein har ikkje sett nokon matrikkulering på skogen.
   

{1592} År: 1813

Aslak Syverson Sørbøen Sørbøenston 28.01. 1781-1831
Foreldre: Syver Danielson Sørbøen til Barskrind og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud Barskrind.
Gm Birgit Håkonsdtr. Ruud Sørbøenston 18.09. 1785-1858
Foreldre: Håkon Eirikson Ruud og Margit Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Syver Aslakson Sørbøenston 02.07. 1813-1884
G 1846 m Kari Olsdtr. Haugeplass. Sjå neste hushald.
2. Håkon Aslakson Sørbøenston 14.09. 1819-1857
Ugift. Barn med Ingebjørg Syversdtr. Kitilsbråten: Birgit 1846- gm Asle Sveinson Sørbøensmoen; Margit 1849-1849, Margit ....-død.
    Saman med broren Syver (sjå neste hushald) gjekk han på bygda og stal. Dei bora hol i bursdørane og braut seg inn. Håkon vart dømt til 3 mnd. tukthusarbeid i 1840 pga. at han var i Bamble sorenskriveri utan pass! (1513)29
    'Durkdreven Karnalier og Løsgjenger', heitte det om Håkon i 1844. Han gjekk på ymse dagarbeid, var m.a. ved fiskeriet i Bergen. Våren 1845 var han på arbeid i Torvestad prgj. ved Stavanger. Kleda hans var: grøn trøye, raud vest, lange grå bukser og ei blå øyrelappluve. Håkon drukna under tømmerfløyting i Storelva 1. juli 1857. Ein båt med fire mann velta, tre av dei overlevde. Håkon Medgard fortalde frå leitinga etter Håkon. Det hadde kome ei tater-fente forbi, og ho vart spurt kvar dei skulle leite. Ho prøvde 'å sjå', men sa til slutt at det var ikkje meir å sjå etter. "Han hadde sundags-bøtte sokkar!"
    Det var bitter stemning på skiftet etter Håkon i 1857. Ingebjørg Syversdotter beklaga seg over å ha kjent han. Ho hadde arbeidd mykje for han med vask, baking og sying, men utan betaling då det var på tale at dei skulle gifte seg. Alt ho hadde fått av han var to skopar til ungane og ein stol.
    Broren Syver hadde brukt tre dagar 'kostbar onnetid' på å leite i elva etter Håkon. For dette ville han ha ein spd. Av lausøyret var 5 kalvar, kua Skautekoll, to geiter og ein bukk som hadde vore hjå i Kitilsbråten hjå Ingeborg.
3. Birgit Aslaksdtr. Sørbøenston OlagutHaugen 11.03. 1828-1915
G 1852 m Håkon Olson Olaguthaugen. Sjå Olaguthaugen, gnr. 32/46.

Aslak og Birgit gifte seg i 1813. Aslak fekk sonen Ola i 1805 med Ingeborg Steingrimsdtr. Lie frå Gol. Han betalte legemålsbot på 24 skilling.
    Aslak Syverson Sørbøen reiste odelssak på Sørbøen etter at Ola Eirikson Svenkerud kjøpte garden hjå bror til Aslak i 1805. Garden vart taksert til 10000 rbdr. I staden for odelsløysing fekk Aslak nedre Sørbøenstone og Rakkekjeksstølen i 1813. På skiftet etter Aslak i 1831 heitte det at han hadde siti med Nedre Ton med ein vitnesetel frå 1813, men hadde aldri fått skøyte.
    Birgit gifte seg opp att 1832 med Torstein Ivarson. Sjå neste hushald.

{1593} År: 1832

Birgit Håkonsdtr. Ruud Sørbøenston 18.09. 1785-1858
Foreldre: Håkon Eirikson Ruud og Margit Olsdtr. Skjervheim.
Gm Torstein Ivarson Kolbjørnsgard Sørbøenston 13.09. 1789-1856
Foreldre: Ivar Torkjellson Løyte Kolbjørnsgard og Ragnhild Halvorsdtr. Grøv (Hemsedal).

Birgit var enkje etter Aslak Syverson Barskrind Sørbøen Sørbøenston. Sjå førre hushald.
    Birgit gifte seg opp att 1832 med Torstein Ivarson. Dei hadde ingen barn. Han kjøpte Ørnedokken i 1847. Torstein selde bruket til stesonen i 1852.
    Det vart fortalt at Torstein kom ut for jolereia ein trettandagskveld. Han var på veg over Sygards-jordet og var nett komen til åkeren som heiter Rova. Då kom jolereia med bulder og brak. Snøgg som eldingen kasta han seg ned med armane slengde ut og føtene samla. Det berga han. Då trolla såg han, ropte dei: "Sjå der ligg ein kross! Lat han liggje, hui, hui!" (Ål II s 146)

{1594} År: 1852

Syver Aslakson Sørbøenston 02.07. 1813-1884
Foreldre: Aslak Syverson Barskrind Sørbøenston og Birgit Håkonsdtr. Ruud.
Gm Kari Olsdtr. Haugeplass Sørbøenston 30.04. 1826-1906
Foreldre: Ola Solveson Urden Haugeplass og Margit Olsdtr. Haugeplass, Gol.
*Barn
1. Birgit Syversdtr. Sørbøenston Tveitehagen 24.08. 1847-1928
G 1870 m Sevat Olson Kjellargard Feten (Sevatstugu). Sjå Tveitehagen, gnr. 55/12.
2. Margit Syversdtr. Sørbøenston 01.11. 1849-1880.
Død barnlaus i Am. i 1880. (1358)
3. Birgit Syversdtr. Sørbøenston Haugo 26.08. 1852-1882
G 1875 m Embrik Nilsson Haugo, gnr. 12/9.
4. Aslak Syverson Sørbøenston 22.01. 1855-1875
Ugift.
5. Gro Syversdtr. Sørbøenston 02.03. 1858-
G 1882 m tømmermann Johannes Mortenson på Krokstadeie, nedre Eiker. Barn: Olav 1885- galosjefabrikk-arbeidar i 1900; Karl 1888- ; Sigurd 1890- ; Hjalmar 1892- ; Else Karoline 1895- ; Margit 1899- .
6. Ola Syverson Sørbøenston 15.11. 1860-1929
Sjå neste hushald.
7. Syver Sveinson Sørbøenston 27.08. 1863-
Til Am. i 1882. ...... (844)
8. Kari Syversdtr. Sørbøenston Eknes 29.06. 1866-1894
G 1888 m Albert Johanneson Eknes. Barn: Johannes 1889- gm Ragnhild ... (sjå 1946-hushaldet); Kristiane Marie 1891- ; Karl Albert 1894- . Kari flytta ut til ekteskap i 1887. Dei budde på Nedre Eiker. (1245),(1421)
9. Margit Syversdtr. Sørbøenston 11.02. 1870-1948
Ugift. Sjå 1930-hushaldet.

Syver og Kari gifte seg i 1846. Syver kom skakt ut alt i unge år. Som 18-åring var han med i stolphuset på Krosshaug ei natt. Saman med nokre andre svoltne karar hadde dei stole seg eit kjøtfald (= alle lemene av ein sau).
    Sidan vart det mange nattlege turar saman med broren Håkon. Syver vart dømt til fire år festnings-arbeid i 1834, sidan vart dommen omgjort til tukthus. Men Syver rota til livet sitt endå meir. Ei mai-natt i 1835 rømde Syver og ein Reier Bjørnson or arresten på Sundre. Etter ei lang tjuveferd ut gjennom dalen, vart dei pågripne av tømmerhandlar Ola Olson Kolsrud i Sigdal. (1318) s 33
    Or kyrkjeboka for Kr.ania Tukthus: Dømt til livsvarig slaveri, men etter fire år på Akershus festning vart han benåda til tukthus på livstid i Kristiania. Konfirmert i Tukthuskyrkja 1837.
    Syver vart sett fri hausten 1845. I åra fram mot 1850 var det ei rekkje tjuveri over store delar av prestegjeldet. Til slutt tok bygdefolket saka i eigne hender i 1851, og gjekk 'burgang' på tre stader i bygda for å leite etter tjuvegods. Og hjå Syver vart funne det mykje varer som han ikkje kunne gjera greie for. Varene vart lagt til framsyn på tingstugu, og over 40 vitne/fråstolne meldte seg og fann att sakna saker. Der var mat, stakkar, 'fruentimmer-skinntrøye', og fløyelsbånd, salmebok m.m. Lensmann Pleym fann att 'blyantspenne' og papirsaksa si! Og etter avdøde lensmann Richter dukka det opp ei medalje med namnet 'Richter' på.
    Syver og broren vart tekne inn til avhøyr. Ein dei kalla 'Mjølmuse' hadde også vore med. Syver innrømma å vera dømt fleire gonger før, men påstod ein gong å vera frifunnen i Høgsterett. I formildande retning vart opplyst: 'hans ringe kår som fattig husmanns-søn, hans forsømte Opdragelse og hans åbenhjertige Bekjendelse.' Ho Kari Olsdotter hadde ingen kjennskap til kva som foregjekk om nettene. (1315), (1318) s 13
    Det kom endå fleire kriser for den stakkars familien i nedre Tone. Syver måtte pantsetja bruket, og det vart halde utleggsforretning hjå han. Sjå Ål III s 302.
   

{1595} År: 1894

Ola Syverson Sørbøenston 15.11. 1860-1929
Foreldre: Syver Aslakson Sørbøenston og Kari Olsdtr. Haugeplassen.

Ugift 'jordbruger, selveier og dagarbeider' heitte det i 1900. Systera Margit budde og stellte hjå han. Ola Syverson dyrka mykje jord.
    Den gamle stugu i nedre Tone var svart-røykt og hadde småe vindauge med grønt, bøljut glas. Golvet var noko nedsokke. Ola Ton kjøpte stugu i Billehuset og sette den opp i Tone, litt norda og litt ovanfor den gamle stugu. Dei hadde såvidt teke stugu i bruk då han gjekk bort i 1929.