Sørbøen nordre gnr. 23 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sørbøen nordre gnr. 23 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Om delinga av garden, sjå innleiinga til bnr. 1. Gamal skyld 12 laupsbol.
    Oldfunn: under sprengningsarbeid på Kreklingane sist på 1800-talet vart gjort fleire oldfunn, ei øks, ein spjutspiss frå eit kastespjut og 8 piler m.m. Funna er tidfest til yngre jarnalder.
    Stadnamn: Kreklingane (den store åkeren ned for husa på Liabø), Lundaren og Espelunnane ligg nørdst på jordet.
    Frådelte underbruk og plassar: Gjestmoen, Berget, Ton, Moslåtta, Billehuset og Liabø (bnr. 26).
    Nordre Sørbøen hadde sag i Tvigreine ved Torsteinslåtta. Den vart selt kring 1927 til eigaren av Torsteinslåtta.
    Areal 1865: dyrka jord 35 mål; naturleg eng 50 mål; fjellslått 80 mål. Avling: 47 1/2 tunne bygg og 41 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 170 mål, prod. skog 1600 mål. Leigd jord 10 mål. Buskap: 12 mjølkekyr, 26 ungdyr, 70 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1974, stugu 1872, loft 1840, driftsbygning 1954, påbygd 1980, reiskapshus 1987.
    Stølar: Heimstøl på Tjødnstølen. Langstøl på Trettestølane. Skogshytte og fiskevatn i Riddalen.
   
   

{1607} År: 1766

Håkon Rasmusson Sørbøen 1741-1794s
Foreldre: Rasmus Håkonson Opheim Sørbøen og Guri Mikkelsdtr. Medhus.
Gm Ambjørg Olsdtr. Lå Sørbøen 1741-1822
Foreldre: Ola Olson SøreLå og Guri Levorsdtr. Dengerud.
*Barn
1. Guri Håkonsdtr. Sørbøen 24.01. 1768-
Tvilling. Truleg død i 1790-åra.
2. Guri Håkonsdtr. Sørbøen 24.01. 1768-
Tvilling med Guri. Truleg død i 1790-åra.
3. Guri Håkonsdtr. Sørbøen 02.07. 1769-
Truleg død i 1790-åra.
4. Rasmus Håkonson Sørbøen 03.02. 1771-
5. Guri Håkonsdtr. Sørbøen Arnegard 13.05. 1774-1833
Gm Håkon Asleson Arnegard. Sjå Storlien, gnr. 3/1.
6. Rasmus Håkonson Sørbøen 1779-1790
7. Ola Håkonson Sørbøen 26.12. 1782-1868
G 1804 m Margit Olsdtr. Opheim. Sjå neste hushald.

På skiftet etter mora i 1766 var det 363 rd å dele. Faren overlet alt til arvingane og tok kår. Eldste sonen Håkon overtok garden i 1766.
    Håkon selde plassen Sørbøensmoen i 1777 for 210 rd og 2 ort årleg skattehjelp. Dei pantsette garden for 398 rd til Kitil Mørk i Hol i 1786. På skiftet etter Håkon i 1794 var det likevel 318 rd å dele.
    I 1798 vart enkja Ambjørg innklaga av Daniel Sørbøen. Ambjørg hadde drive åkerbråt og gjerdt inn plassen 'Bellehuset', utan hans samtykke. (1407) s 19

{1608} År: 1805

Ola Håkonson Sørbøen 26.12. 1782-1868
Foreldre: Håkon Rasmusson Sørbøen og Ambjørg Olsdtr. Lå.
Gm Margit Olsdtr. Opheim Sørbøen 01.05. 1785-1870
Foreldre: Ola Arneson Karigarden Opheim og Randi Knutsdtr. Hesla (Gol).
*Barn
1. Ambjørg Olsdtr. Sørbøen 06.10. 1805-1809
2. Randi Olsdtr. Sørbøen Hallingstad 02.07. 1807-1897
G 1844 m em Vebjørn Halvorson Hallingstad i Hol. Barn: Margit 1851-1881 (død i barnseng) gm lærar Ola Knutson Fossgard.
3. Ambjørg Olsdtr. Sørbøen 28.03. 1810-
Barn: Håkon (?) m Svein Eirikson Løken. (født og døypt utanfor Ål).
    Ambjørg var i tenest på garden Austad. Ho fekk attest 1842 for flytting til Skoger. I 1876 var ho i Amerika.
4. Guri Olsdtr. Sørbøen Randen 11.03. 1812-1903
G 1833 m Asle Olson ØvreLå Ellingsgard Moldbakken Randen. Sjå Randen gnr. 4/ 9.
5. Guri Olsdtr. Sørbøen Gjøta 24.08. 1814-1888
G 1838 m Ola Tolleivson Ruud Jøta. Sjå Jøta 31/1.
6. Haldis Olsdtr. Sørbøen Skriudalen 20.10. 1816-1891c
G 1845 m Halvor Rasmusson SkriuDalen, gnr. 33/3. Til Am. 1870.
7. Håkon Olson Sørbøen 24.12. 1818-1890
G 1840 m Turid Persdtr. Kvelprud. Sjå neste hushald.
8. Barbro Olsdtr. Sørbøen 25.10. 1823-1824
9. Ola Olson Sørbøen Gjøta 26.10. 1825-1908
Gm Margit Torkjellsdtr. Opheimshaugen 1834-1878. Barn: Ola 1855-1916 g 1887 m Anna Marie Lenning, farma i Brookings Co., SD (2 barn); Torkjell 1857-1858; Torkjell 1859- ug til Am.; Håkon 1862-1962 farma i Hilla, MN; Embrik 1866-.... g 1886 m Mary J. Qualley, busett Hardwiik, MN; Embrik 1869- til Am.; Oleiv 1872-1965 gm Julia Åberg, N-Aurdal, farma ved Hills, MN; Margit 1878-1887.
    Til Breidokk på Gol. Sidan til Am.
10. Mikkel Olson Sørbøen Underåsen 10.06. 1832-1876
G 1862 m Rønnaug Torsdtr Sørbøenstoen. Sjå Nedre Underåsen, gnr. 22/44. Mikkel og Rønnaug var inderstar i Sørbøen i 1869.

Ola og Margit gifte seg i 1804. Ola var soldat frå 1804 og var ute i krigen 1807-14. I 1829 selde han Gurigutmoen. Og det førde med seg ei køyreulykke for Ola Håkonson.
    Han var med og køyrde 'buhavendet' for Herbrand som hadde kjøpt Gurigutmoen. Som vanleg i gamal tid, så var der meir enn nok med brennevin, og ut på kvelden vart folka i Opheim, søæsingar kalla, såpass galne at Ola ville heimatt. Han var einaste 'nordæsing' og. Han velta seg i sleden og jaga på hesten. På heimvegen litt nord for 'Røvsstugu' gjekk vegen opp på ein bratt bakke. Og nedunder var det ein steinurd. Her gjekk det gale. Då Ola kom til seg sjølv, låg han i steinurda med ein tvert avbroten fot. Ingen folk var å sjå, og det var mørke natta. No var det berre ein ting å gjera, Ola måtte krabbe fram til folk.
    Utpå morgonsida kom han endeleg fram til Kvelprud. Her vart han han teken hand om, og dokter vart henta frå Ringerike. Men det kosta 40 dalar. Ola gav han hesten sin, det var av likaste hestane i bygda. Ola Håkonson vart liggande lenge etter denne turen, og foten hans vart litt skeiv. (1802)s 452

{1609} År: 1842

Håkon Olson Sørbøen 24.12. 1818-1890
Foreldre: Ola Håkonson Sørbøen og Margit Olsdtr. Karigarden Opheim.
Gm Turid Persdtr. Kvelprud Sørbøen 11.06. 1822-1920
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og Ambjørg Olsdtr. Reiersgard Tormodsgard.
*Barn
1. Margit Håkonsdtr. Sørbøen Opheim 14.03. 1841-1928
G 1857 m Ivar Larsson Opheim Embrikstugu, gnr. 22/17.
2. Ambjørg Håkonsdtr. Sørbøen Kinneberg 01.07. 1844-1950
G 1866 m Ola Kinneberg 1845-1910. Barn: Margrete 1868-1898 gm Sam Paulson, Lauinore, ND; Håkon 1871-1948 gm Birgit Olsdtr. Gutigarden Rotneim, g 1912 m Marta Olsdtr. Dekko, farma ved Petersburg ND; Turid ....-1944 var gm Howard Brown, Grand Forks ND; Ingebjørg 1879-1881; Ola 1881-1881; Inga 1883-1922 ug.; Emma 1887-1908 gm Hans Johnson, busett i Petersburg, ND.
    Til Am i 1882: Ambjørg og Ola farma ved Petersburg, ND. Ambjørg flytta på gamleheimen i Northwood i 1920, og fekk endå leva 30 år til. Ho var den eldste i Nord Dakota i si tid.
3. Ola Håkonson Sørbøen 17.09. 1847-1847
4. Ola Håkonson Sørbøen 17.03. 1850-1949
G 1883 m Ingebjørg Torkjellsdtr. Kvelprud. Sjå neste hushald.
5. Rangdi Håkonsdtr. Sørbøen Sataslåtten 06.09. 1853-1942
G 1876 m Torstein Olson Skjervheimshagen Sataslåtten, gnr. 32/18.
6. Guri Håkonsdtr. Sørbøen 28.08. 1856-1858
7. Guri Håkonsdtr. Sørbøen Sørbøenston 03.10. 1859-1951
G 1882 m Ivar Olson Sataøyen. Sjå øvre Ton, gnr. 23/15.
8. Per Håkonson Sørbøen 21.06. 1863-1884
Til Am. 1883: Lamoure, ND. Sidan Luverne Rock Co MN. Truleg død 1884. Buet var på 85 dollar 20 cent. "Peder er begravet paa Kirkegaarden nord for mit Land", skreiv Ola O. Sørbøensjøta f.1844. (funne i brev v/Ola Hagen) Magne Skrindo skriv at Peder var død i ei "farsott".

Håkon og Turid gifte seg i 1840. Syskena hans hadde pant i garden for 800 spd dei fyrste åra. Dei bygde nye stallar med trev oppå. Underbruket Berget vart fråselt i 1849.

{1610} År: 1883

Ola Håkonson Sørbøen 17.03. 1850-1949
Foreldre: Håkon Olson Sørbøen og Turid Persdtr. Kvelprud.
Gm Ingeborg Torkjellsdtr. Kvelprud Sørbøen 20.06. 1856-1931
Foreldre: Torkjell Person Kvelprud og Guri Knutsdtr. Tolleivsgarden Noss.
*Barn
1. Håkon Olson Sørbøen 21.12. 1883-1970
G 1904 m Margit Eilevsdtr. Ruud Reiarsgard. Sjå neste hushald.
2. Torkjell Olson Sørbøen 25.12. 1885-1968
Ug. Torkjell var på garden. Han var ein handug kar. Han smidde og han vølte reidskap, både på garden og for andre.
3. Ola Olson Sørbøen 27.02. 1888-1921
G 1915 Piperviken m Karen Johanna Ecktell. Sjå eige hushald.
4. Turid Olsdtr. Sørbøen Haugen 19.01. 1891-1965
G 1913 m Eirik Olson Dekko Haugen. Sjå SkjerpingHaugen, gnr. 12/14.
5. Guri Olsdtr. Sørbøen 27.09. 1893-1978
Ug. Guri var på garden. Ho stellte foreldra sine.
6. Per Olson Sørbøen 03.01. 1896-1918
Død i spanskesjuka.
7. Knut Olson Sørbøen 23.10. 1898-1984
G 1924 m Guri Hermannsdtr. OpheimsHaugen. Sjå Voll, gnr. 22/123.

Ola og Ingebjørg gifte seg i 1883 og overtok garden på same tid. Skøyte fekk han fyrst i 1917. Dei bygde stugu, loft og fjøs heime, og bu på Trettestølen. Før var det to stugor, ei på noverande stad, og ei der loftet står. Ola dyrka ein del jord og la steinen i Storerøyse.
    Også Ivar Ton dreiv dyrking på garden. For det fekk han bruke jorda i to år.
    Ola fortalde om eit jordstykke i Sørbøen som heitte Lundaren. Der fann dei ein kårde, piler og bein innved ein stein.