Vesleset gnr. 27 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vesleset gnr. 27 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Vesleset vart frådelt Kolbjørnsgard som støl i 1849. Eigedomen utgjorde 1/5 part av Kolbjørnsgard. Frå 1850 til 1905 var Vesleset eit eige bruk.
    Areal 1865: dyrka jord 14 mål; udyrka 4 mål. Avling 1 1/2 tunne bygg og 2 tunner potet. 'Vanskeleg tilkomst'.
    Frå 1905 kom eigedomen under Kolbjørnsgard att. I dag ligg Vesleset under Bjørnstad og vert brukt som heimstøl.
   

{1795} År: 1849

Torkjell Olson Høgset Vesleset 16.06. 1815-1897
Foreldre: Ola Torkjellson Kolbjørnsgard Høgset og Borghild Herbrandsdtr. Bråtalien.
Gm Gunhild Nilsdtr. Krosshaug Vesleset 28.11. 1821-1909
Foreldre: Nils Hermannson Krosshaug og Guri Nilsdtr. Sveinsgard.
*Barn
1. Ola Torkjellson Vesleset Kolbjørnsgard 03.04. 1847-1933
G 1881 m Borghild Larsdtr. Opsata. Sjå neste hushald og Kolbjørnsgard.
2. Nils Torkjellson Vesleset Eilevmoen 11.09. 1850-1922
G 1902 Kari Strand 1885-1967. Barn: Gunhild 1903-1991 g 1937 m Ola Guttormson Haugeplass, busett på Torpo (1 barn); Ola 1906- på Eilevmoen i Gol, g 1937 m Margit Olsdtr. Stølen, Ål (6 barn); Birgit 1910- g 1938 m Knut Bergene, N. Aurdal, busett på Leira (2 barn); Borghild 1915-1983, busett i Oslo; Anne 1919- gm Bjarne Rosness, Stokkmarknes, busett i Oslo (1 barn).
    Nils var handelskar m.m. Dei budde på Eilevmoen i Gol.
3. Torkjell Torkjellson Vesleset 02.11. 1853-
G 1882 m Dordei Knutsdtr. RikansrudSletto. Barn: Torkjell 1883- på glasverket; Syver 1885- ; Gunhild Marie 1895- født i Haug på Ringerike; ...
    Dordei vart kalla Hette-Dordei. Ho laga hetter for sal. Torkjell dreiv fehandel og markarbeid og budde m.a. på Bjørge i Sande ei tid. Sidan reiste han til Amerika.
4. Guri Torkjellsdtr. Vesleset Kleivstølen 17.09. 1857-1900
G 1882 m Syver Hermannson Breibrenna Kleivstølen, gnr. 34/4.
5. Hermann Torkjellson Vesleset 03.04. 1861-
G 1894 m Liv Nilsdtr. Rotebakkdokken. Barn: 'Nic A. Rudd' ....- gm ... ... (2 barn).
    Hermann handla med fe. Han reiste til Am. før 1897 og var farmar i Benson Co, ND. Hermann og Liv vart separerte i 1904. Hermann var heim att ein tur i 1909. Systera Borghild vart med attende til farmen hans.
    I eit brev frå 1922 opplyste Herman at han kjøpt automobil til 1400 daler, og at han hadde 9 hestar og 15 storfe. På sine gamle dagar skreiv Hermann at han kunne ikkje gløyme sine 'uforstandige unge år'. Om han hadde kunna levd dei opp att så skulle det 'blive en mer beskjeden Vandel'. (Frå Am. brev v/O. Hagen)
6. Borghild Torkjellsdtr. Vesleset 31.12. 1866-1928
Barn med Gustav Hansen Gjørud, Norderhov (slektning til Hans Gjørud): Torkjell 1901-1966 ugift.
    (Torkjell fekk arve onkelen sin Hermann ved å lova at han skulle halde seg unna kvinnfolk!). Borghild reiste til Amerika i 1909. Truleg budde ho hjå broren Herman i Benson Co, ND.

Torkjell og Gunhild gifte seg i 1845. I 1849 vart stølen Vesleset delt frå Kolbjørnsgard, og skyldsett som 1/5 del av garden. Torkjell fekk skøyte same året.
    Som enkje selde Gunhild bruket i 1905 til sonen Ola, som då hadde kjøpt Kolbjørnsgard. Dermed var garden samla att. (921)
    Gunhild budde i Kolbjørnsgard hjå sonen dei siste åra. Stugu i Vesleset var trekkfull og kald.