Ragnhildrud gnr. 25 bnr. 13
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Ragnhildrud gnr. 25 bnr. 13-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Ragnhildrud vart frådelt Rud i 1951.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål, beite 21 mål som vert lånt bort. Våningshus bygt 1908, påbygt og rest. 1960, loft frå tidleg 1800-talet, eldhus/smie frå slutten av 1700-talet, gamal tømmerlåve med fjøs, atelier 1963.
    Kunstnaren Rolf Nesch, som kom til Noreg i 1933, budde og arbeidde i Ragnhildrud 1951-72. Ragnhildrud vert no nytta til feriebustad.