Midtlid gnr. 23 bnr. 19
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Midtlid gnr. 23 bnr. 19-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Midtlid vart frådelt Gjøta i 1917 som 'Gjøta havnerett' og kjøpt av Håkon Medgard. Ved utskifting i hagane, og bygginga av ny bygdeveg, vart denne hamneretten avløyst og lagt ut som eit jordstykke inne i Stølsvingen, den siste sløyfa på vegen.
    Då eldste son, Asle Medgard 1912-1985 overtok Medgarden, held Håkon att det nemnde jordstykket. Han og kona i andre ekteskap bygde kårsbustad her. Av rå rot vart dyrka litt jord så dei kunne fø 10-12 sauer. Midtlid vart teken i bruk hausten 1944. Husa på eigeomen er stuguhus frå 1944 og eit lite uthus.