Moen, nedre gnr. 23 bnr. 11
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Moen, nedre gnr. 23 bnr. 11-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Moen eller søre Moen ligg ved riksvegen aust for GurigutMoen.
    Areal 1865: dyrka jord 3 mål, naturleg eng 32 mål. Avling: 3 tunner bygg og 3 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 12 mål, anna areal 10 mål. Jorda vert leigd bort.
    Våningshus bygt 1917, bu 1900, låve 1941. Gamal smie og verkstad.
   
   
{1633} År: 1846
Svein Asleson Bomberud Moen 30.09. 1798-1870
Foreldre: Asle Gunvaldson Sundre og Margit Sveinsdtr. Gunhildgard Noss.
Gm Margit Larsdtr. Bakkeplass SørbøensMoen 05.09. 1810-1895
Foreldre: Lars Torsteinson Larslien Bakkeplass og Guri Johannesdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Asle Sveinson SørbøensMoen Stranden 19.08. 1838-1876
G 1871 m Birgit Håkonsdtr. Smedseplassen. Sjå Stranden under Nubgarden, gnr. 11/1b.
2. Lars Sveinson SørbøensMoen Bæra 26.02. 1841-1888
G 1869 m Guri Embriksdtr. Halvorsgardslåtta. Sjå Bæra, gnr. 32/11.
3. Torstein Sveinson SørbøensMoen 30.11. 1842-1917
G 1869 m Birgit Knutsdtr. Dekko. Sjå neste hushald.
4. Margit Sveinsdtr. Sørbøensmoen Grasstauren 25.06. 1846-1920
G 1870 m Sevat Olson Grasstauren. Sjå Sandbø, gnr. 30/11.
5. Svein Sveinson SørbøensMoen 18.02. 1850-1898
Ug. Arbeidsmann. Han arbeidde lenge i Tormodsgard. Ein gong datt Svein ned or ei osp og vart skadd. Han dreiv og kylla oppe i treet, dvs. lauva då taket glapp. 'Intet at skifte' i 1898.
Svein og Margit gifte seg i 1838. 'Selveier og husmand' står det i 1870. Svein og Margit skal ha rydda og bygd denne plassen.
{1634} År: 1874
Torstein Sveinson Moen 30.11. 1842-1917
Foreldre: Svein Asleson Sundrebråten Krosshaug SørbøensMoen og Margit Larsdtr. Bakkeplass.
Gm Birgit Knutsdtr. Dekko Moen 09.02. 1841-1927
Foreldre: Knut Sindreson Juven Dekko og Kari Olsdtr. Kvelprud-eie.
*Barn
1. Margit Torsteinsdtr. Moen 17.09. 1876-1964
G 1895 m Elling Syverson Sausgardshaugen Moen. Sjå neste hushald.
Torstein og Birgit gifte seg i 1869. Han var smed og gardbrukar.
    Torstein gjekk i lære hjå meistersmeden Hans Gulleiksrud i Tinn. Torstein sette opp ei ny smie av stein på Moen etter at den fyrste smia brann. Torstein kvesste borer under bygginga av Bergensbanen. I hans unge år var steinkol ikkje kome i bruk. Då måtte smeden gjerne brenne trekol sjølv.