Brusedokken gnr. 24 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Brusedokken gnr. 24 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Brusedokken eller Dokken var husmannsplass under Medgarden. Brusedokken ligg oppe i åskanten ovanfor Medgarden. Namnet kan koma av bruse=brisk. Men brisken heiter ikkje bruse i hallingdialekta. Derimot har me 'bruse' som tørr furukvist med nålene på (nøreved). Stundom skreiv presten berre 'Medgardseie'. Fyrste bygslaren ein kjenner kom til plassen i 1823. Ein ser ikkje folk her korkje i 1762 eller 1801.
    Stølen Sogla vart delt før 1865, og halve eigedomen (bnr. 7) vart tillagt Brusedokken i Liagardane. Heimelsoverdraginga var i 1875. Brusedokken vart frådelt nedre Medgarden i 1869.
    Brusedokken vart overteke av Torleiv Stranden i 1967 og sidan brukt under Bergunn. Den gamle stugu vart sidan selt, den står no i Torpo sentrum, mykje ombygd. Av det gamle tunet i Brusedokken står berre låve og fjøs att. Brusedokken vert no nytta til beite.
   

{1692} År: 1823

Ivar Halvorson Haugo Brusedokken 07.03. 1790-1869
Foreldre: Halvor Ivarson Vesledal Opheimshaugen/Haugo og Ingeborg Rasmusdtr. Opheimshaugen.
Gm Gunhild Solvesdtr. Medgarden Brusedokken 13.01. 1793-1844
Foreldre: Solve Olson Medgarden Nedre og Gunhild Knutsdtr. søre Opheim.
Gm Guri Tomasdtr. Tretterudhaugen Brusedokken 11.02. 1798-1859
Barn: Ingeborg 1825- m/Ola Halvorson Bjørøyrudningen/Merødningen Nes; Anne 1837- m /Svein Eirikson Sørbøen. Foreldre: Tomas Olson Skjerping Tretterudhaugen og Ingeborg Olsdtr. Rotneim (Gol).
*Barn i fyrste ekteskap
1. Halvor Ivarson Brusedokken 02.03. 1821-1896
Ugift. Han laga seg ein bustad dei kalla Brusebakken eller søre BruseDokken, og hadde nokre geiter. (921) Inderst og jordarbeidar i 1891.
2. Turid Ivarsdtr. Brusedokken 27.09. 1825-1843
Ugift.
3. Solve Ivarson Brusedokken Mørken 03.03. 1836-1906
G 1861 m Barbro Aslesdtr. Jorde Torset, Hemsedal. Barn: Gunhild 1862- gm Hans Embriksgarden; Ivar 1864-1905, bonde i Mørkji g 1900 m Barbro Tolleivsdtr. Myren (Løken) (2 barn).
    Til Mørkji/Mørken under Hjelmen i Hemsedal kring 1869. (1235) s 66.
4. Ola Ivarson Brusedokken 03.03. 1836-1891
G 1862 m Kari Halvorsdtr. Steinsrud. Sjå neste hushald.
*Barn i andre ekteskap
1. Ingeborg Olsdtr. Brusedokken Røbæk 26.09. 1825-
Gm Ola Eirikson Uren, Hol 1791- . Barn: Ole 1857c- ; Anne 1856c- ; Oline 1859c- ; Marie 1852c- ; Inger Anna 1854c- .
    Dei flytta til Veøy i Romsdalen i 1854. Var gardbrukar og sjølveigar på Røbæk i Bolsøy i 1865.

Ivar og Gunhild gifte seg i 1821. Dei bygsla Brusedokken i 1823. Ivar gifte seg opp att 1857 med Guri Tomasdtr. TretterudHaugen.

{1693} År: 1869

Ola Ivarson Brusedokken 03.03. 1836-1891
Foreldre: Ivar Halvorson Haugo Brusedokken og Gunhild Solvesdtr. Medgarden.
Gm Kari Halvorsdtr. Steinsrud Brusedokken 1821-1887
Foreldre: Halvor Mikkelson Steinsrud og Olaug Halvorsdtr. Glomsrud, Gol.
*Barn
1. Gunhild Olsdtr. Brusedokken 06.10. 1862-1884
G 1883 m Ola Tolleivson Kræmarslåtta Brusedokken. Sjå neste hushald.

Ola og Kari gifte seg i 1862. Ola kjøpte Sogla i 1874. Han gav kår på livstid til Knut Mikkelson Sogla og kona Ågot Eivindsdtr. Ola døydde som kårmann i 1891.

{1694} År: 1889

Ola Tolleivson Kræmarslåtta Brusedokken 21.05. 1860-1930
Foreldre: Tolleiv Torson Haugo Kræmarslåtta og Ågot Olsdtr. Opheimsjordet.
Gm Gunhild Olsdtr. Brusedokken 06.10. 1862-1884
Foreldre: Ola Ivarson Brusedokken og Kari Halvorsdtr. Steinsrud.
Gm Kari Halvorsdtr. Moen Brusedokken 1861-1917
Foreldre: Halvor Olson Turkop StoreMoen og Barbro Halvorsdtr. Steinsrud, Gol

Ola og Gunhild gifte seg i 1883. Gunhild døydde barnlaus alt i 1884. Ola gifte seg opp att 1888 med Kari Halvorsdtr., men heller ikkje dei fekk barn.
    I 1889 kjøpte han Brusedokken hjå tidlegare svigerfar, Ola Ivarson. I 1900 var Ola 'jordbruger og selveier'. Ola flytta stugu frå Brusedokkken til eit jordstykke han kjøpte i Torpo sentrum. Han bygde på ein etasje og dreiv "nøkternhets-cafe" kring 1924. (1553)1924