Løyte gnr. 25 bnr. 2
   Gardsregister €   Garden €  Bruksregister €   Forklaring
 Løyte gnr. 25 bnr. 2-
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
 1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.  
  For english readers.  
 = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =  
 
Garden har vore kalla både Løyte og Rud. Namnet 'Løyte' skal koma av 'leite' som tyder ei høgd i landskapet med utsyn til to motsette kantar.
     Areal 1865: dyrka jord 20 mål, naturleg eng 48 mål, fjellslått 48 mål. Avling: 16 tunner bygg, 15 tunner potet.
     Areal 1995: dyrka jord 55 mål, anna areal 25 mål, produktiv skog 370 mål, anna utmark 100 mål. 
     Våningshus bygt 1971, kårhus 1989, låve og fjøs omkr. 1950, loft, garasje og reiskapshus 1986, pelsdyrfarm.  Buskap: 1 hest, 60 vinterfora sauer. 40 blårevar til 1992. 
     Stølar: heimstøl er Løytestølen. Heimstølen Øvre Ørndokken vart fråselt i 1847. Neste år vart heimstølen Hagajordet (bnr. 5) frådelt og selt. I 1893 vart Løytesgjerda på Nystølen (bnr. 8) frådelt og selt. Gunhildgarda på Hellebu vart innkjøpt som langstøl, men den vart seld att i 1950-åra. Stadnamn: Bleikefeten,
     	I 1964 vart jorda og skogen til Høgsetluten (gnr. 26, bnr. 2) tilkjøpt og lagd til eigedomen. 
     Husmannsplass: Langero bnr. 3. Den har ligge under Sørbøen og sidan Medgarden. Ein ser ikkje kvifor Langero er matrikulert under Rud.
     
{1721} År: 1751
 
Ola Torkjellson Skjervheim      1680c-1758s
Foreldre: Torkjell Olson Skjervheim Opsata og Barbro Torsteinsdtr. Lie.
Gm Hallbjørg Syversdtr. Sørbøen Ruud     1700.-
Foreldre: Syver Tomasson Hove Sørbøen og Guri Torsteinsdtr. Lisla.
Ola og Hallbjørg hadde ingen barn. Ola (eller halvbroren ) vart ilagd legemålsbot i 1703 saman med Sigrid Eilevsdtr. Ola åtte då ingen ting, og Sigrid var "bare fant". Det vart skrive slik: "fattigdommen vil ej tillate egteskab."
     	Barbro Torsteinsdtr. skøytte 7 lb. i Skjervheim med bygsel og åsete gods til sonen Ola den yngre i 1711 mot at han tok på seg gjeld for 136 rd, og gav henne kår. 
     	Ola og Hallbjørg lånte 60 rd i 1746 hjå Daniel Sørbøen mot pant i 3 lb. gods. Ved makeskifte i 1751 bytte han Skjervheim mot halve Ruud og 50 rd frå Embrik Syverson Ruud. 	På skiftet etter Ola 1759 på Ruud var det 630 rd å dele på heil- og halv-sysken.
     	Hallbjørg gifte seg opp att med Syver Torson Finnesgarden. Garden Ruud vart seld på auksjon i 1759, og Hallbjørg fekk seg utlagt 232 rd av kjøpesummen på 512 rd. 	Hallbjørg gav seg inn hjå Aslak Håkonson Storedal i 1768 - ho gav eiga si mot kår. Dvs. til full eigedom utan påanke frå arvingane, ingen av dei var i stand til å ta Hallbjørg i omsorg. Hallbjørg stevna Asle Ruud 1769 for 13 rd som sto uoppgjort etter ein handel. (Ein hest, noko smør og ost.)
{1722} År: 1759
 
Lars Syverson Ruud      1727-
Foreldre: Syver Embrikson Sørbøen Ruud og Liv Syversdtr. Sørbøen.
Gm Ragnhild Rasmusdtr. Barskrind Ruud     1736-1760
Foreldre: Rasmus Olson Barskrind og Guri Knutsdtr. Nubgarden. 
Gm Barbro Olsdtr. Skjervheim Løyte     1743-1776s
Foreldre: Ola Nilsson søre Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. Medgarden.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ragnhild Larsdtr. Løyte    04.09.  1760-
*Barn i andre ekteskap
1. ... Larsson Løyte      1766-1766
2. Ragnhild Larsdtr. Løyte Tveito   03.05.  1767-1847
Gm Ola Olson myljo Tveito gnr. 55/10. G 1816 m enkjemann Tolleiv Syverson Barskrind Tveito gnr. 55/17.
3. Birgit Larsdtr. Løyte Ruud     1771-1826
Gm Nils Knutson søre Opheim til Ruud, gnr. 18/1.
4. Birgit Larsdtr. Løyte      1788-1817
Konfirmert i 1804. Død 29 år gamal i 1817.
Lars var enkjemann då han gifte seg 1763 med Barbro. Ein kjenner ikkje namnet på fyrste kona, men desse var fadrar i 1760: Embrik Skjervheim, Eirik Rikansrud, Knut Opheim, Knut Holgeson Ruds qv., Kari Halvorsdtr. Nubgarden. Lars fekk auksjonsskøyte på Ruud i 1759 for 527 rd.
     	I ein dugnad på Sehl kring 1760 stod Lars og spøkte med folk: "Skal tru om me ikkje kan skuve ein slik kakufant over ende?" Spøken var mynta på Nils Holo, - han var snøgg og dytta Lars overende på golvet. I oppstyret som fylgde vart Lars stukken i aksla med kniv. (1305) s 38
     	Dei selde Finnesgarden til Tomas Syverson Tufteslåtta Golberg i 1769. Pris: 700 rd. Barbro døydde i barselseng i 1776 33 år gamal. 
     	I 1782 makeskifta han Nystølen med Lars T. Opsata og fekk att stølen Urdene og 54 rd. Lars lånte 400 rd i 1784. Og i 1786 gjekk garden til auksjon etter krav frå Syver E. Skjervheim. 
     	Lars fekk slikt kår: framfødd 1 ku og 3 småfe; 1 tunne korn og varmt hus på garden.
{1723} År: 1786
 
Nils Embrikson Skjervheim    01.08.  1756-1803f
Foreldre: Embrik Syverson Ruud Skjervheim og Mari Nilsdtr. Skjervheim.
I 1786 vart Ruud eller Løyte seld på auksjon etter krav frå Syver E. Skjervheim, og Nils E. Skjervheim (bror til Syver) fekk tilslaget for 503 rd. Lars Ruud fekk slikt kår: framfødd 1 ku og 3 småfe; 1 tunne korn; varmt hus på garden. 
     	Nils selde garden i 1792. Han var ikkje i Ål i 1801. Død før 1803. 
{1724} År: 1792
 
Ola Olson Skjervheim Løyte   18.09.  1757-1821
Foreldre: Ola Nilsson Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. Medgarden.
Gm Anne Syversdtr. Sørbøen Løyte   11.12.  1768-1807
Foreldre: Syver Danielson Sørbøen og Birgit Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Margit Herbrandsdtr. Brennhovd TorpeSlåtta     1778-1861
Foreldre: Herbrand Halvorson Brennhovd og Kari Tolleivsdtr. Imre (Hemsedal), Gol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Olsdtr. Ruud    01.02.  1789-1801f
2. Ola Olson Ruud      1791-1834
G 1824 m Margit Olsdtr. Sehl. Sjå neste hushald.
3. Birgit Olsdtr. Ruud Semmen   28.09.  1794-
G 1820 m Ola Anderson Semmen-eie på Ringerike.
4. Birgit Olsdtr. Ruud      1797-
Gm Ole Monsen .. og busett på Enerhaugen i Kr.ania i 1831.
     Birgit var budeie fyrst på Fornebu og så på Hellerud i Aker. Det gjekk rykte om at ho skulle vera død i 1856.
5. Margit Olsdtr. Ruud    26.03.  1799-
I 1831 var Margit ugift og i tenest på Haslund i V. Bærum.
6. Daniel Olson Ruud    23.01.  1803-1810
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Olsdtr. Ruud Åsegarden   10.09.  1809-
G 1831 m Knut Olson Åsegard, gnr. 22/45. Sidan til Am.
2. Kari Olsdtr. Ruud Sehl   02.11.  1812-1876
G 1834 m Embrik Olson Sehl. Sjå Uppistugu Sehl, gnr. 45/3.
Ola og Anne gifte seg i 1789. Dei fekk skøyte på Løyte for 895 rd i 1792. Det var 121 rd å dele etter Anne i 1808. Ungane var mellom 4 og 15 år og Ola fekk løyve til å sitja i uskifta bu. Men då han ville gifte pånytt og ingen av samfrendane var 'competente' til å skifte, bad han han om skifte. 
     	Vidare ville han ha kopi av Kongens bevilling til å sitja i uskifta bu. Original-løyvet var stole, meinte Ola. I skiftet står det til slutt: 'Tollef Syversen (bror til Anne) har kranglet om alt det gikk an å krangle om'. (Han var gift med Ragnhild Larsdtr. Løyte. Sjå 1758-hushaldet.)
     	Ola gifte seg opp att med Margit Herbrandsdotter i 1808. Margit hadde vore gift med Ola Olson TorpeSlåtta. Det var 502 spd å dele etter Ola.
{1725} År: 1816
 
Ola Olson Ruud Løyte     1791-1834
Foreldre: Ola Olson Ruud Løyte og Anne Syversdtr. Sørbøen.
Gm Margit Olsdtr. Sehl Ruud   09.05.  1800-1864
Foreldre: Ola Person Uppistugu Sehl og Gro Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Ola Olson Løyte    11.09.  1824-1836
Ola døydde 12 år gamal.
2. Torkjell Olson Løyte Opheimsjorde   26.06.  1828-1893
G 1857 m Birgit Embriksdtr. Håkonsgard. Sjå Huserjordet, gnr. 22/71.
3. Ola Olson Løyte    16.02.  1832-1865
Ugift. Han gjekk på legd og døydde 1865.
Ola og Margit giftet seg i 1824. Det var forseinka skifte etter Ola i 1834. Grunna smittsam sjukdom i huset kunne ikkje registrering haldast før i oktober. Det var ingen krytyr på garden, og stugu og det meste av innbuet hadde gått med i ein brann nokre år sidan.
     	Margit selde garden som enkje i 1835. Pris 500 spd og slikt kår: 2 tunner bygg, 2 1/2 bism.pund av smør, ost og prim; varmt hus og fornøden hest til alle reiser.  (1544)469b
{1726} År: 1835
 
Knut Botolvson Opheim Løyte   04.10.  1795-1842
Foreldre: Botolv Knutson Opheim Dølahaugen og Ingeborg Knutsdtr. Halvorstølen.
Gm Birgit Olsdtr. Høgset Løyte     1798-1879
Foreldre: Ola Torkjellson Høgset og Borghild Herbrandsdtr. Bråtalien.
*Barn
1. Ingeborg Knutsdtr. Løyte    12.02.  1821-1842
2. Botolv Knutson Løyte Øygarden   20.03.  1823-1886
G 1847 m enkje Ågot Olsdtr. Gullhagen Øygarden 1802-1881. Sjå Øygarden, gnr. 33/2. Til Am. i 1882.
3. Ola Knutson Løyte    19.08.  1825-1899
G 1865 m Kari Torgeirsdtr. Juven. Sjå neste hushald.
4. Knut Knutson Løyte Sveinhaugen   09.12.  1828-
G 1858 m Anne Knutsdtr. Høgsetluten.  
     Knut var inderst i Løyte 1858 og sjølveigar på Sveinhaugen 1859. Til Amerika 1861.
5. Torkjell Knutson Løyte    19.12.  1831-1920
G 1863 m Kari Herbrandsdtr. Høgset. Barn: Birgit 1866-1867; Birgit 1868-1933 ug. sypike i Drammen; Guri 1872-1899 ug.; Anne 1875-1875; Anne 1876-1895 ug.; Knut 1880-1965  overtok Larsbråten, g 1904 m Birgit Larsdtr. Svartebråten; Gunhild 1883-1955 g 1920 m em Karl Johan Olson Helgerud, N. Eiker; Herbrand 1887-1887; Ingebjørg 1889-1978 til Am., g 1912 m Ingvald B. Knaldre.
     Torkjell og Kari budde på Larsbråten i Gol.
6. Herbrand Knutson Løyte Nedreskorr   01.06.  1834-1891
G 1862 m Borghild Herbrandsdtr. Høgset. G 1881 m Sissel Eiriksdtr. Berget. Sjå Nedreskorr, gnr. 35/10.
7. Borghild Knutsdtr. Løyte    15.06.  1837-
G 1861 m Ola Olson Sørbøen eller Billehuset 1833-  . Til Am. 1861.
8. Knut Knutson Løyte    04.02.  1841-
Til Am. 1861:
Knut og Birgit gifte seg i 1821. Birgit sat med garden fram til 1872, då sonen overtok. Ho selde unna Øvre Ørnedokken og Hagajordet.
{1727} År: 1872
 
Ola Knutson Løyte    19.08.  1825-1899
Foreldre: Knut Botolvson Opheimsjorde Løyte og Birgit Olsdtr. Høgset.
Gm Kari Torgeirsdtr. Opsataslåtta Løyte   08.10.  1844-1895
Foreldre: Torgeir Sindreson Juven Opsataslåtta og Borghild Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Løyte Tveitehagen   24.07.  1865-1899
G 1898 m Ola Vebjørnson Tveitehagen, gnr. 55/12.
2. Borghild Olsdtr. Løyte    18.01.  1868-1884
3. Knut Olson Løyte    19.09.  1870-1871
4. Ingeborg Olsdtr. Løyte    15.10.  1871-1905
G 1892 m Ola Sveinson Martehaugen Løyte. Sjå neste hushald.
5. Kari Olsdtr. Løyte    24.10.  1874-1877
6. Kari Olsdtr. Løyte    30.12.  1877-1880
7. Knut Olson Løyte    26.09.  1880-1916
Ug.
Ola og Kari gifte seg i 1865. Ola panta bort ein skogrem i Ørnedokklie på 40 år, og han selde frå langstølen. I 1897 selde dei garden til svigersonen. 
{1728} År: 1897
 
Ingeborg Olsdtr. Løyte    15.10.  1871-1905
Foreldre: Ola Knutson Løyte og Kari Torgeirsdtr. Juven (Opsataslåtta).
Gm Ola Sveinson SkjerpingHaugen Løyte   29.07.  1866-1920
Foreldre: Svein Olson Skjerpinghaugen Medhushaugen og Birgit Larsdtr. Ruud.
*Barn
1. Svein Olson Løyte    17.01.  1892-1922
G 1921 m Borghild Herbrandsdtr. Nedreskorr. Sjå neste hushald.
2. Birgit Olsdtr. Løyte    10.09.  1894-1916
Birgit reiste truleg til Våle i 1912.
3. Kari Olsdtr. Løyte    07.08.  1897-1907
Kari døydde ung av gikftfeber.
4. Borghild Olsdtr. Løyte Kleivstølen   21.01.  1901-1979
G 1921 m Nils Syverson Kleivstølen, gnr. 34/4.
5. Ingeborg Olsdtr. Løyte    16.08.  1904-1906
Ola og Ingeborg gifte seg i 1892. Dei bygde stugu og selde unna hamnerett på Nystølen til Rud for 5 storfe og 10 småfe.