Ton, øvre gnr. 23 bnr. 15
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ton, øvre gnr. 23 bnr. 15-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ton eller Sørbøenston. I bunde form 'Tone'. Namnet kjem av to som tyder grasslette. Sørbøenston ligg lognt og fint i eit noko hallande dalføre sør for Sørbøen. Det var vanskeleg å koma dit med køyredoning før vegen vart bygd. Ein skranglut kjerreveg var det fram til Svein Tveito bygde noverande veg i 1940-åra. Vegen vart bygd med handemakt gjennom fleire år. Elektrisk straum fekk dei i 1937.
    Ton dukkar opp i skattelistene alt i 1588, og skatta ein album som slottelende, dvs. underbruk. Frå 1598 var Ton ilagt årlig skatt eit skinn. I 1696 tinglyste Syver Sørbøen 'en Sorenschrifuers og Menders besigtelse paa en platz vnder Sørbøen Kaldes Toen den 12 Sept: 1641'. Grunnen til denne tinglysinga var den at Nedre Ton vart selt på den tida.
    I 1641 heitte det at Syver og Ola Sørbøen brukte også 'Øde Ton', og skatta årleg eit kalvskinn. Landskylda var 3 eller 4 laupsbol, det skiftar litt i skattelistene utan at ein ser nokon forklaring. Merk, Nedre Ton var frådelt før 1641. I 1719 vart Tone vart kalla ei slåtte under nordre Sørbøen. Brukar var enkja etter farbror til Ola, Margit Persdtr.
    Under gardsynet på nordre Sørbøen i 1739 vart opplyst: I Tone var: stugu ('brøstfeldig'), ein liten gamal låve med to luer, eit gamalt fehus ('brøstfeldig'), halvdelen i ei gamal smie.
    Areal 1865: ikkje oppgjeve. Areal 1995: dyrka jord 40 mål leigd bort prod. skog 180 mål.
    Våningshus frå 1903, bygt om 1959, stabbur påbygt 1949, låve 1950-51, garasje 1965.
    Stølar: Grønnebakken heimstøl (tilgrodd), Gaukelia langstøl med bu og løe.
    Stølar: langstølen Gaukeli på Tormodset (innkjøpt frå Nedreskorr).
   

{1646} År: 1820

Svein Olson Skjervheim Sørbøenston 23.12. 1764-1833
Foreldre: Ola Torsteinson Sando Skjervheim og Gro Sveinsdtr. Halvorsgard.
Gm Gro Guttormsdtr. Bergsgard Sørbøenston 15.06. 1777-1843
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og Guri Aslesdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Gro Sveinsdtr. Sørbøenston 26.01. 1810-1883
G 1839 m Tor Sindreson Juven Ton. Sjå neste hushald.
2. Ola Sveinson Sørbøenston 28.08. 1812-1892
G 1840 m Anne Helgesdtr. Gåsterud. Barn: Gro 1840- gm Thor Helgeson Øygarden under Dale; Svein 1842- ; Helge "Harry" 1846-1892f gm ... (1 son); Guro "Julia" 1849c-1885 g 1871 m Christian Olson Kringli i Etnedalen (6 barn); Bergit "Betsy" 1852-1893 gm Salomon Olson Tallehagen; Anne Marie 1857-1883 ug.; Ole 1861c- . Sjå: Ættebok for Luster, Dale sokn I I s 287.
    Anna Helgesdotter var syster til Ola Helgeson "Skaar" født Gåsterud i Ål. Ola Ton var sylvsmed og kom til Luster ca 1845. Før det var dei husmenn i Sørbøenston i Ål. Dei flutte attende til Ål ca 1847. Ola vart sett i samband med segna om sylvet i Ridalen. Ingen viste kvar sylvet var, men Ola fortalde om sylvet før han reiste. Og sidan har ingen funne att sylvåra. Og 1849 utvandra dei til Amerika som Ole og Anna Swenson til Vernon Co. Wisc.

Svein og Gro gifte seg i 1809. Dei var i Grytten prestegjeld i Romsdal då Ola vart født i 1812. (Svein si syster Gro var gift med Ola Mjelva frå Grytten. Dei var hauginarar både på Skjervheim og i Grytten.)
    Svein vart anklaga for ulovleg brennevins-handel i 1793. Mehlum skriv at Svein var sylvsmed og at han brukte av sylvet som Halvor Grassstauren fann i Ridalen kring 1830.

{1647} År: 1860

Gro Sveinsdtr. Sørbøenston 26.01. 1810-1883
Foreldre: Svein Olson Skjervheim Sørbøenston og Gro Guttormsdtr. Bergsgard.
Gm Tor Sindreson Juven Sørbøenston 14.07. 1809-1901
Foreldre: Sindre Embrikson Hagaplassen Juven og Rønnaug Knutsdtr. Baklien.
*Barn
1. Svein Torson Sørbøenston 16.01. 1838-1839
Kopper.
2. Rønnaug Torsdtr. Sørbøenston Underåsen 16.05. 1840-1886
G 1862 m Mikkel Olson Sørbøen. Sjå Underåsen, gnr. 22/44.
3. Gro Torsdtr. Sørbøenston 03.08. 1843-1865
4. Guri Torsdtr. Sørbøenston 12.07. 1846-?
Konfirmert i 1862, borte i 1865.
5. Svein Torson Sørbøenston Kittilsbråten 24.09. 1851-1918
G 1887 m Sigrid Olsdtr. Skrindo. Sjå Vestvang, gnr. 30/3.
6. Gunhild Torsdtr. Sørbøenston Torpe 16.04. 1855-1939
Gm Halvor Sveinson Torpo 1853-1926. Barn: Bertina 1881-1952 g 1903 m Anton Largis; Gina 1886-1969 gm Paul Sletten (barn: Palmer Sletten + ); Tina Sophie 1894-1965.
    Gunhild reiste til Am. i 1880. Halvor og Gunhild er gravlagde på Zion Lutheran Cemetery, Norman County, MN. (J. Marler)

Tor og Gro gifte seg i 1839. Tor hadde sonen Knut 1838-1839 med Sissel Knutsdtr. Bergadekko.

{1648} År: 1894

Guri Håkonsdtr. Sørbøen Thoen 03.10. 1859-1951
Foreldre: Håkon Olson Sørbøen og Turid Persdtr. Kvelprud.
Gm Ivar Olson SataHagen Thoen 25.07. 1855-1932
Foreldre: Ola Torsteinson Skjervheimshagen Satahagen og Dordei Sveinsdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Ola Ivarson Thoen 11.06. 1882-1965
G 1909 m Birgit Jakopsdtr. Bakkeplass. Barn: Jakop 1909-
    Gm Anna Simonsen, Sel i Gudbr. Barn: Gudrun 1919- til Afrika, gm Henrik Lunde, Østfold, gm Jim Real, England; Ragnhild 1920- gm Hans Navestad, gm Arne Kristiansen; Oddvar 1922- gm Anny Haugom, Hobbøl.
    Ola var gardsarbeidar mange stader, m.a. Sjåstad landbruksskule. Fjøsmester i Tomter. Busett i Tomter (1345) 321
2. Håkon Ivarson Thoen 22.02. 1884-1933
Ug. Håkon var gardsgut hjå Dr. Thaulow ved Tyristrand. Drukna i Tyrifjorden i 1933(?)
3. Per Ivarson Thoen 10.09. 1885-1975
Ug. Til Am. 1907: han var snikker i Detroit, men fall ned og øydela seg.
4. Ola Ivarson Thoen 28.06. 1887-1964
G 1914 m Clare Waickel 1888-1971. Barn: Laura 1908-198? gm Dave Razler; Genevie 1916-1979 gm Syvert Wells; Irene 1917-1998 gm Olaf Hagen; Dorothy 1919- gm Melvin Espeset; Orville 1920-1936; Margareth 1921- gm Sherman Keck; Rose 1922- g 1941 m Engvald Christianson; Evelyn 1923- gm Ray Tregaskis. (1573),(J.Marler)
    Ola reiste til Am. i 1906: Crosby, ND, sidan farmar i Wildrose ND.
5. Svein Ivarson Thoen 08.04. 1889-1960
Gm Mina Olson Christofferson, Furnes. Dei gifte seg i ND. Barn: Sylvia 1918- g 1931 m Lee Ray Brackelsberg (2 barn); Helen ; Ida g 1940 m ... Oberg (3 barn); Gladys 1926- gm Jack ... (2 barn); Iver g 1956 m Sharon Lynn (2 barn). (1573)
    Svein reiste til USA i 1910: Kermet, ND. Svein skreiv om livet i Ton i 1956: Det var å grava stein haust og vår, og dra den bort om vinteren. Far og mor var flinke menneske, og år etter år vart åkerlappane større og større. Har aldri sett finare bygg enn det som voks i Ton."
   
    Bordet var lite og stugu var trong,
    men soli den seint seg sette.
    Gud velsigne det vesle som var,
    og me vart alle mette. (1433)
6. Torstein Ivarson Thoen 01.10. 1891-1980
Gm Valentina ... . Sjå bilete av fyrste huset hans. Busett i Alberta, Canada. (1345) 321
7. Dordei Ivarsdtr. Thoen Skrindo 25.12. 1893-1986
G 1922 m Knut Larsson Skrindo. Sjå Skrindo, gnr. 47/13.
8. Lars Ivarson Thoen 05.09. 1896-1933
Ug. Lars budde i Sørbøenston i lag med mor si. Han vart litt små-rar, han gjekk og gret roleg. Etter eit fall på ei svellkule vart han senge-liggande lenge, og han vart aldri som før. (1345) 321
9. Turid Ivarsdtr. Thoen Haugo 20.02. 1899-1984
Gm Oleiv Halvorson Haugo. Sjå Haugo 22/3.
10. Halvor Ivarson Thoen 07.02. 1903-1903

Ivar og Guri gifte seg i 1882. I 1894 kjøpte dei øvre Ton. Det er fortalt at Ivar var ein spræk kar. Han var flink til å kruke (ein krevjande tur i lausdans), og han kunne hoppe 'på fue' bortover golvet. Han var skreddar og bonde. Guri var gjestfri og gavmild.