Moen gnr. 23 bnr. 10
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Moen gnr. 23 bnr. 10-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Moen var kalla Sørbøensmoen eller Gjestmoen frå gamalt. Gjestnamnet kjem truleg av at to av sønene hans Gjest Olson Sørbøen (1636-1709) har brukt Sørbøensmoen. No er bruket kalla Øvre Moen. Moen ligg like ovanfor riksvegen.
    Ved delinga av Sørbøen i 1711 vart skrive: 'Een platz ned paa Moen imellem Baggestig og Guldbrecke Ejer vi til fellis.' Sidan har plassen nedpå Moen vorte delt i Gurigutmoen, Øvre Søre Moen og Nedre Moen. I 1740 låg Rasmus Håkonson Sørbøen i sak om 'halve Moen der Hermann boede'.
    Moen var husmannsplass fram 1829. Vanleg buskap på Moen i 1960-åra var ein hest, seks kyr og tre ungdyr.
    Areal 1865: dyrka jord 8 mål, naturleg eng 24 mål, fjellslått 12 mål. Avling: 7 1/2 tunne bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 18 mål, anna areal 10 mål. Jorda vert leigd bort.
    Våningshus er bygt 1956, bu 1850, låve 1947.
    Stølar: heimstøl Foksdalen, langstøl på Hellebu (tilkjøpt frå Arnegard i 1855).
   
{1624} År: 1777
Ola Person Nøreimshagen Sørbøensmoen 1745-1817
Foreldre: Per Ivarson Nørheimshagen og Guri Vilhelmsdtr. ... (Sjå Gol III s 767)
Gm Randi Olsdtr. Juvsjord Skjervheim 1743-1809
Foreldre: Ola Knutson Juvsjord og Guri Steinsdtr. Hamarsbøen (Hol).
G 1775 m Randi Olsdtr. Juvsjord. G 1809 m Anne Halvorsdtr. Bråten. G 1817 m Ingeborg Knutsdtr. Halvorstølen.
    Ola og Rangdi kjøpte Sørbøensmoen i 1776 for 210 rd og 2 ort årleg skattehjelp. Med plassen fylgde: nedre delen av stølen Foksdalen, Rensleslåtta, Rudningen i Ton og halve Slåtta ved Skjerpingmoen. Samt vanleg rett til skogsvirke.
    Ola fekk auksjonskøyte på Opheimsjordet i 1779, og selde Sørbøensmoen 1780 til Torgeir K. Reinton for 245 rd. Sjå Huserjordet, gnr. 22/71.
{1625} År: 1780
Torgeir Knutson Reinton Nyhus 1716-1802
Foreldre: Knut Jonson Reinton og Gudlaug Knutsdtr. nedre Reinton, Hol.
Gm Anne Gjermundsdtr. Vangen Sørbøensmoen 1725c-____
Foreldre: Gjermund ... ... og
Torgeir og Anne gifta seg i 1761. Tidlegare var han gift med Barbro Olsdtr. Mehus i Hol. Sjå også Nedre Nyhus.
    Torgeir K. Gjestmoen overtok gjelda for Botolv Hermannson Storedalsjorde i 1780. I 1781 vart han dømt til å levere ei ku til kyrkje-eigarane i Torpo, pluss sakskostnadar på 3 rd. Torgeir og Anne levde i 1801. Ein ser ikkje når Anne gjekk bort.
{1626} År: 1802
Ola Embrikson Hagaplassen Sire 21.10. 1759-1817
G 1789 m Kari Olsdtr. Medgard. Sjå Tjyruhjelldalen, gnr. 4/48.
Foreldre: Embrik Torson Helling d.y. Smedplassen og Gunhild Sindresdtr. Sundrehagen.
Ola arva alt etter Kari som døydde ca 1810. Då var alle barna døde. Ola kom til Sørbøensmoen ein gong mellom 1802 og 1810. På skiftet etter Ola var buet på 657 spd. Tenestjenta Jørand Olsdotter fekk ei kvige, då ho hevda å ha fått visse ting hjå Ola.
    Truleg hadde Ola plassen Sørbøensmoen i pant hjå Håkon Asleson Storlien. I 1817 hadde lensmann Richter hatt onna til halvings, men kornavlinga høyrde til buet. Det vart semje mellom arvingane og Håkon at han skulle betale 58 spd innan sumartinget.
    Det skjedde ikkje og plassen vart selt på auksjon og Håkon tapte sin rett. Kjøpar var Ola Håkonson Sørbøen og prisen var 510 spd.
    Deretter vart Moen brukt under Sørbøen fram til 1829.
{1627} År: 1829
Herbrand Herbrandson Bråtalien Sørbøensmoen 21.06. 1789-1849
Foreldre: Herbrand Olson Bråtalien og Margit Larsdtr. Gjeldokk.
Gm Astrid Olsdtr. Haugstad Sørbøensmoen 1804-1891
Foreldre: Ola Mikkelson Haugstad og Kari Timannsdtr. (sjå Gol VI s 366)
*Barn
1. Herbrand Herbrandson Sørbøensmoen Tretterud 01.10. 1827-1888
G 1872 m Sigrid Olsdtr. Vindegg Storedal. Sjå Tretterud, gnr. 7/7 og Liahagen, gnr. 3/7.
2. Ola Herbrandson Sørbøensmoen 05.08. 1830-1866
Ugift. Ola omkom under vegarbeid i Strandebarm i 1866. Ei steinflene fauk frå eit minneskot og rett i hovudet. (1016)
3. Hermann Herbrandson Sørbøensmoen Haugen 16.06. 1833-1916
Ugift.
4. Mikkel Herbrandson Sørbøensmoen HuserTeigen 13.05. 1836-1920
G 1864 m Margit Persdtr. Huserjordet. Sjå Teigen 22/73.
5. Lars Herbrandson Sørbøensmoen 28.11. 1839-1840
6. Lars Herbrandson Sørbøensmoen Rud 31.08. 1841-1877
G 1872 m Birgit Halvorsdtr. Haugo/Huserjordet. Sjå Rud 18/9.
Herbrand og Astrid gifte seg i 1826. Herbrand kjøpte Moen for 450 spd i 1829 hjå Ola Håkonson Sørbøen. Herbrand kjøpte stølen Hellebu hjå Ola Halvorson Sandelien for 100 spd kring 1842, men på skiftet etter Herbrand stod handelen uoppgjort.
    Herbrand var ute i krigen 1807-14. Etter han vart det herma at "Sult er den verste fiende som findes". Svenskane skulle nok soldatane greie, berre dei fekk mat. (993) s 126.
    Herbrand overførte garden til sonen Herbrand (men utan skøyte.) Han levde i armod siste åra, og hadde måtta selja unda. Han pantsette bruket for 465 rd, og han selde frå søre Moen bnr. 11 i 1829.
    Astrid gifte seg opp att 1852 med enkjemann Tolleiv Olson Dølahaugen.
{1628} År: 1852
Syver Knutson Helling Sørbøensmoen 12.12. 1817-1886
Foreldre: Knut Olson Helling (ungkar) og Birgit Syversdtr. Helling.
Gm Birgit Eiriksdtr. Skjerping Sørbøensmoen 23.02. 1826-
Foreldre: Eirik Olson Skjerping og Sissel Knutsdtr. Kolsrud.
*Barn
1. Birgit Syversdtr. Sørbøensmoen 23.02. 1844-1883.
Gm Ola Torkjellson Kolbjørnsgard 1836- . Barn: Torkjell 1871- ; Syver 1873- ; Olav 1876- ; Nils 1878- . Dei reiste til Canton, SD. Ho døydde eit par år etter at dei kom til Am. Olav vaks opp hjå familien Austin. Nils og Syver døydde som barn. (844)
2. Eirik Syverson Skjerping Sørbøensmoen 23.10. 1846-
Gm Kirsten Andersdtr. ... ,Vermeland Sverige 1845- . Barn: Syver 1875- herskapskusk i Glemminge; Kornelius 1882- bryggearbeidar.
    Eirik hadde sonen Knut 1869- (ukjent) med Gunhild Pålsdtr. Eilevstølen. ('deres 2. lm.') Eirik var sveiser på herregården Thorsø i Borge i 1900.
3. Knut Syverson Sørbøensmoen 27.03. 1849-1926
G 1872 m Sissel Botolvsdtr. Øygard. Sjå neste hushald.
4. Ola Syverson Sørbøensmoen 19.01. 1852-1902
G 1885 m Margit Larsdtr. Espegard. Sjå neste hushald.
5. Sissel Syversdtr. Sørbøensmoen Moe 02.08. 1854-
Gm ... Moe. Til Am. : St.Paul MN.
6. Syver Syverson Sørbøensmoen 03.11. 1856-1932
Gm Christena ... ....-1926 (syster til P. Herbrandson frå Oddeengen i Flå) . Barn: Tillie 1884-1953 gm Robert J. Amberry (3 barn minst). Syver reiste til Am. i 1878: Byron, MN. Farma i East Grand Forks, MN.
7. Anne Syversdtr. SørbøensMoen Gjøta 13.01. 1859-1902
G 1883 m Håkon Olson Gullhagen. Sjå Gjøta 31/1.
8. Haldis Syversdtr. Sørbøensmoen 28.06. 1863-1902
Ug. Ho var blind.
9. Ivar Syverson Sørbøensmoen 05.10. 1865-____
Ukjent.
10. Anne Syversdtr. SørbøensMoen Nyhus 26.01. 1868-1934
G 1909 m Ola Halvorson Nyhus Torpo. Ingen barn. (1032) Til Am. hausten 1903: Tioga, N.D
    "Mrs. Ole H. Nyhus døde den 16de Juli i sit hjem i Tioga, N.Dak. Hun var født i Aal Hallingdal, den 16de Januar 1869, kom sammen med sin Broder Knut til Aneta, N.Dak., høsten 1903, indgik den 6te Juli 1909 i Grand Forks, N.Dak. ægteskab med Ole H. Nyhus, og de nedsatte sig paa sit homestead i Syd for Tioga, N.Dak., i November samme Aar. (Rowberg Biographical File, microfiche 1036, quoting Skandinaven, Sept 21, 1934)
11. Birgit Syversdtr. Sørbøensmoen 25.07. 1871-1900
Ugift.
Syver og Birgit gifte seg i 1843. Syver kjøpte Moen i 1852 hjå Herbrand Herbrandson Bråtalien Tretterud. (Som sat med bruket snaut eit år.) Truleg reiste Birgit til Am. i 1903 som enkje.
{1629} År: 1872
Knut Syverson Sørbøensmoen 27.03. 1849-1926
Foreldre: Syver Knutson Helling Barskrindjøta Sørbøensmoen og Birgit Eiriksdtr. Skjerping.
Gm Sissel Botolvsdtr. Øygarden Sørbøensmoen 20.01. 1851-1932
Foreldre: Botolv Knutson Løyte Øygarden og Ågot Olsdtr. Krosshaug.
*Barn
1. Birgit Knutsdtr. Sørbøensmoen 19.01. 1873-1885
Gravlagt på Ottawa Lutheran Church kyrkjegard ND, 12 år gamal.
2. Ågot Knutsdtr. Sørbøensmoen 06.10. 1878-
Til Grand Forks, ND.
3. Botolv Knutson Sørbøensmoen 17.04. 1881-1881
   
    Barn i USA: Sivert 1882-1961 farmar, g 1909 m Hattie Jacobson (4 barn); Carl ....- farmar, gm Amanda Shelerud; Berthine 1885-1969 ug. (1047) (Til saman 8 barn.)
Knut og Sissel gifte seg i 1872. I 1875 står han som leiglending og smed. Dei reiste til Am. i 1881: Anetta Nelson Co. ND og Grand Forks, ND.
    Smed og farmar i Griggs Co. (Han hadde 160 acres på patent av 1888). Knut selde farmen i 1908 og flytta til Aneta, ND. (Ulvestad 2 s 805. ) Sjå Hallingen nr 39 s 1245, nr 82 s 30.
{1630} År: 1889
Ola Syverson Sørbøensmoen 19.01. 1852-1902
Foreldre: Syver Knutson Helling Barskrindjøta Sørbøensmoen og Birgit Eiriksdtr. Skjerping.
Gm Margit Larsdtr. Espegard SørbøensMoen 27.05. 1855-1942
Foreldre: Lars Sevatson Espegard og Gunhild Botolvsdtr. Ødelien.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Sørbøensmoen 29.04. 1887-1973
G 1908 m Nils Olson Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
2. Syver Olson Sørbøensmoen 10.10. 1890-1968
G 1933 m Mildrid Holm, Canada. Barn: Keith Oliver 1935- gm Irene ... ( 2 barn); Selmer 1936- gm Dora ... ( 2 barn). Syver reiste til Am. i 1912 og var farmar i Ponteix, Sask., Canada.
3. Gunhild Olsdtr. Sørbøensmoen 08.10. 1893-1977
Ug. Ho og systera kjøpte Torelien gnr. 111/42. Sjå der.
4. Sissel Olsdtr. Sørbøensmoen 04.07. 1896-1982
Ug. Sissel og systera kjøpte Torelien, sjå gnr. 111/42.
Ola og Margit gifte seg i 1885. Margit budde hjå døtrene i Torelien dei siste åra.