Medgarden, øvre gnr. 24 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Medgarden, øvre gnr. 24 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Medgarden tyder den mitre garden. Gardsnamnet står i bunden form, og er nok ikkje av dei eldste gardenamna. Garden ligg midt i bygda med eit flatvore fint tun. Namnet Medgarden kan truleg sjåast i høve til opphavsgarden Lid i Liagardane. Øvre Medgarden hadde 6 laupsbol og skatta som øygard. Garden kom inn i skattelistene i 1644.
    Opphavleg låg tuna til Øvre og Nedre Medgarden jamsides. Øvre var då kalla 'Søre', og 'Nedre' vart kalla 'Nordre' Medgarden.
    Areal 1865: åker 27 mål; naturleg eng 48 mål; utslått 76 mål. Avling 24 tunner bygg og 24 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 210 mål (medrekna 100 mål nydyrka på heimstølen), produktiv skog 650 mål, anna utmark 140 mål.
    Våningshus bygt 1980, loft 1902, driftsbygning 1983. Stugu bygd i 1950. Garden har fiskerett i Svarttjørn.
    Stølar: heimstøl på Veslestølen. Opphavleg langstøl på Tormodset vart makeskifta med langstøl på Hellebu. Heimstøl er Veslestølen på Heimåsen. Buskap: 12 mjølkekyr fram til 1986. Garden var bortleigd til mjølkeproduksjon fram til 2002.
   

{1665} År: 1755

Asle Knutson Juvsjord Medgarden 1728-1773s
Foreldre: Knut Asleson Juvsjord og Rangdi Halvorsdtr. nedre Sata.
Gm Kari Torsteinsdtr. Sando Medgard 1736-1785s
Foreldre: Torstein Torson Sata Sando og Birgit Olsdtr. ... Sando.
*Barn
1. Knut Asleson Medgarden 16.01. 1757-1788
Sjå neste hushald.
2. Torstein Asleson Medgarden 22.10. 1758-1841
Gm Birgit Olsdtr. Barskrind. Sjå 1789-hushaldet.
3. Randi Aslesdtr. Medgarden Opsata 14.09. 1760-1832
Gm Lars Tolleivson Opsata. Sjå nordre Opsata, gnr. 34/3.
4. Ola Asleson Medgarden 10.10. 1762-____
Ugift dagarbeidar i 1801.
5. Birgit Aslesdtr. Medgarden Sundre 29.09. 1765-1848
Gm Lars Olson Larsgarden Sundre, gnr. 110/32.

Asle og Kari gifte seg i 1756. Asle vart skattlagt som handelskar i 1753. I 1756 fekk han auksjonskøyte på Medgarden (6 laupsbol) for 610 rd.
    Asle Knutson flytta tunet opp på noverande stad. Det har vorte fortalt etter kva Asle sa om den gamle tunskipnaden. (sjå innleiinga.) "Eg fær det ikkji bra til før eg flyt husa opp på bakkjin her!"
    På skiftet etter Asle i 1773 var det 445 rd å dele på enkje og 5 barn. Garden øvre Medgarden vart taksert til 350 rd og plassen Hanseplassen til 129 rd. På skiftet etter Kari i 1785 var det 257 rd å dele på 5 barn. Sonen Knut hadde då overteke garden nokre år sidan.

{1666} År: 1782c

Knut Asleson Medgarden 16.01. 1757-1788
Foreldre: Asle Knutson Medgarden og Kari Torsteinsdtr. Sando.

Knut var ugift. Han kjøpte skyldgods i garden for 324 rd i 1785.
    Knut vart utkommandert til den såkalla 'Tyttebærkrigen'. (Danmark-Noreg under kommando av prinsen av Hessen gjekk til åtak på Sverike.) Asle Medgard f. 1856 kunne fortelja korleis det hende.
    'Det var ein dag i slåtten, dei drivo på søre Teigji. Då kom det beskjed med hærpil at 'n Knut skulle reise i krigen. Då sa Knut til bror sin, Torstein: Me ha gjort den gjerde, eg og ho Birgit Barskrind at ho skulle koma hit og vera saman med meg. "No må eg dra, og eg kjenne det på meg at eg kjem ikkje att. So må du overta garden, og helse te'n Birgit at ho kan koma hit lell og vera i lag med deg!" So sette'n orvet frå seg og sprang. '
    Og han Knut kom ikkje att. Knut døydde i Fredrikstad 1788. Det hadde vore mykje sjukdom i felttoget.
    Eiga på 400 rd vart delt på syskena, og broren Torstein overtok garden.

{1667} År: 1789

Torstein Asleson Medgarden 22.10. 1758-1841
Foreldre: Asle Knutson Juvsjord Medgard og Kari Torsteinsdtr. Sando.
Gm Birgit Olsdtr. Barskrind Medgarden 27.09. 1767-1837
Foreldre: Ola Rasmusson Barskrind og Sissel Embriksdtr. Ellingsgard.
*Barn
1. Kari Torsteinsdtr. Medgarden Tveito 12.09. 1790-1866
G 1825 m Ola Nilsson nordre Tveito 1787-1748. Ingen barn.
2. Sissel Torsteinsdtr. Medgarden Storlien 09.05. 1793-1874
G 1814 m Embrik Håkonson Storlien. Sjå nedre Storlien, gnr. 2/4.
3. Guri Torsteinsdtr. Medgarden Lappegard 17.01. 1796-1866.
G 1826 m Eirik Person Lappegard, gnr. 65/4.
4. Asle Torsteinson Medgarden Bøygard 10.06. 1798-1874
G 1826 m enkje Kari Olsdtr. Løken Bøygard. Sjå neste hushald.
5. Birgit Torsteinsdtr. Medgarden Helling 28.02. 1802-1884
G 1831 m Hermann Asleson Helling. Sjå Søre Helling, gnr. 20/3.
6. Ola Torsteinson Medgarden Langero 03.06. 1805-1882
G 1835 m Rangdi Solvesdtr. Myro. Sjå Langero, gnr. 25/3.

Torstein og Birgit gifte seg i 1789. Dvs. Torstein overtok både garden og jenta etter bror sin. Sjå førre hushald.

{1668} År: 1822

Asle Torsteinson Medgarden Bøygard 10.06. 1798-1874
Foreldre: Torstein Asleson Medgarden og Birgit Olsdtr. Barskrind.
Gm Kari Olsdtr. Løken Bøygard 03.02. 1788-1862
Foreldre: Ola Ellingson Løken og Guri Sevatsdtr.Tveito.
*Barn
1. Håkon Asleson Medgard Bøygard 20.03. 1827-1879
G 1846 m Guri Tolleivsdtr. Opsata. Sjå neste hushald og nordre Bøygard, gnr. 38/2.
2. Torstein Asleson Medgard 16.03. 1830-1842

Asle og Kari gifte seg i 1826. Ho var enkje etter Håkon Olson Bøygard. (Sjå Bøygard.) Såleis vart dei sitjande med to gardar. Etterkvart flytta dei til Bøygard. Medgarden vart deretter driven av brukarar i fleire år framover.
    Då sonen Håkon tok til å dyrke noko slåttemark ved husa, meinte Asle at jorda vart øydelagt. Frå gamalt av hadde grasmarka fått ligge upløgd. Men då han fekk sjå resultatet, då tok han til med dyrking sjølv og. Brattetræet oppe i Hovda braut Asle som kårmann.
   

{1669} År: 1860

Håkon Asleson Medgard Bøygard 20.03. 1827-1879
G 1846 m Guri Tolleivsdtr. Opsata. Foreldre: Asle Torsteinson Medgarden Bøygard og Kari Olsdtr. Bøygard.

Håkon kjøpte nordre Bøygard i 1843. Sjå meir om familien der. Håkon hadde brukarar i Medgarden.

{1670} År: 1878

Asle Håkonson Bøygard Medgard 26.10. 1856-1948
Foreldre: Håkon Asleson Medgard Bøygard og Guri Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Margit Sevatsdtr. Opheim Medgard 14.04. 1849-1908
Foreldre: Sevat Bjørnson Reiersgard Vesledalstugu Opheim og Rangdi Tolleivsdtr. Opsata.
*Barn
1. Guri Aslesdtr. Medgard 28.08. 1878-1953
1900: 'Husgjerning og kreaturstel'. Guri kom til Smedplassen, gnr. 110/4.
2. Håkon Asleson Medgard 06.07. 1880-1960
Gm Ingrid Larsdtr. Skrattegard. Sjå neste hushald.
3. Sevat Asleson Medgard 29.05. 1883-1902
Ugift.
4. Rangdi Aslesdtr. Medgard Kvelprud 22.08. 1885-1967
G 1911 m Torkjell Person Kvelprud, gnr. 28/1.

Asle og Margit gifte seg i 1877 og fekk fekk skøyte på Medgarden i 1878. Garden var noko til nedfalls etter at det hadde vore brukarar der ei tid.
    Asle bytte langstøl, og kjøpte inn til jord frå Sørbøen og dyrka mykje jord. Asle overtok saga etter Eivind Berget i Sagbekken ved Aunsetmyrane og dreiv saging fram til 1930 omlag. På Hellebu bygde han ny bu, og heime bygde han loft. Han la skifertak på loft og stugu. Asle fortalde han var fire gonger på Kristiania-marken med varer.
    I 1910 selde han garden for 6000 kr og kår til sonen Håkon.