Medgarden, nedre gnr. 24 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Medgarden, nedre gnr. 24 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Medgarden vart skatta som halvgard og hadde ei landskyld på 12 laupsbol. Innmarka grensar mot aust mot øvre Medgarden. Om namnet, sjå innleiinga til bnr. 1.
    Stølar: langstøl på Tormodset, heimstøl var opphavleg Aunset. Då Birgitstølen vart rydda, brukte dei Aunset og Birgitstølen annekvart år. Kring 1900 vart Aunset nedlagt. Det er fiskerett i Svartetjørn.
    Husmannsplass: Brusedokken eller Medgards-eie. Medgardsrone vart frådelt 1912, meininga var å bygge eit eige bruk. Det vart ikkje noko av. Medgardsrone har ligge under garden att frå 1991.
    Stadnamn: 'Skottland og Engeland', ein del av vollen på Birgitstølen; Henrikbakken; Bandera ein liten åker, det vart ei rad med kornband; Bergabrunnen; Jordesgarden, øvst i jordet, her er gamle tufter.
    Areal 1865: dyrka jord 30 mål, naturleg eng 74 mål, utslått 74 mål. Avling: 29 tunner bygg og 24 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 84 mål, anna jbr. 60 mål, prod. skog 500 mål. Buskap: 20 foringsdyr, 14 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1950, loft 1820, garasje og verkstad 1980, låve, fjøs og stallar omkr. 1935. Den gamle stugu på garden vart selt som hytte kring 1950.
   

{1682} År: 1783

Solve Olson Skjervheim Medgard 12.09. 1751-1808
Foreldre: Ola Nilson Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. Medgard.
Gm Gunhild Knutsdtr. Opheim Medgarden 21.02. 1762-1794s
Foreldre: Knut Halvorson søre Opheim og Gunhild Embriksdtr. Torset (Hemsedal).
Gm Birgit Olsdtr. Medgarden 1767-1840
Foreldre: Ola Asleson Medgarden i Leveld og Liv Olsdtr.Thon.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Solveson Medgarden Langejøta 19.09. 1784-1858
G 1827 m Anne Knutsdtr. Gullhagamoen. Sjå Langejøta, gnr. 12/8 og barnebarn i Rasmusgarden.
2. Gunhild Solvesdtr. Medgarden 24.09. 1786-1786.
3. Knut Solveson Medgarden 23.12. 1787-1870
Knut døydde ugift på legd i Opheim i 1870.
4. Nils Solveson Medgarden Gudbrandsrud 30.04. 1790-
Gm Sigrid Olsdtr. Klype, Rukkedalen. Barn: Gunhild gm Ola Olson Leksvolplassen Kvarve; ...
    Nils og Sigrid møttest då Sigrid tente i Ål. Arven i Medgarden var stor, men då dei delte var det penge-reduksjon: ungane fekk 100 dalar kvar, men det var lite verdt. Nils dreiv jordarbeid og fehandel på Vestlandet nokre år og fekk lagt seg opp pengar til gardkjøp. Sidan flutte dei til Nes og kjøpte Gudbrandsrud.
5. Gunhild Solvesdtr. Medgarden Brusedokken 13.01. 1793-1844
G 1821 m Ivar Halvorson Vesledal Opheimshaugen Brusedokken, gnr. 24/4.

Solve og Gunhild gifte seg i 1783. Solve kjøpte Medgarden for 500 rd og kår hjå faren i 1783. På skiftet etter Gunhild i 1794 var det 107 rd å dele. Han pantsette garden til Hermann Tormodsgard.
    Solve gifte seg opp att med Birgit Olsdtr. frå Medgarden Leveld. Dei fekk fem barn. Sjå Medgarden gnr. 69/4.

{1683} År: 1801

Håkon Bjørnson Sando Gunhildgard 04.08. 1771-1819
Foreldre: Bjørn Olson Gullhagen Sando og Guri Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Birgit Håkonsdtr. Underåsen Gunhildgard 1778-1866
Foreldre: Håkon Eirikson Opheimsåsen og Guri Olsdtr. Bråtelien under Sundre.
*Barn
1. Bjørn Håkonson Medgarden Gunhildgard 26.12. 1797-1864
G 1821 m Ambjørg Olsdtr. Arnegard. Sjå Gunhildgard, gnr. 44/3.
2. Guri Håkonsdtr. Medgarden 06.10. 1799-
Truleg død før 1800.
3. Håkon Håkonson Medgarden 19.07. 1801-1802
4. Guri Håkonsdtr. Medgarden Guroplass 05.12. 1802-____
G 1838 m enkjemann Lars Asleson Holto Guroplass, gnr. 123/31.
5. Guri Håkonsdtr. Medgarden Rukke 11.08. 1805-1900
G 1834 m skulemeister Halvor Jakopson Rukke, Nes. Sjå Kristmoen, gnr. 12/12.
6. Håkon Håkonson Medgarden 18.11. 1807-1808
7. Håkon Håkonson Medgarden 15.07. 1809-1810
8. Håkon Håkonson Medgarden Gråbeinhaugo 12.06. 1811-1871
G 1848 m Guri Olsdtr. Opheims-eie. Sjå Haugo.
9. Ambjørg Håkonsdtr. Medgarden 24.09. 1814-1892
Ugift.
10. Ola Håkonson Medgarden Halvorsgard 01.08. 1817-1876
Ugift. Ola budde i Bøygardshagen 1865 og i Halvorsgardshagen i 1875. Han døydde som inderst i Halvorsgard 1876. Eige ca 850 spd.

Håkon gifte seg med Birgit Håkonsdtr. Underåsen. I 1801 makeskifte han til seg Medgarden mot søre Bæra og 798 rd.
    I 1810 makeskifte han Medgarden og fekk att Juvsjord og 800 rd. Kring 1814 kom han til Gunhildgard.

{1684} År: 1810

Embrik Olson Skjerping Medgarden 17.05. 1778-1849
Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard/Lien.
Gm Guri Nilsdtr. Skjervheim Medgarden 22.10. 1775-1847
Foreldre: Nils Olson Skjervheim og Turid Olsdtr. Juvsjord Skjervheim.
*Barn
1. Ola Embrikson Medgarden 11.05. 1806-1807c
2. Ola Embrikson Medgarden 03.05. 1807-
G 1832 m Gunhild Olsdtr. Lappegard. Barn: Embrik 1832- til Am.; Ola 1843- gm Kristi ... til Thon i Nes.
    Dei flytta til Nes sumaren 1840. Budde på Benterud i 1843 og på Thoen i Børtnes i 1865.
3. Nils Embrikson Medgarden 14.04. 1809-1810c
4. Nils Embrikson Medgarden Haugo 22.05. 1810-1887
G 1853 m Sissel Olsdtr. Plassen. Sjå Haugo, gnr. 12/9.
5. Solve Embrikson Medgarden 16.09. 1815-
6. Embrik Embrikson Medgarden Piperslåtta 02.07. 1818-1905
G 1848 m Birgit Knutsdtr. Arnegard. Sjå Piperslåtta, gnr. 110/1c. Sidan til Am.
*Barnebarn
1. Embrik Olson Medgarden 08.12. 1832-
Til Nes saman med foreldra. Ukjent lagnad.
    Foreldre: Ola Embrikson Medgarden og Gunhild Olsdtr. Lappegard.

Embrik og Guri gifte seg i 1805. Han vart kalla Apal-Embrik. Embrik makeskifta morsarven hennar Guri, Juvsjord, og fekk att Medgarden i 1810. I 1811 fekk han 1300 rd som forskot på farsarv.
    Embrik var med i bondeopprøret i 1818. Han for nedover Mohaugane med hug og skrik og med øks i hand. Men truleg roa han seg på vegen, ein kan ikkje sjå at han vart straffa.
    I Kvelprudboka er ei soge om då Embrik lånte pengar hjå ein skipper frå Vestlandet. Då skipparen vart svært lenge på sjøen ein gong, var det dei som tok til å undrast om han hadde forlist. Og Embrik gledde seg over å vera kvitt lånet. Men så kom skipparen att.
    Embrik kjøpte Bæra i 1805 for 1000 rd og kår. Medgarden gjekk på auksjon i 1826. Same året kjøpte Embrik halve Skjerping for 1800 spd og eigen arv 400 spd. I 1829 selde han att til broren Eirik for 1100 spd, og var deretter 3 år i Bæra og 2 år i Juvsjord.
    Han kom tilslutt attende til Medgarden der Guri hadde odelsrett. I 1836 lånte han pengar hjå Knut Tolleivson Noss og meinte at sonen Nils skulle ha halve Medgarden saman med Knut. Embrik sleit med eit lån frå 1820 og var no insolvent. I 1837 vart Medgarden selt på tvangsauksjon for gjelda og Embrik vart husmann i SkjerpingHaugo. (997) Sjå Skjerping, Bæra og Haugo.

{1685} År: 1837

Knut Tolleivson Noss Medgarden 21.05. 1797-1877
Foreldre: Tolleiv Olson Haugegarden Noss og Sissel Larsdtr. Noss.
Gm Turid Olsdtr. Rime Medgarden 25.09. 1803-
Foreldre: Ola Larsson Rime og Guri Bjørnsdtr. Sata.
*Barn
1. Tolleiv Knutson Medgarden __.__. 1826-1877
G 1847 m Ågot Olsdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.
2. Lars Knutson Medgarden __.__. 1829-
Til Am. i 1849.

Knut og Turid gifte seg i 1827. Frå 1819 var han nokre år på Svanøy. Knut kom heim att og lånte ut pengar. I 1837 slo han på seg Medgarden på auksjon.
    Knut var ein drivande bonde. I hans tid vart det bygd nye hus på garden. Loftet står enno. Dei reiste til Amerika i 1861. Knut hadde sonen Ola (1824-1909) med enkje Birgit Olsdtr. Gjeldokk.

{1686} År: 1853

Tolleiv Knutson Medgarden __.__. 1826-1877
Foreldre: Knut Tolleivson Noss Medgarden og Turid Olsdtr. Rime.
Gm Ågot Olsdtr. Svarteberg Medgarden 15.04. 1830-1913
Foreldre: Ola Torsteinson Svarteberg og Birgit Rasmusdtr. Opheim.
*Barn
1. Turid Tolleivsdtr. Medgarden Noos 18.10. 1849-
G 1873 m Torstein Larsson Noss/Noos 1843-.... . Louis Petrus 1874- ; Tollof Adolph 1878-1943 i California.
    Til Am. 1861: Vienna, Rock Co. MN. Turid og Torstein vart truleg skilde.
2. Knut Tolleivson Medgarden 07.12. 1852-____
Truleg til Amerika. Knut kom bort frå familien sin ifylgje eit Amerika-brev. (E. Rude)
3. Ola Tolleivson Medgarden 29.09. 1855-1870
Til Am. 1861. Ola fraus i hel på prærien ikkje langt frå farmen vinteren 1870. (J. Marler)
4. Lars Tolleivson Medgarden 07.05. 1858-
Til Am. i 1861.
5. Tolleiv Tolleivson Medgarden 02.10. 1860-
Til Am. 1861: Esterville, Iowa.
   
    Barn i USA: Philip 1861-1922 'sheriff Megaarden' i Hennepin County, tok 1916 homestead i Montana, gm Minnie A ... (minst 1 barn); Betsy 1864- ; Mary 1867- ; Theodore 1869- (J. Marler).

Tolleiv og Ågot gifte seg i 1847. Tolleiv fekk skøyte på garden i 1853, og så dreiv han hestehandel ved sida. Men etterkvart fann han å vilja prøve lykka i Amerika. Han gjekk til far sin, som då var kårmann, og spurde om han kunne selja garden kårfritt. Og far hans gjekk med på det.
    Så reiste dei til Amerika i 1861. Han deltok i borgarkrigen. Dei var i Emmet i Iowa ei tid, så flytta dei. "Sheriff Megaarden" er nemnt hjå Ulvestad bind 1 s 309.
    Tolleiv hadde fleire uhell, både stall og avling brann opp. Sjølv omkom han 1870 etter å ha fått eit plankelass over seg.

{1687} År: 1861

Embrik Embrikson Ruud Medgarden 30.04. 1820-1885
Foreldre: Embrik Olson Reiersgard (ungkar) og Gunhild Håkonsdtr. Ruud Opheimshaugen.
Gm Margit Eiriksdtr. Underåsen Medgarden 23.10. 1833-1917
Foreldre: Eirik Rasmusson Opheim Underåsen og Rangdi Olsdtr. Sørbøen.
*Barn
1. Rangdi Embriksdtr. Medgarden 23.05. 1858-____
2. Gunhild Embriksdtr. Medgarden 14.01. 1860-1929
Ug. Ho dreiv husarbeid og fjøsstell.
3. Embrik Embrikson Medgarden 25.08. 1863-1933
Ug. Gardsarbeidar. Sjå neste hushald.
4. Eirik Embrikson Medgarden 07.02. 1866-1941
Ugift. Eirik var i Am. 1890-1910. Han var gardsarbeidar. Sjå neste hushald.
5. Ola Embrikson Medgard 08.08. 1868-1946
G 1917 m Ingeborg Eilevsdtr. Tune. Sjå 1925-hushaldet.
6. Margit Embriksdtr. Medgarden Slåtto 13.06. 1871-1947
G 1902 m Torgeir Sindreson Slåtto. Sjå SkjervheimSlåtta, gnr. 26/4.
7. Guri Embriksdtr. Medgarden 07.12. 1873-____
8. Lars Embrikson Medgarden 05.03. 1877-1937
Ug. Dagarbeidar.

Embrik og Margit gifte seg i 1856. Ei februarnatt i 1871 brann fjøset i Medgarden, og 10 kyr, 2 kalvar og 10 småfe omkom. Det hadde det vore baking i eldhuset dagen før. Og eldhuset stod innved fjøset. Det var med naud og neppe dei andre husa på garden vart berga frå brannen.
    Då såg det ikkje godt ut. Embrik måtte selja Brusedokken for 200 spd så han kunne få seg nytt fjøs og buskap att. Men han sat tungt i det og måtte låne pengar hjå halvbroren 'SpringarHåkon'. Men Håkon var handelskar og ein streng pengeutlånar. Embrik var ikkje helsemenneske etter brannen.
    Margit sat med garden i 8 år som enkje. Og ho spara seg ikkje. Om sumrane hadde ho vaktekyr for andre. Ein sumar hadde ho 6 vaktestell utanom sitt eige. Då var primkjelen i bruk døgnet rundt. Ho selde garden i 1893 til sonen Embrik.

{1688} År: 1893

Embrik Embrikson Medgard 25.08. 1863-1933
Foreldre: Embrik Embrikson Reiersgard Medgarden og Margit Eiriksdtr. Underåsen.

Omlag 12 år gamal måtte Embrik overta styringa av garden. Det vart frå brannen å rekne. Det vart fortalt at Embrik 'hekk i sledakarre' seint og tidleg, og han ordna opp.
    Embrik kjøpte garden hjå mor si i 1893. Han var ugift. Embrik delte frå Medgards-rone i 1912 og hadde vel tenkt å byggja der. Men det vart ikkje. Ei tid hadde broren Eirik garden utan heimel. I 1925 vart garden selt til den tredje broren, Ola Embrikson.