Slåtto gnr. 26 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Slåtto gnr. 26 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sindreslåtta eller Slåtto har opphavleg lege under Høgset. Sidan kom bruket under Skjervheim der det vart frådelt som Skjervheimslåtta 35/5 i 1863. Ein del av eigedomen var stølen/husmannsplassen Tretteslåtta som opphavleg låg under Opsata. Opsataslåtta og Høgsetslåtta vart kjøpte og slegne saman i åra mellom 1833 og 1846.
    I dag vert bruket kalla Slåtto. NB. Slåtto har gnr. 35/5 i matrikkelen i dag, men av omsyn til eigedomshistoria vert eigedomen plassert under Høgset, gnr. 26.
    Areal 1865: åker 11 mål; naturleg eng 8 mål, utslått 14 mål.
   

{1769} År: 1834c

Torgeir Sindreson Juven Slåtto 01.12. 1799-1885
Foreldre: Sindre Embrikson Hagaplassen u/Sundrehagen Juven og Rønnaug Knutsdtr. Baklien.
Gm Borghild Olsdtr. Kvinnegard Opsataslåtta 02.02. 1800-1875
Foreldre: Ola Ivarson Ellingsgard Kvinnegard og Kari Syversdtr. Ødelien.
*Barn
1. Rønnaug Torgeirsdtr. OpsataSlåtta TormodsgardJordet 20.08. 1834-1924
G 1858 m Botolv Olson Tormodsgardsjorde, gnr. 31/22.
2. Sindre Torgeirson Opsataslåtta Slåtto 22.06. 1837-1920
G 1867 m Haldis Halvorsdtr. Sehl. Sjå neste hushald.
3. Kari Torgeirsdtr. Opsataslåtta Løyte 08.10. 1844-1895
G 1865 m Ola Knutson Løyte, gnr. 25/2.

Torgeir og Borghild gifte seg i 1833. Dei var brukarar på Tretteslåtta/Opsataslåtta fyrste åra. Sidan kjøpte dei Høgsetslåtta i 1846. Ei Birgit Knutsdtr. Sindreslåtta fekk korn på kassa i 1846. Det var truleg ei tenestjente/inderst frå Løyte.

{1770} År: 1881

Sindre Torgeirson Opsataslåtta Slåtto 22.06. 1837-1920
Foreldre: Torgeir Sindreson Juven Opsataslåtta og Borghild Olsdtr. Kvinnegard.
Gm Haldis Halvorsdtr. Sehl Slåtto 05.02. 1840-1931
Foreldre: Halvor Olson Sehl og Birgit Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Torgeir Sindreson Slåtto 27.02. 1868-1915
G 1902 m Margit Embriksdtr. Medgard. Sjå neste hushald.
2. Borghild Sindresdtr. Slåtto SataSlåtta 05.02. 1870-1901
G 1898 m Ola Torsteinson Sørbøen Røyseplass Sataslåtta, gnr. 32/18.
3. Halvor Sindreson Slåtto 02.10. 1871-1873
4. Halvor Sindreson Slåtto 03.02. 1875-____
5. Birgit Sindresdtr. Slåtto Sehl 28.12. 1876-1970
G 1902 m Lars Botolvson Tormodsgardsjordet Bergahagen Sehl. Sjå Nordistugu Sehl, gnr. 45/2
6. Haldis Sindresdtr. Slåtto Opsata 19.06. 1879-1967
Gm Olav Håkonson Opsata Sehl. Sjå Sehl Nordistugu, gnr. 45/2. Sidan til Modum.
7. Kari Sindresdtr. Slåtto Ulshagen 29.12. 1881-1930
G 1908 m Nils Olson nordre Ulshagen, gnr. 109/1.
8. Rangdi Sindresdtr. Slåtto 05.04. 1885-1972
Ugift. Husarbeid.

Sindre og Haldis gifte seg i 1867. Sindre var gardbrukar og rokkedreiar. I 1863 kjøpte han øvre og nedre Slåtten 35/4 og ein skogrem for 410 rd.