Gjøta gnr. 23 bnr. 14
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gjøta gnr. 23 bnr. 14-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Husmannsplassen Gjøta ligg lognt og fint i eit dalsøkk opp for øvre Ton, like nedanfor Gjøtemyra der vegen over åsen til Opheim gjekk. Her viser åkrar og røysar, mest som ein liten gard. Det opphavlege tunet ligg i halla litt ovanfor noverande tun som vart bygd i 1890-åra.
    Stugu og stolphuset i Sørbøensjøta vart selt og står no som hytte på heimstølen Kitilset ovanfor Høgset. Smia stod nord mot skogkanten, eit stykke unna tunet. Hustuftene er noko ramponert av nyare skogsvegbygging.
    Gjøta ligg no under bnr. 1. I åra 1940-1945 hadde tyskerane observasjonspost i Gjøta.
   
   
   

{1642} År: 1840c

Svein Eirikson Billehuset SørbøensGjøta 27.12. 1805-1882
Foreldre: Eirik Håkonson Ruud Torsethaugen (ungkar) og Anne Olsdtr. Billehuset.
Gm Birgit Sevatsdtr. Bukkehaugen SørbøensGjøta 20.09. 1812-1897
Foreldre: Sevat Larsson Baggesteg Bukkehaugen og Birgit Guttormsdtr. Bergsgard.
*Barn
1. Birgit Sveinsdtr. SørbøensGjøta 25.07. 1839-
Gm snikkersvein Ola Nilsson, Kr.ania. Ikkje arving i 1897.
2. Eirik Sveinson SørbøensGjøta 05.10. 1843-1920
G 1873 m Kristi Arnesdtr. Flaten. Sjå neste hushald.
3. Anne Sveinsdtr. SørbøensGjøta 07.07. 1846-
Gm murmester Otto Ottosen, Kr.ania. Dei reiste til Am. før 1897.
4. Sevat Sveinson SørbøensGjøta 18.12. 1851-
Sevat reiste til Amerika i 1870, og var busett i Minnesota i 1882.

Svein og Birgit gifte seg i 1846. Han var soldat i Ålske kompani, og vart kalla LøkeSvein. (Bestemor hans var frå Løken.)
    Svein fortalde i 1831: han vaks opp hjå mora i Branden, som 18-åring slo han seg til i Billehuset som lauskar, utan fast tenest eller noko handverk. Omlag tre år seinare kom han til Medgarden. I 1831 livnærte han seg av handverk og han laga skinnfeldar. Svein var ein noko allsidig kar. Han likte å 'gå i gardo' og sitja 'røykji og radde'.
    Ein gong var Svein og Syver Sørbøenston tiltala for tjuveri. Då sa Svein: "Fanden gale deg, du kunne enten halde kjaft eller du kunne ha vore aleine!" (1318) s 14
    Svein vart henta or arresten til straffesaka mot Syver. Han vitna med jarna på "thi han erklærede at det smertede hand mere at avklinke jernene end nu at beholde dem på." (1337) s 34
    Hausten 1835 var det Svein sin tur å møte i retten. Svein meinte han hadde fått ein god oppdragelse, så langt han kunne døme. Kaptein Selmer hadde sett opp ei liste over merittane til Svein. Mange vitna at Svein var fæl til å overfalle usaka folk i fylla. Han hadde ein stein i lomma og den vart brukt som slagvåpen. Eller som 'argument' for å få folk til å skjenke brennevin.
    Eit av offera vart beden om å uttale seg om dette. Han sa det slik: "Et slikt slag vil Jeg ingenlunde modtage for mindre enn 10 spd". Folk rekna Svein for ein likandes kar når han var edrug.
    Ein annan gong hadde Svein skamslege nokre karar med eit lærbiksel. Det skjedde ein sundagsmorgon etter fjelldansen på Feten. Karane låg og kvilde då han gjekk til åtak.
    På ein auksjon i Opheim kjende Svein seg vanæra av lensmannen. Det vart kravd kontant betaling berre av Svein, dei andre kjøparane fekk 'skrive'. Då lensmannen var på heimveg i kveldinga, spratt det fram ei stor 'dåsa-kjering' or skogen ved Lya. Tyglane vart avskorne og hesten fekk eit rapp over baken. Dermed skar hesten i veg i gallopp nordover moane. Hesten 'reinska seg' aldeles, og lensmann vart liggande att i veggrøfta. Kven som hadde kledd seg ut, kom aldri fram. Men truleg var det Svein. (921)
    Svein hadde desse barna før han gifte seg: 1) Anne 1837- med Guri Tomasdtr. Tretterudhaugen (Reiersgardshagen) Brusedokken; 2) Håkon (?) med Ambjørg Olsdtr. Sørbøen (født og døypt utanfor Ål).

{1643} År: 1890

Eirik Sveinson SørbøensGjøta 05.10. 1843-1920
Foreldre: Svein Eirikson Løken Gjøta og Birgit Sevatsdtr. Gjøta.
Gm Kristi Arnesdtr. Flaten SørbøensGjøta 29.04. 1836-1921
Foreldre: Arne Knutson Satahaugen (ukjent - var i Hemsedal .. ) og Ingrid Flaten Hemsedal.
*Barn
1. Birgit Eiriksdtr. SørbøensGjøta 06.03. 1874-1912
Ugift.
2. Anne Eiriksdtr. SørbøensGjøta Moen 07.04. 1875-1941
G 1896 m Nils Halvorson Moen. Sjå Torpeslåtta, gnr. 7/3.
3. Svein Eirikson SørbøensGjøta 16.08. 1876-1920f
Var gm Thea Tolleivsdtr. ... . 6 barn. Budde i Wangaard Sax, Canada.
4. Eirik Eirikson SørbøensGjøta 12.01. 1878-
Gm Kari Larsdtr. Bomberud. Sjå neste hushald.

Eirik og Kristi gifte seg i 1873. Eirik var ein stor og røslen kar. Han var ein framifrå smed og var vide kjent for knivblada sine, dei var merka med "E", og kan enno finnast på bygda. Han smidde også ljåar og kva det måtte vera. Eirik smidde også bjeller med klave og kolvelås. Det vart fortalt at betalinga for ein slik staseleg bjelleklave kunne vera at Eirik fekk fyllt smørkjeraldet sitt. Kristi hadde sonen Embrik Olson født 1865, han reiste til Am. (Hemsedal s. 367)
    Jarn og kol til smia måtte Eirik bera på ryggen. Etterkvart kjøpte han Jøta, vart sjølveigar og flytta tunet nedover eit stykke. Ein gong skaut Eirik ein elg frå låvegluggen. Det vart nok kjærkomen mat for huslyden i Jøta.
    Ein gong vart Eirik og sonen anmeldt for ulovleg elgjakt. ('elgfall i utin'.) Sonen tok på seg skulda og havna i fengsel eit år, og då kom Eirik i knipe i smia. Ein granne hadde mått vitna i denne saka, og han fekk lide for det. Grannen vart truga til å dra smiebelgen til sonen kom ut att. Oppgjer fekk grannen ikkje. Det vart fortalt at han kunne velja mellom 'juling eller ingenting'.
    Kristi rundt på bygda og baka. Om henne vart det sagt: 'Ho va eit godt meniskji. Ho song song og les for uss'. (etter Asle Medgard.)
    I 1890 vart Jøta frådelt og kjøpt av Eirik Sveinson. Då Eirik og Kristi var døde, vart bruket nedlagt som bustad og selt attende til søre Sørbøen.

{1644} År: 1900c

Eirik Eirikson SørbøensGjøta 12.01. 1878-
Foreldre: Eirik Sveinson Gjøta og Kristi Arnesdtr. Flaten (Gol).
Gm Kari Larsdtr. Bomberud SørbøensGjøta 25.08. 1876-1957
Foreldre: Lars Mikkelson Bomberud og Haldis Storedal.
*Barn
1. Kristine Eiriksdtr. SørbøensGjøta 28.06. 1901-1901
2. Kristi Eiriksdtr. SørbøensGjøta 11.07. 1902-
3. Haldis Eiriksdtr. SørbøensGjøta 15.09. 1903-
Til Am. i 1905: Northwood, ND.
   
    Barn i USA: Edvin ....- prest ; Olof 1912- gm Alwa Ruth Norden (3 barn).

Truleg budde Eirik og Kari som inderstar i Jøta fram til 1905. Til Am. i 1905: Northwood, ND. Dei skreiv seg "Ericksen". Pastor, busett i Wangaard Sax, Canada.