Kolbjørnsgard gnr. 27 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kolbjørnsgard gnr. 27 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kolbjørnsgard ligg midt i Liagardane. Dette var nok Kolbjørn sin del av den gamle opphavsgarden Lid. Innmarka grensar mot nordre Sørbøen i sør, mot Tormodsgard i vest og mot Medgard i nord. Landskyld 1557: 8 kalvskinn 1 album. Garden vart skattlagt som halvgard, og hadde ei landskyld på 12 (11 2/5) laupsbol. Som brukar av krongods i 1588, skulle bonden levere 1 ku annakvart år. Dertil kom årleg skatt på 8 (kalv-)skinn og 'frelse' 1 album.
    Kolbjørnsgard var krongods fram til 1663. Sidan låg garden i eiga til pengefolka Knoff, Tolder og Hausmann fram til 1722, då bonden rykte opp frå leiglending til sjølveigar. Ei tid på 1600-talet var det to eigarar jamsides, men ein ser ikkje nokon fysisk deling av garden før i 1950.
    Det var gardsyn på Kolbjørnsgard i 1728. Husa var: ei gamal stugu, gamal låve, gamal bu m/trev. (1072) s 35 I det gamle tunet ('Lid'), ned for noverande låve, låg tuna for gardane Tormodsgard, Kvelprud og Kolbjørnsgard i klynge.
    I 1850-åra vart tunet flytta opp til noverande stad.
    Areal 1865: dyrka jord 28 mål; udyrka 24 mål; fjellslått 20 mål. Avling: 29 tunner bygg og 28 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 135 mål, anna areal 70 mål, produktiv skog 400 mål. Buskap: 18 mjølkekyr, 25 ungdyr.
    Våningshus bygt 1992, kårhus 1976, loft 1912, låve 1957, ombygd 1974.
    Stølar: Heimstøl på Aunset. Før utskiftinga hadde Kolbjørnsgard støl på Åsetno. Langstøl er Ellingstølen på Nystølane. Stølane vart oppdyrka på 1950-talet og utover. Stølen Vesleset vart frådelt og ligg no til Bjørnstad.
    Frådelt i 1950: bruket Bjørnstad bnr. 3. Det synest ikkje å ha vore nokon husmannsplassar under Kolbjørnsgard. Truleg kjem det av den lange perioden då garden var leiglendingsbruk under konge og pengefolk.
    Den nyare delen av denne framstillinga er skriven med god støtte i 'Kolbjørnsgardslekta' (1995) av Torkjell Kolbjørnsgard.
   

{1785} År: 1796

Nils Torkjellson Kolbjørnsgard 29.07. 1747-1800
Foreldre: Torkjell Nilsson Kolbjørnsgard og Birgit Nilsdtr. Krosshaug.
Gm Guri Persdtr. Sehl Kolbjørnsgard 09.02. 1775-1847
Foreldre: Per Halvorson Opheim (Garden) Sehl og Margit Embriksdtr. Sehl.
*Barn
1. Torkjell Nilsson Kolbjørnsgard ...... 1800-1801

Nils kjøpte garden 1796 for 500 rd. Nils og Guri gifte seg i 1800.
    Nils døydde alt hausten 1800. På skiftet var det 116 rd å dele. Far hans kravde at retten skulle ordne med ein høveleg kar til å kausjonere for kåret og forsvarleg oppvartning, ettersom enkja var han ung og framand. Bjørn Tormodsgard vart kausjonist.
    Enkja skulle få bruke ein åker sør i haugen i to år. Dessutan skulle ho ha ei tylvt bord som låg ved saga. Guri Persdatter vart attgift med Håkon Eirikson Gullhagen Ruud, gnr. 95/5.

{1786} År: 1800

Ola Torkjellson Kolbjørnsgard Høgset 30.07. 1758-1820
G 1797 m Borghild Herbrandsdtr. Bråtalien. Foreldre: Torkjell Nilsson Kolbjørnsgard og Birgit Nilsdtr. Krosshaug.

Truleg brukte Ola Torkjellson garden ei tid saman med enkja Guri Persdtr. Dei kom til Høgset i 1805. Sjå gnr. 26/1.

{1787} År: 1802

Ivar Torkjellson Kolbjørnsgard 05.09. 1745-1818
Foreldre: Torkjell Nilsson Kolbjørnsgard og Birgit Nilsdtr. Krosshaug.
Gm Ragnhild Halvorsdtr. Grøv Kolbjørnsgard 1760-1802
Foreldre: Halvor Anderson Grøv, og Birgit Rasmusdtr. ..., Hemsedal.
*Barn
1. Birgit Ivarsdtr. Kolbjørnsgard 1783-
Gm ... ... . Busett ved Blåfargeverket i 1856. Utflytt til Tønsberg.
2. Birgit Ivarsdtr. Kolbjørnsgard 1785-
Familien hadde ikkje høyrt frå henne på 30 år i 1856.
3. Guri Ivarsdtr. Kolbjørnsgard Tveitejordet 1786-1857
Gm Nils Torgeirson Løkensgard Løyte Tveitejordet. Sjå der.
4. Anne Ivarsdtr. Kolbjørnsgard 1788-
Ugift. Budde i Eiker eller Lier. Død før 1856. Barn: Nils 1815c- , busett nær Drammen.
5. Torstein Ivarson Kolbjørnsgard Sørbøenston 13.09. 1789-1856
G 1832 m enkje Birgit Håkonsdtr. nedre Sørbøenston, gnr. 23/8.

Ivar og Ragnhild gifte seg i 1779. Han var soldat i 1780.
    Dei budde i Ruud i Liagardane, i Kolbjørnsgard i to periodar og på Arnegard ca 1788. Så kjøpte dei slåtta Skardet på Rotneim i 1797 for 109 rd, og bygde opp bruket.
    I 1802 selde dei Skardet til Anders Olson for 299 rd, og flytta attende til Kolbjørnsgard saman med ungane. Ivar hadde stevna enkja etter Nils Torkjellson, og løyste no Kolbjørnsgard for 540 rd. Så selde Ivar og broren Ola garden til den yngre broren Nils i 1804.

{1788} År: 1804

Nils Torkjellson Kolbjørnsgard 11.10. 1761-1840
Foreldre: Torkjell Nilsson Kolbjørnsgard og Birgit Nilsdtr. Krosshaug.
Gm Kari Larsdtr. Opsata Kolbjørnsgard 09.01. 1785-1871
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Randi Aslesdtr. øvre Medgarden.
*Barn
1. Torkjell Nilsson Kolbjørnsgard 04.01. 1807-1841
G 1832 m Anne Olsdtr. Skjervheim. Sjå neste hushald.
2. Lars Nilsson Kolbjørnsgard 18.08. 1808-1845
Barn m/Ingeborg Olsdtr. Reiersgard Bergahagen: Anne 1842-1928 gm Eirik E. Dølahaugen.
    Då Lars vart sjuk sumaren 1845, var kreditorane raske. Dei strøymde til og tømde buet for sikkerheits skuld. Lars hadde att berre gangkleda, ein skinnfeld, eit grev og nokre matfat. Han døydde kort tid etterpå. Skiftet var 15. september.
3. Nils Nilsson Kolbjørnsgard Berget 06.10. 1813-1854
G 1849 m Margit Eiriksdtr. Nedreskor. Sjå Berget, gnr. 23/12.
4. Birgit Nilsdtr. Kolbjørnsgard Eikre 01.11. 1816-
G 1841 m Håkon Olson Eikre, Hemsedal. Til Amerika.
5. Rangdi Nilsdtr. Kolbjørnsgard 08.03. 1819-1819
6. Guri Nilsdtr. Kolbjørnsgard 08.03. 1819-1819
7. Rangdi Nilsdtr. Kolbjørnsgard Børtnes 08.11. 1820-1914
G 1855 m enkjemann Knut Guttormson Børtnes 1811-1861. Barn: Nils 1856-1937 g 1888 m Ingeborg Olsdtr. Sjåheim (6 barn).
    Rangdi og Knut budde på Nes. Som enkje reiste ho til Am. 1877 med sonen Nils, og budde hjå syster si ... i Lansing, Iowa dei fyrste tre åra.
    Rangdi og Nils tok seg kvar sin quart med land i McKinnock, Blooming Prairie, ND og sette huset midt over delet. Så slapp dei med eitt hus. Ho er gravlagt ved Nes Lutherske kyrkje, Blooming Prairie. (1243)
8. Guri Nilsdtr. Kolbjørnsgard ...... 1824-1824
9. Guri Nilsdtr. Kolbjørnsgard Skjervheim 16.09. 1825-
G 1858 m Ola Nilsson Skjervheim. Barn: 5. Sjå Nedre Skjervheim, gnr. 35/3. Dei reiste til Am. ca 1859: Rassville, Allamakee Co. Iowa.

Før ekteskapet hadde Nils eit barn med Margit Tolleivsdtr. Kvammen: Embrik 1799- ukjent, truleg død liten. Nils og Kari gifte seg i 1805.
    Ein laurdagskveld då Nils var på veg på stølen, høyrde han det huga borte i eit briskekjørr. Det minna om mannsmål, men sikker var han ikkje. Nils kasta ein stein bort i kjørret og ropte:
    "Vil du kji koma, so kan du vera der !"
    Då bykste det fram ein stor bjørn or kjørret, og Nils la til sprangs berrføtt. På slett mark drog bjørnen innpå, men Nils heldt eit lite forsprang til han kom inn på ein heimstøl. Der smatt han opp på eit trev. Men bjørnen brumma og rusla på heile natta. Det var lyse dagen før Nils kom seg vidare til stølen. ... (1408)

{1789} År: 1834

Torkjell Nilsson Kolbjørnsgard 04.01. 1807-1841
Foreldre: Nils Torkjellson Kolbjørnsgard og Kari Larsdtr. Opsata.
Gm Anne Olsdtr. Skjervheim Kolbjørnsgard 09.07. 1809-1884
Foreldre: Ola Nilsson Krosshaug Skjervheim og Mari Syversdtr. myljo Skjervheim.
*Barn
1. Nils Torkjellson Kolbjørnsgard 15.07. 1833-1901
Ugift. Nils budde i Berget. Nils lånte bort kr. 850 til stefar sin.
2. Ola Torkjellson Kolbjørnsgard 14.09. 1836-
G 1871 m Birgit Syversdtr. Moen. Inderstar på Skjervheim. Sjå Inderstar. Til Am. 1881: Canton, SD.
3. Kari Torkjellsdtr. Kolbjørnsgard Galstad 05.01. 1840-1870c
Gm Johannes Olson Galstad. Barn: Anne Marie 1866c; Thea Geoline 1867c. Til Am. i 1881: Luverne, MN. Død før 1871.

Torkjell og Anne gifte seg i 1832. Dei overtok garden i 1834.
    Anne vart attgift med 1842 med Ola Olson Sehl. Sjå neste hushald. (1345)

{1790} År: 1843

Anne Olsdtr. Skjervheim Kolbjørnsgard 09.07. 1809-1884
Foreldre: Ola Nilsson Krosshaug Skjervheim og Mari Syversdtr. Skjervheim.
Gm Ola Olson Sehl Kolbjørnsgard 24.09. 1819-1906
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedeld søre Sehl og Haldis Halvorsdtr. Sehl.
*Barn
1. Torkjell Olson Kolbjørnsgard 17.10. 1844-1844
2. Torkjell Olson Kolbjørnsgard 03.03. 1846-1846
3. Mari Olsdtr. Kolbjørnsgard Kolsrud 12.12. 1847-
Gm Ola Arneson Rotneim Kolsrud. Barn: 7. Dei var i Sataøyen 1865-1869. Reiste så til Gol 1877 med 4 barn. Sjå søre Kolsrud, gnr. 14/1. Til Am. (1345)
4. Haldis Olsdtr. Kolbjørnsgard 14.11. 1851-1852
5. Torkjell Olson Kolbjørnsgard Høgset 06.10. 1853-1936
Gm enkje Margit Hermannsdtr. Høgset. Gm Ingeborg Aslesdtr. Arnegard. Sjå Høgset, gnr. 26/1.
    Torkjell hadde lånt bort pengane sine til far sin, og dei fekk han aldri att. Såleis kunne ikkje Torkjell overta Kolbjørnsgard.

Sjå førre hushald. Då fyrste ektemannen Torkjell låg på det siste, skal han ha sagt til Anne: "Koss det no blir, so må du Anne behalde tenestguten og hesten!" Ho Anne fylgde rådet, og gifte seg opp att med tenestguten i 1843. (1345)
    Ola Olson vart kalla 'Kolbjørnsgardsmannen'. Han flytta tunet ut or krullen der 'Lid-gardane' låg frå gamalt, og bygde ny stugu i noverande tun kring 1858.
    Det gjekk gale då Ola og Anne kausjonerte for svigersonen Ola Arneson Rotneim. Han gjekk konk, og Ola og Anne måtte gå frå garden. Dei siste leveåra budde Ola i ei stugu nede ved Gullhagen.

{1791} År: 1884

Ola Torkjellson Vesleset Kolbjørnsgard 03.04. 1847-1933
Foreldre: Torkjell Olson Høgset Vesleset og Gunhild Nilsdtr. Krosshaug.
Gm Borghild Larsdtr. Opsata Kolbjørnsgard 16.07. 1858-1938
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Margit Halvorsdtr. Garden Opheim.
*Barn
1. Torkjell Olson Kolbjørnsgard 11.04. 1882-1972
G 1911 m Turid Nilsdtr. Helling. Sjå neste hushald.
2. Gunhild Olsdtr. Kolbjørnsgard 26.08. 1883-1911
Ho reiste til Amerika saman med broren Tolleiv i 1908. Ugift sjukepleierske.
3. Margit Olsdtr. Kolbjørnsgard 23.01. 1886-1886
4. Lars Olson Kolbjørnsgard 29.01. 1887-1970
Ug. Til Am. i 1906: farmar ved Minneapolis, MN.
5. Tolleiv Olson Kolbjørnsgard 14.11. 1889-1934
Tolleiv reiste til Amerika i 1908 og var farmar ei tid i N-Dakota. Tolleiv fekk lungebetennelse, og vann aldri att full helse.
    Tolleiv kom heim att i 1920-åra og dreiv mykje med fotografering. Tolleiv dreiv ihuga med grønsakdyrking ei tid. Han hadde drivhus, og bar vatn or olda nede i jordet. Så slo sjukdomen til att, og han døydde på sanatorium i Lier, berre 45 år gamal.
6. Nils Olson Kolbjørnsgard 14.07. 1892-1986
Nils skulle til Amerika i unge år, men ferda stoppa i England grunna manglande papir. Nils måtte berre reise heim att. Så dreiv han med snikkering og ymse onnearbeid nokre år.
    Nils var religiøs og vart med i Smiths Venner. Ein gong fyrst i 1930-åra reiste han til Amerika for andre gong, og vart farmar i nærleiken av systera Anne. Det vart fortalt at Nils tok ingen sjansar med TV-apparatet på sine gamle dagar. Han sette seg bak apparatet og glytte inn på skjermen med ein spegel så ingen av kjendisane skulle sjå han.
7. Margit Olsdtr. Kolbjørnsgard Rangdiplass 01.03. 1895-1968
Gm Lars Skjerping Rangdiplass. Sjå Bergunn, gnr. 12/17. I unge år var ho hushjelp i Oslo.
8. Borghild Olsdtr. Kolbjørnsgard 17.06. 1897-1935
Ug. Borghild var hushjelp i Oslo. Og der var det flott. Ho vitja barndomsheimen i permanent og høghæla sko. Far hennar tykte antrekket høvde dårleg på den gamle Liagardsvegen.
9. Halvor Olson Kolbjørnsgard 31.10. 1899-1901
Som spedbarn hadde Halvor kome seg halvnaken ut i snøen ein dag. Han vart sjuk og døydde.
10. Anne Olsdtr. Kolbjørnsgard Råen 07.11. 1904-1993
G 1925 m Sevat Anderson Råen. Sjå Tveitemoen, gnr. 121/2. Til Am. i 1929.

Ola og Borghild gifte seg i 1881. Dei hadde meint å reise til Amerika våren 1885, men så kom Kolbjørnsgard på auksjon hausten 1884.
    I unge år hadde Ola drive noko handel. No slo han til og kjøpte Kolbjørnsgard for 8260 kr i staden for å emigrere. Ola var soneson til Ola Torkjellson i 1800-hushaldet.
    Ola og Borghild bygde nytt fjøs og vølte låven. Og på Ellingstølen vart det ny bu. Dei la helletak på mange av husa på garden. (Hellene kom frå hellebrotet på Nystølen.)
    I 1905 kjøpte dei Vesleset av mor hans.