Luten gnr. 26 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Luten gnr. 26 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden Luten er ein del ('lut') som vart frådelt Høgset i 1812. Garden var også kalla Høgsetslåtta eller Høgsetluten. Mot aust grendar Luten til Løyte.
    Areal 1865: åker 6 mål, naturleg eng 14 mål, utslått 16 mål. Avling: 4 1/2 tunne bygg, 6 tunner potet.
    Hallingstugu frå 1817, påbygd omkr. 1870, stabbur med loft, eldhus (tidlegare våningshus på Dokken), kornlåve, høylåve med fjøs, stall og vognskjul frå omkr. 1870.
    Stølar: heimstøl Holu på Heimåsen, langstøl på Trettestølane. Tidlegare var også Hagajorde og Høgsetslåtta brukt som heimstølar.
    I 1965 vart Luten delt opp og selt. Tunet fekk bnr. 26 og vart selt som feriestad til bilethoggar Fritz Røed. Innmarka vart selt til eigaren av Løyte, skogen (bnr. 14) vart selt til Asle Medgard og langstølen (bnr. 3) til Skjervheim.
   

{1762} År: 1812

Asle Larsson Opsata Holo 1789-1851
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Randi Aslesdtr. øvre Medgarden
Gm Birgit Olsdtr. Svillegarden Skjervheim 01.02. 1789-1864
Foreldre: Ola Torgeirson Løkensgard Svillegarden og Guri Olsdtr. Skjervheim.

I 1822 makeskifta Asle Larsson Høgset Høgsetstølen med broren Tolleiv Oppsata, og fekk att Nedre Slåtta.
    Asle og Birgit Olsdtr. gifte seg i 1834. Ingen barn. Birgit var barnlaus enkje etter Anders Olson Ulshagen Skjervheim. Asle døydde på Holo i 1851.

{1763} År: 1823

Knut Nilsson Krosshaug Luten 15.05. 1785-1856
Foreldre: Nils Hermannson Krosshaug og Kari Olsdtr. Gullhagen.
Gm Anne Persdtr. Kvelprud Luten 1786-1869
Foreldre: Per Torkjellson Kvelprud og 2.g Anne Tolleivsdtr. Bjella.
*Barn
1. Kari Knutsdtr. Luten 16.02. 1817-
Gm Torgeir Torgeirson Tangeviken Sveinsgarden. Barn: Ågot 1854- ; Halvor 1840- ; Ågot/Julia 1842c- ; Tilda 1864c- ; Emma 1867c- ; Sarah 1871c- ; Tom 1878c- . (1595)
    Til Am. i 1857: La Crosse, Wisconsin.
2. Nils Knutson Luten 06.07. 1819-1881
G 1852 m Kari Steingrimsdtr. Ruud. Sjå neste hushald.
3. Birgit Knutsdtr. Luten 19.03. 1822-1825
4. Anne Knutsdtr. Luten Sveinhaugen 13.04. 1825-
Gm Knut Knutson Løyte. Sjå Sveinhaugen. Til Amerika 1861.

Knut og Anne gifte seg i 1816. Han var ute i krigen 1807-14.
    Ei sørgeleg kjærleiks-soge trykt i Hallingen i 1920 kan ha tilknyting til Knut. Segna lyder slik:
    Knut Krosshaug var trulova med ei Mari Krosshaug, men foreldra hans nekta giftarmål. Ho var ikkje av god nok ætt. Men dei to heldt fast ved kvarandre og ville vente til foreldra hans var døde. Mari tok seg tenest på Hamnor i Hole. Segna fortel at Knut spelte fele, og til trøyst laga han ein lått dei kalla "Med me ventar".
    Men foreldra hans gjekk og harma seg over at sonen ikkje ville gifte seg. Så fann dei på råd. Dei fekk ein hestehandlar til å legge vegen innom i Hole og setja ut det ryktet at Knut var død. Då Mari omsider kom seg gjennom sorga, då kom der ein ny friar, og ho let livet gå vidare.
    Jonsok-kvelden kom Knut til Hole for å vitja Mari. Han fekk spurt seg fram til stølen der Mari var, og visste inkje om intriga til foreldra. Han sette seg i skogkanten ved ein dansarfet der ungdomen var samla, og tok til å spela "Med me ventar". Då dei kjende tonane fløymde fram over dansarfeten, vart Mari bleik som snø. Då Knut kom fram, skreik ho ende over seg, sprang av stad og vart borte i jonsoknatta.
    Mari vart aldri meir funnen, men ei sølje kom for dagen ved Gyrihaug-tjødna. Folket på Hamnor kunne stadfeste at sølja hadde tilhøyrt Mari Krosshaug. (1408) s 625
    Som nygifte budde dei i Kvelprud fyrst og sidan på Krosshaug. Før 1822 var dei komne til Løyte og sidan på Høgsetslåtta.

{1764} År: 1850

Nils Knutson Høgsetslåtta 06.07. 1819-1881
Foreldre: Knut Nilsson Krosshaug Løyte Høgsetslåtta og Anne Persdtr. Kvelprud.
Gm Kari Steingrimsdtr. Ruud Høgsetslåtta 08.03. 1825-1898
Foreldre: Steingrim Tidemannson Narum Ruud og Ragnhild Eiriksdtr. Kolsrud (Flå).
*Barn
1. Knut Nilsson Luten 28.02. 1852-____
Truleg til Am. 1871: Milwaukee, MN.
2. Steingrim Nilsson Luten Ruud 21.02. 1854-1927
G 1890 m Ambjørg Olsdtr. Slettemoen. Steingrim hadde Luten nokre år utan heimel. Sjå Rud, gnr. 25/1.
3. Anne Nilsdtr. Luten 29.01. 1857-1884
Ug.
4. Per Nilsson Luten 27.11. 1859-1921
Sjå neste hushald.
5. Nils Nilsson Luten 25.01. 1863-1875
Ein gut or Luten skulle få ha si eiga geit om vinteren. Medan han dreiv og gjætte ved Grytingen, ville han sanke vinterfor til geita. Det fine graset som vaks oppi skorrene i Grytingen var freistande. Men då guten tøygde seg utover, glapp taket og han fall utover og slo seg i hel. Nils døydde 15. august. (Ål III s 333)

Nils kjøpte Luten i 1850. Nils og Kari gifte seg i 1852.